Forskrift om endring i forskrift om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av dyr av hestefamilien
I kraft fra: 2013-08-12
I
I forskrift 31. desember 1998 nr. 1488 om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av dyr av hestefamilien blir det gjort følgjande endringar:
I EØS-tilvisingsfeltet vert følgjande tilføydd:
Avgjerd 2013/416/EU.
§ 11 nytt siste punkt i første ledd skal lyde:
Med dyra skal det følgje eit helsesertifikat i samsvar med den modellen som er fastsatt i vedlegg E.
Ny § 11 annet ledd skal lyde:
I ein overgangsperiode inntil den 1. oktober 2013 tillates bruk av helsesertifikatet etter modellen i vedlegg II i avgjerd 93/195/EØS før endring ved avgjerd 2013/416/EU, dersom helsesertifikatet er utstedt seinast den 21. september 2013.
Som nytt vedlegg E med overskrifta «Helsesertifikat for tilbakeførsel av registrerte hestar etter midlertidig utførsel i ein periode på høgst 30 dagar» vert følgjande innsett:
(pdf)
II
Endringane trer i kraft straks.