Forskrift om endring i forskrift om bustøtte
I kraft fra: 2013-07-01
I
I forskrift 29. november 2012 nr. 1283 om bustøtte blir det gjort følgjande endringar:
§ 3 siste ledd skal lyde:
Har husstanden særskilt høge buutgifter fordi nokon i husstanden er funksjonshemma og har behov for ein spesialtilpassa bustad, kan den øvre grensa for buutgiftene aukast med kr 4 500 per år.
§ 4 skal lyde:
Eigendelen som blir trekt i frå buutgiftene, jf. § 1, blir bestemt av den omrekna inntekta, jf. § 7.
Minste eigendel er kr 18 900 per år for alle. For husstandar med ei omrekna inntekt over kr 90 000 blir 17 prosent av den omrekna inntekta som overstig kr 90 000 lagt til eigendelen.
Eit progressivt ledd blir lagt til eigendelen for omrekna inntekter over kr 161 000. Det er 0,3 prosent av ei omrekna inntekt på kr 161 001. Satsen aukar deretter med 0,3 prosentpoeng for kvar kr 1 000 den omrekna inntekta aukar.
Inntektsgrensa i tredje ledd er kr 201 000 for husstandar som har eit medlem som har varig uførepensjon eller yrkesskadepensjon, jf. lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapitla 12 og 13, og som i tillegg er ung ufør, jf. § 3-21 i loven.
§ 8 siste ledd skal lyde:
Dersom forventa inntekt for den perioden det blir søkt om bustøtte for ligg 10 prosent under det som følgjer av den siste likninga, kan eit overslag for omrekna inntekt i perioden bli lagt til grunn for utrekninga av bustøtte. Inntektsgrensene for heile året, jf. føresegna ovanfor og § 14, gjeld likevel ved slik inntektsnedgang.
§ 14 skal lyde:
Dersom etterkontroll etter bustøttelova § 10 første ledd bokstav d, syner at husstanden har hatt ei omrekna inntekt i kalenderåret, som er kr 100 000 over den øvre inntektsgrensa som gjev rett til bustøtte, kan støtta for heile året krevjast tilbake utan omsyn til skuld. Dersom den øvre inntektsgrensa er endra i løpet av kalenderåret skal den høgste inntektsgrensa nyttast.
Krav om tilbakebetaling etter første ledd, som er under kr 10 000 skal ikkje betalast tilbake. Dette gjeld ikkje for krav om tilbakebetaling etter bustøttelova § 10 første ledd, bokstavane a, b og c.
II
Denne forskrifta blir satt i kraft frå 1. juli 2013.