Hopp til innhold
Forskriftsendring
Fiskeridepartementet

Forskrift om endring i forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn

LTI/forskrift/2012-12-11-1191·Kunngjort 13. desember 2012·Journalnr. 2012-0979

I kraft fra: 2013-01-01

I

I forskrift 18. desember 2008 nr. 1436 om manntal for fiskarar og fangstmenn vert det gjort følgjande endringar:

Vedkomande har på årsbasis ei brutto inntekt frå fiske eller fangst i havet av fisk, krepsdyr, blautdyr eller småkval som svarer til minst 50 000 kroner. Brutto inntekt frå fiske eller fangst svarer til brutto lottinntekt til skattlegging for lottmottakarar, og 2/3 av brutto omsetning fråtrekt eventuelle salskostnader for einefiskarar. Vedkomande er ikkje sysselsett i full verksemd i anna yrke eller næring enn fiske og fangst og anna hausting av viltlevande marine ressursar. Det er å rekne som full verksemd dersom ein har ei arbeidstid på 2/3 eller meir av det som er vanleg i vedkomande yrke eller næring. Det er også å rekne som full verksemd dersom inntekta på årsbasis overstig 350 000 kroner. Dersom vedkomande er omfatta av eit verkeområde som svarer til verkeområdet til Sametinget si ordning med søkjarbaserte tilskot til næringsverksemd, eller busett i kommunar der heile befolkninga er omfatta i heile eller delar av kommunen, er inntektsgrensa 450 000 kroner. Som inntekt i anna yrke eller næring er å rekne summen av brutto lønnsinntekt, netto næringsinntekt påplussa eventuelle fondsavsetningar og kapitalinntekter. Pensjonsinntekt skal reknast med med mindre det dreier seg om fiskarpensjon eller om alderspensjon for personar under 75 år som har vore registrert i manntalet samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra.

§ 4 (endra) skal lyde:

Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 3 nr. 4–nr. 6 for personar som tek imot alderspensjon eller uførepensjon etter ein uføregrad på 60 % eller høgre, anten dersom dei har hatt fiske eller fangst i havet av fisk, krepsdyr, blautdyr eller småkval som hovudyrke i fem av dei siste 20 åra før overgang til pensjon, eller dersom særlege høve tilseier det når dei i det vesentlege av sitt yrkesaktive liv har oppfylt vilkåra for opptak på blad B. Det er eit vilkår at vedkomande tidlegare har vore registrert i fiskarmanntalet, og at vedkomande ikkje har inntekt frå anna yrke eller næring som overstig 250 000 kroner. Dersom vedkomande er omfatta av eit verkeområde som svarer til verkeområdet for Sametinget si ordning med søkjarbaserte tilskot til næringsverksemd, eller busett i kommunar der heile befolkninga er omfatta i heile eller delar av kommunen, er inntektsgrensa 350 000 kroner.

Vedkomande har på årsbasis ei brutto inntekt frå fiske eller fangst i havet av fisk, krepsdyr, blautdyr eller småkval som svarer til minst 100 000 kroner. Brutto inntekt frå fiske eller fangst svarer til brutto lottinntekt til skattlegging for lottmottakarar, og 2/3 av brutto omsetning fråtrekt eventuelle salskostnader for einefiskarar. Som inntekt frå fiske eller fangst er også å rekne sjukelønn og garantilott og a-trygd i fiske eller havari eller liknande. Vedkomande er ikkje sysselsett i full eller avgrensa verksemd i anna yrke eller næring enn fiske og fangst og anna hausting av viltlevande marine ressursar. Det er å rekne som full eller avgrensa verksemd dersom ein har ei arbeidstid på 2/3 eller meir av det som er vanleg i vedkomande yrke eller næring, eller om ein er sjølvstendig næringsdrivande og har arbeidstakarar i verksemda si utanom hausting av viltlevande marine ressursar. Det er også å rekne som full eller avgrensa verksemd dersom inntekta på årsbasis overstig 250 000 kroner. Dersom vedkomande er omfatta av eit verkeområde som svarer til verkeområdet for Sametinget si ordning med søkjarbaserte tilskot til næringsverksemd, eller busett i kommunar der heile befolkninga er omfatta i heile eller delar av kommunen, er inntektsgrensa 350 000 kroner. Som inntekt i anna yrke eller næring er å rekne summen av brutto lønnsinntekt, netto næringsinntekt påplussa eventuelle fondsavsetningar og kapitalinntekter. Pensjonsinntekt skal reknast med med mindre det dreier seg om fiskarpensjon eller om alderspensjon for personar under 75 år som har vore registrert på blad B samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra.

§ 6 tredje ledd (endra) skal lyde:

Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 5 nr. 4–nr. 6 for personar som har fylt 60 år eller tek imot uførepensjon etter ein uføregrad på 60 % eller lågare, og som har vore registrert på blad B dei siste 10 åra. Det er eit vilkår at personen på årsbasis har ei inntekt som minst svarer til 50 000 kroner.

II

Denne forskrifta trer i kraft 1. januar 2013.