Hopp til innhold
Forskriftsendring
Fiskeridepartementet

Forskrift om endring i forskrift om tildeling og drift ved havbeiteverksemd (havbeiteforskrifta)

LTI/forskrift/2013-03-12-278·Kunngjort 19. mars 2013·Journalnr. 2013-0235

I kraft fra: 2013-03-12

I

I forskrift 28. august 2003 nr. 1110 om tildeling og drift ved havbeiteverksemd (havbeiteforskrifta) blir det gjort følgjande endringar:

Gjeldande § 5 andre ledd blir stroke. Nytt andre ledd skal lyde:

Fylkeskommunen kan behandle og innvilge søknader om løyve til havbeite med kamskjell ( Pecten maximus ) og hummar ( Homarus gammarus ) som er komne inn til fylkeskommunen før 31. desember 2015.

§ 7 skal lyde:

Det er miljømessig forsvarleg Det er gjort ei veging av arealinteresser, med særleg vekt på søkars behov for areal til planlagt akvakulturverksemd, alternativ bruk av området til annan verksemd, annan bruk av området til annan akvakultur, verneinteresser som ikkje er omfatta av bokstav d, her medrekna vedtak om vern etter lov 29. mai 1981 nr. 38 om viltet; det er gjeve dei løyve som vert kravd etter lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv., lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall, lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann, og lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvann, og det ikkje er i strid med vedtekne arealplanar etter plan- og bygningsloven 27. juni 2008 nr. 71, vedtekne vernetiltak etter lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold, eller vedtekne vernetiltak etter lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner.

Sjølv om løyve kan vere i strid med bokstav d) kan løyve gjevast dersom det ligg føre samtykke frå vedkommande plan- eller vernestyresmakt.

Fylkeskommunen skal konsultere Havforskningsinstituttet om råd etter fyrste ledd bokstav a). Havforskningsinstituttet skal som minimum gi råd om det er økologisk forsvarleg å drive havbeite på den omsøkte lokaliteten.

Av omsyn til miljøet og biologien til artene skal fylkeskommunane ikkje tildele løyve til etablering nord for Vestfjorden og ikkje løyve til havbeite med stort kamskjell frå Hå kommune i Rogaland sin sørgrense til svenskegrensen.

Løyve kan berre gjevast til utsett av havbeitedyr som er stadeigne.

§ 9 skal lyde:

Fiskeridirektoratet kan krevje at søkjar stiller fullgod økonomisk garanti for at gjenoppretting som nemnt i § 32 vert gjennomført.

§ 11 skal lyde:

Løyve til havbeite skal gjevast for ein fastsett periode på 10 år. Løyvet kan gjevast for eit kortare tidsrom dersom det ligg føre særskilte grunnar. Søknad om forlenging av løyve må sendast seinast 6 månader før løyvet går ut.

II

Denne forskrifta trer i kraft straks.