Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova

LTI/forskrift/2013-09-01-1046·Kunngjort 5. september 2013·Journalnr. 2013-0933

I kraft fra: 2013-09-03

Endrerforskrift/2006-06-23-724
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 3-1lov/1998-07-17-61 § 3-3lov/1998-07-17-61 § 3-9lov/1998-07-17-61 § 4a-3

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgende endringer:

Kapittel 6 skal lyde:

Dette kapitlet gjeld inntak til all offentleg vidaregåande opplæring. Formidling av lærlingar og lærekandidatar er regulert i kapittel 6A.

Søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring er ungdom med rett etter opplæringslova § 3-1 og vaksne med rett etter opplæringslova § 4A-3. Vaksne utan rett etter opplæringslova kapittel 4A kan også søkje om inntak etter kapitlet her.

Fylkeskommunen skal fastsetje lokal forskrift om inntak. Den lokale forskrifta skal innehalde reglar om korleis inntaket vil bli gjennomført, mellom anna inntaksområde, kva for utdanningsprogram eller programområde det er fastsett særskilde inntakskrav for, og korleis inntaket elles skal gjennomførast. Forskrifta kan også innehalde utfyllande føresegnar om formidling.

Den lokale forskrifta skal innehalde reglar om inntak til landslinjer og dei statlege vidaregåande skolane, jf. § 6-12 og § 6-44.

Det er eit vilkår for inntak til vidaregåande opplæring at søkjarar har lovleg opphald i Noreg. Søkjarar som oppheld seg i landet i påvente av vedtak om opphaldsløyve, har ikkje rett til inntak til vidaregåande opplæring.

Søkjarar som oppheld seg i landet i påvente av vedtak om opphaldsløyve, kan takast inn til vidaregåande opplæring i påvente av vedtak om opphaldsløyve, men dei har ikkje rett til å fullføre skoleåret dersom dei får avslag på søknaden om opphaldsløyve.

Søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 bruker ikkje av retten dersom opplæringa utgjer 1/3 eller mindre av timetalet frå eit utdanningsprogram eller eit programområde.

Dersom fylkeskommunen er i tvil om ein søkjar har brukt opp retten til vidaregåande opplæring, må fylkeskommunen etter søknad vurdere konkret og etter skjønn kor mykje vidaregåande opplæring søkjaren har fått tidlegare.

Fulltidselev er ein elev som er teken inn til eit fullstendig utdanningsprogram på Vg1 eller eit fullstendig programområde på Vg2 eller Vg3.

Deltidselev er ein elev som er teken inn til mindre opplæring enn det som er fastsett som full tid i det aktuelle utdanningsprogrammet på Vg1 eller programområdet på Vg2 eller Vg3 etter læreplanverket. Deltidselevar kan vere tekne inn til eit eller fleire fag.

Fylkeskommunen avgjer om søknaden frå ein fulltidselev om å bli deltidselev skal innvilgast. Søknaden frå ein elev som er teken inn som fulltidselev, om å bli deltidselev etter at vedtak om inntak er gjort, kan berre bli innvilga når det ligg føre tungtvegande grunnar.

Deltidselevar blir tekne inn til vidaregåande opplæring etter fulltidselevar. Deltidselevar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 blir tekne inn før eventuelle deltidselevar utan rett til vidaregåande opplæring blir tekne inn.

Ein søkjar som får innvilga omval etter opplæringslova § 3-1 fjerde ledd, skal som hovudregel takast inn som fulltidselev.

Utvekslingselev er norsk ungdom som tek utdanning i utlandet på nivå med norsk vidaregåande opplæring, og utanlandsk ungdom som tek vidaregåande opplæring i Noreg, som ledd i elevutveksling.

Fylkeskommunen skal reservere tilstrekkeleg mange plassar for utvekslingselevar frå andre land. Fylkeskommunen kan òg reservere plassar for norske elevar som tek imot plass som utvekslingselev i eit anna land med avvikande skoleår.

Elevar som har teke Vg1 eller Vg2 i utlandet, og som søkjer om inntak til vidaregåande opplæring på neste trinn, blir tekne inn til Vg2 eller Vg3 etter § 6-36 til § 6-40.

Fylkeskommunen skal sørgje for nødvendig informasjon til grunnskolane og dei vidaregåande skolane i fylket om dei reglane som skal nyttast ved inntak til vidaregåande opplæring.

Skolane må sikre at elevane og deltakarane får nødvendig informasjon om inntak til vidaregåande opplæring.

har enkeltvedtak om spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, og som søkjer om fortrinnsrett ved inntak etter § 6-15 til § 6-19 og § 6-30 til § 6-32, eller om individuell behandling etter § 6-22 og § 6-35 har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 eller § 3-12 er nyleg komne til Noreg har rett til teiknspråkopplæring etter opplæringslova § 3-9 søkjer om individuell behandling etter § 6-25 og § 6-38.

Fristen for søknad for andre med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 er 1. mars.

Når ein frist går ut på ein laurdag eller søndag, må søknaden vere send den nærmast etterfølgjande yrkesdagen.

For seint innkomne søknader skal det takast omsyn til så langt råd er, eventuelt behandle dei som ein søknad om inntak det etterfølgjande skoleåret. Søkjarane skal få melding om at søknaden kom for seint, og om konsekvensane av det. Den lokale forskrifta skal regulere behandlinga av søknader som kjem inn etter søknadsfristen. Fylkeskommunen må sikre at det ikkje skjer usakleg forskjellsbehandling.

Søknadsfristen skal kunngjerast minst fire veker på førehand. Kunngjeringa skal nemne dei opplysningane og dokumenta som skal følgje søknaden, og korleis søknaden skal sendast.

Inntak i samarbeid med oppfølgingstenesta kan skje uavhengig av fristane som er nemnde ovanfor.

Fylkeskommunen fastset søknadsskjema som søkjarar må nytte.

Alle søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 må føre opp tre alternative utdanningsprogram på Vg1 i prioritert rekkjefølgje.

Søkjarar til Vg2 og Vg3 fører opp eit eller fleire programområde i prioritert rekkjefølgje som dei er kvalifiserte til på grunnlag av det utdanningsprogrammet på Vg1 eller det programområdet på Vg2 som dei har gjennomført.

Søkjarar skal som hovudregel sende søknaden til fylkeskommunen i det fylket han eller ho er folkeregistert på tidspunktet for søknaden. Dette gjeld òg for han eller ho som søkjer om inntak til ein knutepunktskole i eit anna fylket.

Søkjarar som planlegg å flytte og kan dokumentere dette, sender søknaden til tilflyttingsfylket.

Avgjerda om inntak til vidaregåande opplæring er enkeltvedtak etter forvaltningslova. Søkjarar kan klage på enkeltvedtaket i samsvar med føresegnene i opplæringslova § 15-2 og forvaltningslova kapittel VI. Søkjarar kan ikkje klage på skoleplasseringa.

For inntak til utdanningsprogram for musikk, dans, drama og utdanningsprogram for idrettsfag i Vg1 kan fylkeskommunen fastsetje særlege reglar i den lokale forskrifta om inntak. Fylkeskommunane kan fastsetje at inntil 50 prosent av plassane i desse utdanningsprogramma kan tildelast på grunnlag av dokumentasjon av ferdigheit eller eventuell inntaksprøve, i tillegg til poeng rekna ut på grunnlag av karakterar.

For inntak til særskilde yrkesfaglege utdanningsløp som leier fram til yrkes- og studiekompetanse, kan fylkeskommunen fastsetje i den lokale forskrifta om inntak at plassane skal fordelast etter poeng og intervju.

Landslinjer er dei utdanningsprogramma på Vg1 eller programområda på Vg2 eller Vg3 som til ei kvar tid er godkjende av departementet som landslinjer. Ved inntak til godkjende landslinjer stiller søkjarar frå heile landet likt i konkurransen om plassar.

Er skriven ut av grunnskolen etter opplæringslova § 2-1 fjerde ledd. Har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet i minst 9 år. Har tilsvarande realkompetanse som fullført norsk grunnskoleopplæring for vaksne etter opplæringslova § 4A-1 og denne forskrifta § 4-33.

Søkjarar som hevdar at dei har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet etter bokstav b, må sjølve dokumentere dette eller grunngi at det er sannsynleg at han eller ho oppfyller vilkåret. Om fylkeskommunen finn at vilkåret ikkje er oppfylt, skal saka sendast til kommunen som avklarar om søkjaren har tilsvarande realkompetanse etter bokstav c.

Kommunen har ansvaret for å vurdere om søkjaren har tilsvarande realkompetanse som fullført norsk grunnskoleopplæring etter bokstav c. Kommunen gjennomfører ei vurdering av realkompetansen til søkjaren og gjer eit enkeltvedtak der det går fram om søkjaren oppfyller vilkåret i bokstav c etter krava i § 4-33, jf. opplæringslova § 4A-1, eller om søkjaren treng meir grunnskoleopplæring. Når fylkeskommunen har ansvar for grunnskoleopplæringa er ansvaret for gjennomføring av realkompetansevurdering av søkjaren tilsvarande lagt til fylkeskommunen.

Søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 har rett til inntak til eit av tre valde utdanningsprogram på Vg1. Ved inntak skal fylkeskommunen ta inn søkjarane til vidaregåande opplæring etter rekkefølgja i denne føresegna.

rett til eit særskild utdanningsprogram, jf. § 6-15 og § 6-16 rett til spesialundervisning, og som har sterkt nedsett funksjonsevne og behov for omfattande tilrettelegging, jf. § 6-17 rett til opplæring i og på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9, og som ønskjer opplæring med tolk på ein ordinær vidaregåande skole, jf. § 6-18 vedtak om utvida tid på Vg1, jf. § 6-19.

har rett til spesialundervising, og som manglar vurdering med karakter i halvparten av faga, jf. § 6-22 har hatt rett til særskild språkopplæring i grunnskolen etter opplæringslova § 2-8, og som manglar vurdering med karakter i minst halvparten av faga, jf. § 6-23 har vitnemål med ikkje samanliknbart tal- eller bokstavgrunnlag, eller som har realkompetansevurdering i meir enn halvparten av grunnskolefaga, jf. § 6-24 av særlege grunnar må behandlast individuelt, jf. § 6-25 manglar vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga, jf. § 6-26 ønskjer å vere deltidselev, jf. § 6-27.

Vaksne med rett til vidaregåande opplæring skal normalt takast inn til eit tilbod som er organisert særskilt for dei, jf. opplæringslova § 4A-3 og denne forskrifta § 6-45 til § 6-47. Vaksne kan søkje om inntak til eit tilbod etter opplæringslova § 3-1, men skal da takast inn etter ungdom, jf. § 6-49.

Søkjarar som har rett til spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, har rett til inntak til eit særskilt utdanningsprogram på Vg1 når vilkåra her er oppfylte. Desse søkjarane skal ha fortrinn ved fordeling av plassar.

For å ha eit fortrinn etter føresegna her må søkjaren ha rett til spesialundervisning og ha eit særleg behov for inntak til eit bestemt utdanningsprogram. Søkjaren må ha eit omfattande behov for spesialundervisning på grunn av vanskane som ligg til grunn for søknaden. I vurderinga av om søkjaren har eit særleg behov for inntak til eit særskilt utdanningsprogram, må det godtgjerast at vanskane til søkjaren gjer at val av utdanningsprogram har svært mykje å seie for moglegheita søkjaren har til å fullføre vidaregåande opplæring med yrkes- eller studiekompetanse. Om søkjaren sannsynlegvis kan fullføre tre utdanningsprogram, har han eller ho ikkje eit særleg behov for inntak etter føresegna her.

Sakkunnig instans er den pedagogisk-psykologiske tenesta i fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 5-6. Det må liggje føre ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta som tilrår eit bestemt utdanningsprogram, jf. § 6-16.

vanskane som ligg til grunn for enkeltvedtaket om spesialundervisning, og kvifor dei meiner søkjaren oppfyller vilkåra for inntak til eit særskilt utdanningsprogram tidlegare tiltak kva vanskane vil ha å seie for vidaregåande opplæring.

Søkjaren må ha valt utdanningsprogram på grunnlag av og i samsvar med den sakkunnige vurderinga. Om søkjaren ikkje har valt i samsvar med den sakkunnige vurderinga, skal han eller ho ikkje takast inn etter føresegna her.

Fylkeskommunen gjer vedtak om inntak til eit særskilt utdanningsprogram. Fylkeskommunen kan avvike frå den sakkunnige vurderinga, men vedtaket må da grunngivast særleg.

Vanskane som ligg til grunn for søknaden, tidlegare tiltak og kva vanskane vil ha å seie for opplæringa i vidaregåande opplæring, jf. § 6-15 andre ledd. Om søkjaren har eit særleg behov for å bli teken inn på eit særskilt utdanningsprogram som ikkje kan sikrast ved at søkjaren blir teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram. Om det er sannsynleg at søkjaren ut frå sine føresetnader har større moglegheit til å fullføre vidaregåande opplæring med yrkes- eller studiekompetanse, dersom han eller ho blir teken inn til det særskilde utdanningsprogrammet enn til andre utdanningsprogram. Om og eventuelt i kva grad søkjaren har føresetnader og moglegheit for å fullføre andre utdanningsprogram enn det utdanningsprogrammet som han eller ho har ført opp som sitt primære val med yrkes- eller studiekompetanse. Det behovet søkjaren har for særskild tilrettelegging i vidaregåande opplæring dersom han eller ho blir teken inn til det særskilde utdanningsprogrammet, samanlikna med andre utdanningsprogram.

Søkjarar med rett til spesialundervisning og som har sterkt nedsett psykisk eller fysisk funksjonsevne, kan søkje om inntak til Vg1 etter føresegna her. Søkjaren må på grunn av den nedsette funksjonsevna ha eit særleg behov for å bli teken inn på ein skole som er særskilt tilrettelagd, og det må liggje føre dokumentasjon som underbyggjer det særlege behovet til søkjaren.

Søkjaren har rett til eit av tre valde utdanningsprogram. Fylkeskommunen vurderer på individuelt grunnlag om det er tungtvegande grunnar for at søkjaren bør takast inn til ein bestemt skole. Søkjaren har ikkje rett til inntak til ein bestemt skole.

Om søkjaren har særleg behov for inntak til eit særskilt utdanningsprogram, skal søknaden behandlast etter § 6-15 og § 6-16 og ikkje etter føresegna her.

Kommunen skal innan 1. oktober kvart år, på bakgrunn av samtykke frå søkjaren, melde frå til fylkeskommunen om elevar på 10. årstrinn som har sterkt nedsett funksjonsevne, og som fullfører grunnskolen det aktuelle skoleåret.

Søkjarar som har rett til opplæring i eller på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9, kan søkje om inntak til Vg1 med bruk av tolk i ein ordinær vidaregåande skole. Søkjaren kan òg søkje om inntak til ein knutepunktskole etter § 6-40 til § 6-43. Søkjaren må i søknaden opplyse om han eller ho prioriterer høgast inntak etter føresegna her eller inntak til ein knutepunktskole.

det behovet søkjaren har for å få opplæring i og på teiknspråk om behovet til søkjaren blir sikra best gjennom opplæring i eit teiknspråkleg miljø eller gjennom opplæring på ein ordinær skole med tolk om søkjaren har tilleggsvanskar utover høyrselshemminga, slik at det kan vere behov for spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1.

Den sakkunnige vurderinga skal ikkje ta stilling til sjølve språkvalet til eleven. Det er eleven si eiga oppfatning av språkleg identitet som er avgjerande her. Sakkunnig instans er den pedagogisk-psykologiske tenesta i fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 5-6.

Fylkeskommunen kan plassere eleven på ein skole som er tilrettelagd etter behova til eleven. Eleven har rett til inntak til eit av tre valde utdanningsprogram.

Elevar som har enkeltvedtak om utvida tid etter opplæringslova § 3-1 femte ledd, og som treng fleire år på Vg1, skal takast inn til Vg1 på same utdanningsprogram etter ei individuell vurdering. Søkjaren skal takast inn før inntaket etter poeng.

Dersom det til eit utdanningsprogram på Vg1 melder seg fleire søkjarar enn talet på elevplassar som fylkeskommunen tilbyr denne gruppa, skal elevplassane fordelast etter poengsum utrekna på grunnlag av § 6-21. Søkjarar med høgare poengsum blir tekne inn framfor søkjarar med lågare poengsum.

Når fleire søkjarar står likt i konkurransen om den eller dei siste plassane, blir rekkjefølgja mellom dei avgjord ved loddtrekning.

Ved utrekning av poengsum skal alle standpunktkarakterar og eksamenskarakterar i faga leggjast til grunn.

Kvar av talkarakterane frå grunnskolen får tilsvarande poengverdi og skal telje med sine respektive talverdiar. Samla poeng for karakterar blir eit utrekna gjennomsnitt (med to desimalar) multiplisert med 10. I valfag skal det reknast ut eit gjennomsnitt av dei standpunktkarakterane eleven har fått på ungdomstrinnet. Gjennomsnittskarakteren skal førast med to desimalar. I fag der det er fastsett i læreplanen for faget at sluttvurderingsuttrykket er «delteke» eller «bestått» eller at læreplanen ikkje inneheld vurderingsuttrykk, skal ikkje faget reknast med i poenga til søkjaren. Dersom eleven er friteken frå opplæring etter § 1-11 eller § 1-12, eller er friteken frå vurdering med karakter etter § 3-20 til § 3-24, skal sluttvurderinga som søkjaren er friteken frå, ikkje reknast med i poenga til søkjaren. For søkjarar som har «Ikkje vurderingsgrunnlag» (IV) eller «Ikkje møtt til eksamen» (IM) som sluttvurdering i fag eller eksamen, skal dette vere med i utrekninga som nullverdi.

For søkjarar som har vitnemål frå grunnskoleopplæring for vaksne etter § 4-33, skal poeng reknast ut etter første ledd og andre ledd bokstav a. For vaksne som er fritekne frå opplæring etter § 1-11 eller § 1-12, eller fritekne frå vurdering med karakter etter § 4-14, § 4-15 eller § 4-17, skal sluttvurderinga som den vaksne er friteken frå, ikkje reknast med i poengutrekninga. Om søkjaren har fått godkjent eit eller fleire fag gjennom ei realkompetansevurdering, skal ikkje dette reknast med i poenga til søkjaren. Om søkjaren er realkompetansevurdert i meir enn halvparten av faga, skal han eller ho takast inn til Vg1 etter § 6-24.

For søkjarar med rett til spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, og som manglar karakterar i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng. Inntaket skjer da på individuelt grunnlag ut frå ei vurdering etter skjønn.

Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til å bli teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt, jf. opplæringslova § 3-1.

For søkjarar som har hatt enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 i grunnskolen, og som manglar karakterar i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng. Inntaket skjer då på individuelt grunnlag ut frå ei vurdering etter skjønn.

Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til å bli teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt, jf. opplæringslova § 3-1.

For søkjarar som har gått på godkjende 10-årige grunnskolar, og som har vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar, må ein på grunnlag av fråsegn frå desse grunnskolane rangere søkjarane etter moglege føresetnader for vidaregåande opplæring.

For andre søkjarar som ikkje har samanliknbart karaktergrunnlag slik at dei kan bli vurderte etter § 6-20 og § 6-21, skal søknaden vurderast individuelt. Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt.

Dette gjeld òg søkjarar som gjennom ei realkompetansevurdering har fått godkjent meir enn halvparten av faga som krevst for vitnemål etter § 4-33.

Fylkeskommunen kan òg i særskilde tilfelle behandle søknaden frå andre søkjarar individuelt. Vilkåret er at det må liggje føre tungtvegande grunnar, og at søkjaren må ha eit særleg behov for dette.

Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til å bli teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt, jf. opplæringslova § 3-1.

For søkjarar som har fullført grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 2-1, men som ikkje har vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng. Inntaket skjer då på individuelt grunnlag ut frå ei vurdering etter skjønn. Søkjaren må ikkje oppfylle vilkåra for å bli teken inn etter § 6-22 til § 6-25.

Fylkeskommunen må sikre at søkjaren sin rett til å bli teken inn til eit av tre valde utdanningsprogram blir oppfylt, jf. opplæringslova § 3-1.

Etter at fulltidselevar er tekne inn til vidaregåande opplæring, kan fylkeskommunen ta inn deltidselevar. Eleven blir ikkje teken inn til fag der han eller ho allereie har ei sluttvurdering med karakteren 2 eller betre. Den eleven som ønskjer å ta opp fag som han eller ho allereie har karakteren 2 eller betre i, må melde seg til eksamen som privatist, jf. § 3-27.

Vilkåra for inntak til Vg2 er at søkjaren har bestått i alle dei faga som er fastsette i læreplanverket for utdanningsprogrammet på Vg1, også dei faga der det ikkje skal setjast ein standpunktkarakter. Vilkåra for inntak til Vg3 er at søkjaren har bestått i alle dei faga som er fastsette i læreplanverket for programområdet på Vg2 og utdanningsprogrammet til Vg1, også dei faga der det ikkje skal setjast ein standpunktkarakter.

Søkjarar som ikkje har oppfylt vilkåra i første ledd, men som oppfyller vilkåra for inntak til neste nivå etter § 6-35 til § 6-38, skal òg takast inn som fulltidselev til eit programområde på Vg2 eller Vg3 som bygger på utdanningsprogrammet på Vg1 og eventuelt programområdet på Vg2.

Føresegna gjeld òg søkjarar med dokumentasjon frå bestått relevant grunnkurs eller vidaregåande kurs I frå Reform 94 eller tidlegare, jf. overgangsordningane i kapittel 24.

Søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 3-1, har rett til inntak på eit programområde på Vg2 innanfor det utdanningsprogrammet på Vg1 som søkjaren har gjennomgått. Ved inntak til Vg3 har søkjaren rett til inntak på eit programområde som byggjer på det programområdet på Vg2 som søkjaren har gjennomgått.

søkjarar med fortrinnsrett etter § 6-30 søkjarar med fortrinnsrett etter § 6-31 søkjarar med fortrinnsrett etter § 6-32 søkjarar som konkurrerer på grunnlag av poeng etter § 6-33 og § 6-34, og søkjarar som skal behandlast individuelt, jf. § 6-35 til § 6-38 deltidselevar, jf. § 6-39.

Vaksne med rett til vidaregåande opplæring skal normalt takast inn til eit tilbod som er særskilt organisert for dei, jf. opplæringslova § 4A-3 og denne forskrifta § 6-45 til § 6-49. Vaksne som er tekne inn til eit tilbod på Vg1 eller Vg2 etter opplæringslova § 3-1, har rett til å fullføre opplæringa i eit tilbod etter § 3-1. Dei skal takast inn etter søkjarar med ungdomsrett etter opplæringslova § 3-1.

Søkjarar som ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 og § 4A-3, skal takast inn etter søkjarar med rett.

Søkjarar med rett til spesialundervisning og som har sterkt nedsett psykisk eller fysisk funksjonsevne, kan søkje om inntak til Vg2 eller Vg3 etter føresegna her. Dette gjeld både for søkjarar som vart tekne inn til føregåande trinn på grunnlag av fortrinnsrett etter § 6-17 eller føresegna her. Søkjaren må på grunn av den nedsette funksjonsevna ha eit særleg behov for å bli teken inn på ein skole som er særskilt tilrettelagd, og det må liggje føre dokumentasjon som underbyggjer det særlege behovet til søkjaren.

Søkjarar som oppfyller vilkåra, blir tekne inn til eit programområde som på Vg2 byggjer på utdanningsprogrammet på Vg1, og til Vg3 til eit programområde som byggjer vidare på programområdet på Vg2. Fylkeskommunen vurderer på individuelt grunnlag om det er tungtvegande grunnar for at søkjaren bør takast inn til ein bestemt skole. Søkjarar som vart tekne inn til Vg1 med fortrinnsrett etter § 6-17 har rett til å fortsetje på same skole. Søkjarar som ikkje tidlegare har nyta fortrinnsretten på grunn av sterkt nedsett funksjonsevne har ikkje rett til inntak til ein bestemt skole.

Søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter § 3-9 som til Vg1 blir tekne inn til ordinær vidaregåande opplæring med tolk eller til ein knutepunktskole etter § 6-40, kan søkje om inntak etter føresegna her. Fylkeskommunen kan plassere eleven på ein skole som er tilrettelagd.

Når det skal avgjerast om søkjaren skal takast inn til Vg2 eller Vg3, må søkjaren anten ha bestått alle faga i samsvar med § 6-28, eller så må fylkeskommunen etter ei heilskapleg vurdering komme til at det er forsvarleg ut frå søkjaren sine faglege føresetnader med inntak til neste trinn, jf. § 6-37.

Søkjarar som oppfyller vilkåra, blir tekne inn til eit programområde som på Vg2 byggjer på utdanningsprogrammet på Vg1, og til Vg3 til eit programområde som byggjer vidare på programområdet på Vg2.

Søkjarar som har vedtak om utvida tid etter opplæringslova § 3-1 femte ledd, skal takast inn til Vg2 eller Vg3 etter ei individuell vurdering før inntak etter poeng.

Når det skal avgjerast om søkjaren skal takast inn til Vg2 eller Vg3, må søkjaren anten ha bestått alle faga i samsvar med § 6-28, eller fylkeskommunen må etter ei heilskapleg vurdering komme til at det er forsvarleg ut frå søkjaren sine faglege føresetnader med inntak til neste nivå, jf. § 6-37. Søkjarar med vedtak om utvida tid som treng fleire år på same trinn har òg fortrinnsrett etter denne føresegna.

Søkjarar som oppfyller vilkåra, blir tekne inn til eit programområde på Vg2 som byggjer på utdanningsprogrammet på Vg1, og til Vg3 på eit programområde som byggjer vidare på programområdet på Vg2.

Dersom det til eit vidaregåande trinn melder seg fleire søkjarar enn det er elevplassar i tilbodet frå fylkeskommunen, skal elevplassane fordelast etter poengsum utrekna på grunnlag av § 6-34. Søkjarar med høgare poengsum blir tekne inn framfor søkjarar med lågare poengsum.

Om det står fleire søkjarar likt i konkurransen om den eller dei siste plassane, blir rekkjefølgja mellom dei avgjord ved loddtrekning.

Ved utrekning av poeng skal alle standpunktkarakterane, eksamenskarakterane og halvårsvurdering med karakter i faga på Vg1 og eventuelt Vg2 leggjast til grunn.

Kvar av talkarakterane får tilsvarande poengverdi og skal telje med sine respektive talverdiar. Samla poeng for karakterane blir eit utrekna gjennomsnitt (med to desimalar) multiplisert med 10. I fag der det er fastsett i læreplanen for faget at sluttvurderingsuttrykket er «delteke» eller «bestått», skal faget ikkje reknast med i poenga til søkjaren. Dersom eleven er friteken frå opplæring etter § 1-11 eller § 1-12, eller er friteken frå vurdering med karakter etter § 3-21, § 3-22 og § 3-23, skal sluttvurderinga som søkjaren er friteken frå, ikkje reknast med i poenga til søkjaren. For søkjarar som har fått «Ikkje vurderingsgrunnlag» (IV) som sluttvurdering eller halvårsvurdering med karakter eller «Ikkje møtt til eksamen» (IM), skal dette vere med i utrekninga som nullverdi. Dersom søkjaren har teke fag som privatist, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn. For søkjarar som har gått fleire forskjellige utdanningsprogram på Vg1 eller programområde på Vg2, som alle dannar grunnlag for inntak på det vidaregåande trinnet, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn.

Søkjarar som har enkeltvedtak om spesialundervisning, og som på grunn av innhaldet i vedtaket ikkje har vurdering med karakter i fleire fag frå Vg1 eller Vg2, kan takast inn til neste nivå på grunnlag av ei individuell vurdering. Når det skal avgjerast om søkjaren skal takast inn til Vg2 eller Vg3, må fylkeskommunen gjere ei heilskapleg vurdering av om dette er forsvarleg ut frå søkjaren sine faglege føresetnader. I vurderinga skal det leggjast vekt på ei sakkunnig vurdering og søkjaren si prioritering.

Søkjaren skal takast inn til eit programområde på Vg2 og Vg3 som byggjer på det Vg1 eller Vg2 søkjaren har gjennomgått. Om det ikkje er forsvarleg å ta søkjaren inn til Vg2, skal søkjaren eventuelt takast inn til Vg1. Om det ikkje er forsvarleg å ta inn søkjaren til Vg3, skal det vurderast om søkjaren skal takast inn til Vg2 neste skoleår.

Denne føresegna gjeld òg for søkjarar som følgjer eit planlagt løp mot grunnkompetanse etter opplæringslova § 3-3 første ledd.

For søkjarar som har gjennomført Vg1 eller Vg2, og som har dokumentasjon utan bokstav- eller talkarakterar eller utan samanliknbart karaktergrunnlag, må ein på grunnlag av fråsegn frå desse vidaregåande skolane rangere søkjarane. Søkjarar som ikkje har samanliknbart karaktergrunnlag slik at dei kan bli vurderte etter § 6-33 til § 6-34, skal vurderast individuelt.

Søkjarar som ikkje oppfyller vilkåra for inntak til Vg2 eller Vg3 etter § 6-28 første ledd, fordi han eller ho ikkje har bestått eit eller fleire fag, kan likevel takast inn som fulltidselev til neste nivå om fylkeskommunen etter ei heilskapleg vurdering finn at det er forsvarleg. Fylkeskommunen må vurdere om det, gjennom den heilskaplege vurderinga, er dokumentert at søkjaren har den kompetansen som etter læreplanverket er nødvendig for å følgje opplæringa på neste nivå. I vurderinga av om det er forsvarleg skal det vurderast om søkjaren samla sett har faglege føresetnader til å følgje opplæringa på dette nivået.

Søkjarar som ikkje oppfyller vilkåra for å bli tekne inn etter føresegnene her, kan søkje om inntak som deltidselev etter § 6-39.

Fylkeskommunen kan også i særskilde tilfelle behandle søknaden frå andre søkjarar individuelt. Vilkåret er at det må liggje føre tungtvegande grunnar, og at søkjaren må ha eit særleg behov for dette.

Fylkeskommunen må sikre at søkjaren blir teken inn på eit programområde på Vg2 og Vg3 som byggjer på det Vg1 eller Vg2 han eller ho har fullført, jf. opplæringslova § 3-1.

Ein søkjar som ikkje fyller vilkåra i § 6-28 eller § 6-37 for å bli teken inn som fulltidselev, kan i særskilde tilfelle likevel takast inn som deltidselev. Fylkeskommune fastset korleis inntaket skjer.

manglar bestått karakter i eit eller fleire fag frå Vg1 eller Vg2, og som det etter ei heilskapleg vurdering etter § 6-37 ikkje er forsvarleg å flytte opp til neste nivå, i dei faga han eller ho har bestått på det lågare nivået, manglar fag for å ha full fagkrins i eit utdanningsprogram på Vg1 eller eit programområde på Vg2 eller Vg3, dersom han eller ho har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1, har rett til vidaregåande opplæring, men manglar fag for å oppnå generell studiekompetanse eller yrkeskompetanse.

Søkjarar med rett til opplæring i eller på teiknspråk etter opplæringslova § 3-9 kan søkje om inntak til eit teiknspråkleg miljø på ein knutepunktskole etter føresegnene her, eller om opplæring med tolk på ein ordinær vidaregåande skole etter § 6-18. Knutepunktskolar er ordinære fylkeskommunale vidaregåande skolar som har tilrettelagde opplæringstilbod for døve og sterkt tunghøyrde elevar.

Søkjaren må føre opp i søknaden om han eller ho ønskjer vidaregåande opplæring på ein knutepunktskole eller på ein ordinær vidaregåande skole med tolk. Søkjaren må i søknaden opplyse om han eller ho prioriterer høgast inntak etter føresegna her eller inntak til ein knutepunktskole. Ved søknaden skal det liggje ei sakkunnig vurdering av behova til søkjaren i samsvar med § 6-41. Søkjaren må ha valt i samsvar med den sakkunnige vurderinga.

Søkjarar etter denne føresegna har rett til eit av tre valde utdanningsprogram etter opplæringslova § 3-1. Søkjarar som ønskjer opplæring på ein knutepunktskole, kan ikkje føre opp andre utdanningsprogram/programområde i søknaden enn dei tilboda som knutepunktskolane gir, eller dei tilboda som desse skolane gir i samarbeid med andre vidaregåande skolar.

behovet som søkjaren har for å få opplæring i og på teiknspråk om behovet til søkjaren blir best sikra gjennom opplæring i eit teiknspråkleg miljø eller gjennom opplæring på ein ordinær skole med tolk om søkjaren har tilleggsvanskar utover høyrselshemminga, slik at det kan vere behov for spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1.

Den sakkunnige vurderinga skal ikkje ta stilling til sjølve språkvalet til eleven. Det er eleven si eiga oppfatning av språkleg identitet som er avgjerande her.

Sakkunnig instans er den pedagogisk-psykologiske tenesta i fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 5-6.

Fylkeskommunen der søkjaren er folkeregistert, har ansvaret for at rettane etter opplæringslova § 3-9 blir oppfylte.

Søkjaren sender inn søknad i samsvar med § 6-8 og § 6-9.

Fylkeskommunen der søkjaren er folkeregistrert, sender søknaden om inntak til knutepunktskole vidare til den fylkeskommunen som eig knutepunktskolen som søkjaren har søkt om inntak til, om vilkåra i § 6-40 er oppfylte. Søknadsfristen for fylkeskommunen er 15. mars.

Fylkeskommunen der knutepunktskolen ligg, avgjer om søkjaren skal få plass, og sender tilbakemelding til søkjaren sin heimfylkeskommune. Fylkeskommunen der søkjaren er folkeregistert, gjer endeleg vedtak om opplæring etter opplæringslova § 3-9. Dersom søkjaren får avslag på søknaden om inntak til ein knutepunktskole, skal det snarast mogleg sendast melding til søkjaren sin heimfylkeskommune, som i samråd med skolane må finne eit anna tilbod om opplæring i eit teiknspråkleg miljø.

søkjarar frå eige fylke med rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1 søkjarar frå eige fylke utan rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1 søkjarar frå resten av landet med rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1 søkjarar frå resten av landet utan rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1.

Innanfor kvar av gruppene i første ledd skal plassane fordelast på grunnlag av føresegnene om inntaksrekkjefølgje etter § 6-14 til § 6-28 for Vg1 og § 6-29 til § 6-39 for Vg2 og Vg3.

Skolane må reservere plassar for søkjarar som ikkje har vurdering med karakterar. Desse søkjarane skal takast inn på grunnlag av ei individuell vurdering. Det skal gjerast ei heilskapsvurdering som òg legg vekt på den sakkunnige vurderinga og prioriteringa til søkjaren.

Eleven skal normalt ha rett til å fullføre opplæringsløpet ved den skolen han eller ho først er teken inn til.

Samisk videregående skole, Karasjok, Sami joatkkaskuvla, Karasjogas Samisk videregående skole og reindriftsskole, Kautokeino, Sami joatkkaskuvla ja boazodoalloskuvla, Guovdageaidnu Statens skolar med utdanningsprogram for naturbruk.

Søkjarar frå heile landet stiller likt ved inntak til dei skolane som er nemnde i denne paragrafen.

Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er plassar i dei vidaregåande statsskolane i Karasjok og Kautokeino, har samisk ungdom førerett. Søkjarar som berre kan få oppfylt fagønska i dei vidaregåande statsskolane i Karasjok og Kautokeino, går elles framfor søkjarar som kan få oppfylt ønska sine ved ein annan skole.

Inntak til dei samiske vidaregåande skolane som er nemnde i denne paragrafen, skal gjerast av inntaksnemnda i Finnmark fylke.

Kapitlet 6 gjeld, så langt det høver, for inntak til statlege vidaregåande skolar.

Søkjarar som har fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande, jf. § 6-13, og som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har frå og med det året dei fyller år 25 år, rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3.

Vaksne søkjarar skal primært takast inn til opplæringstilbod som er organiserte for vaksne etter opplæringslova § 4A-3. Opplæringstilbodet skal vere tilpassa behovet til den vaksne.

Den vaksne skal i søknaden føre opp den ønskte sluttkompetansen. Vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter § 4A-3 skal til vanleg få tilbod om opplæring i samsvar med den sluttkompetansen dei ønskjer. I vurderinga skal det leggjast vekt på dei moglegheitene den enkelte har til å oppnå yrkes- eller studiekompetanse.

Vaksne med rett til vidaregåande opplæring skal få tilbod om realkompetansevurdering, jf. § 6-46.

Fylkeskommunen har plikt til å sørgje for at vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3 skal få kartlagt og vurdert realkompetansen sin, dersom dei ønskjer det. Resultatet av realkompetansevurderinga dannar grunnlag for opplæringstilbodet til den vaksne.

I realkompetansevurderinga skal fylkeskommunen vurdere om den formelle, uformelle og ikkje-formelle kompetansen til søkjaren kan godkjennast som likeverdig med den kompetansen som blir oppnådd gjennom vidaregåande opplæring, jf. § 4-13. Den vaksne kan få godkjent heile eller delar av fag eller opplæringsår. Realkompetansevurdering skal gjennomførast på norsk eller samisk.

Opplæringa som den enkelte får tilbod om, skal tilpassast resultatet av realkompetansevurderinga. Den vaksne skal ikkje få tilbod om opplæring i heile fag som han eller ho har fått godkjent gjennom realkompetansevurderinga.

Kva den vaksne har fått godkjent. Rettsreglane som gjeld. Kva for opplysningar som er lagde til grunn i saka. Dei hovudomsyna som er vektlagde i skjønnsutøvinga ved vurderinga av realkompetansen til den vaksne, jf. forvaltingslova § 25.

Vaksne kan søkje om inntak til vidaregåande opplæring uavhengig av fristane i § 6-8. Fylkeskommunen kan ikkje ha ventelister og skal gi eit tilbod innan rimeleg tid.

Om den vaksne har rett til vidaregåande opplæring etter § 4A-3. Kva sluttkompetanse den vaksne får tilbod om, mellom anna kva programområde på Vg3 søkjaren kan takast inn til. Resultatet av realkompetansevurderinga. Opplæringstilbodet som den vaksne får.

Om fylkeskommunen gir den vaksne tilbod om ein annan sluttkompetanse enn den søkjaren ønskjer, må dette grunngivast i vedtaket.

Den vaksne har rett til å få avklart om han eller ho har rett til vidaregåande opplæring, å få vurdert realkompetansen sin og å få eit enkeltvedtak om vidaregåande opplæring innan rimeleg tid.

Vaksne som har fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande, men som ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4-A3, kan søkje om inntak til vidaregåande opplæring.

Fylkeskommunen fastsett i enkeltvedtak om søkjaren skal takast inn til vidaregåande opplæring. Dersom søkjaren takast inn skal opplæringstilbodet fastsetjast i enkeltvedtaket.

Vaksne utan rett som er tekne inn til vidaregåande opplæring, har rett til å fullføre opplæringa dei er tekne inn til, jf. opplæringslova § 4A-3 andre ledd. Vaksne utan rett som er tekne inn til eit opplæringstilbod som er særskilt organisert for vaksne etter opplæringslova kapittel 4A, har etter inntaket dei same rettane som andre vaksne. Opplæringa skal vere gratis.

Vaksne utan rett må sjølve betale for realkompetansevurderinga, med mindre det blir dekt av andre etter opplæringslova § 4A-3 femte ledd. § 6-46 andre og fjerde ledd gjeld og for realkompetansevurdering av vaksne utan rett til vidaregåande opplæring.

Vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring. Vaksne søkjarar utan rett som har fullført, men ikkje bestått vidaregåande opplæring. Vaksne søkjarar utan rett som har studie- eller yrkeskompetanse.

Vaksne kan søkje om inntak til ordinær vidaregåande opplæring. Vaksne søkjarar skal da prioriterast etter ungdom med rett etter opplæringslova § 3-1.

Nytt kapittel 6A om formidling av lærlingar og lærekandidatar og organisering av opplæringa skal lyde:

Dette kapitlet regulerer formidling til læreplass som lærling og lærekandidat for opplæring i bedrift etter opplæringslova kapittel 4.

Han eller ho som blir formidla, skal bli tatt inn til vidaregåande opplæring på det aktuelle trinnet i samsvar med kapittel 6. Enkeltvedtaket om inntak skal fastsetje kva for utdanningsprogram og programområde søkjaren er teken inn til.

Søkjarar til læreplass som lærling må oppfylle vilkåra for inntak til neste trinn for å kunne bli formidla til opplæring i bedrift på neste trinn. Dette inneber mellom anna at søkjaren må ha bestått faga innanfor programområdet på Vg2, jf. § 6-28, for å kunne formidlast på Vg3, eller ha faglege føresetnader for å følgje opplæringsåret på neste nivå, jf. § 6-37.

Søkjarar til læreplass som lærekandidat må ha bestått sitt individuelle opplæringsløp mot planlagd grunnkompetanse for å kunne bli formidla til opplæring i bedrift på neste trinn. Søkjarar som har gjennomført, men ikkje bestått faga innanfor utdanningsprogrammet på Vg1 og programområdet på Vg2, kan òg søkje formidling som lærekandidat.

Fylkeskommunen skal fastsetje lokal forskrift om formidling. Den lokale forskrifta om inntak og den lokale forskrifta om formidling kan vere den same forskrifta.

Fylkeskommunen må sørgje for nødvendig informasjon til bedrifter, og til elevar og deltakar på yrkesfaglege utdanningsprogram om dei reglane som skal nyttast ved formidling av lærlingar og lærekandidatar.

1. februar for lærekandidatar, 1. mars for lærlingar.

Når ein frist går ut på ein laurdag eller søndag, må søknaden vere send den nærmast etterfølgjande yrkesdagen.

For seint innkomne søknader skal det takast omsyn til så langt råd er, eventuelt behandle dei som ein søknad om inntak og formidling det etterfølgjande skoleåret. Søkjaren skal få melding om at søknaden kom inn for seint, og om konsekvensane av det. Den lokale forskrifta skal regulere behandlinga av søknader som kjem inn etter søknadsfristen. Fylkeskommunen må sikre at det ikkje skjer usakleg forskjellsbehandling.

Søknadsfristen skal kunngjerast minst fire veker på førehand. Kunngjeringa skal nemne dei opplysningane og dokumenta som skal følgje søknaden, og korleis søknaden skal sendast.

Formidling i samarbeid med oppfølgingstenesta kan skje uavhengig av fristane som er nemnde ovanfor her.

Fylkeskommunen fastset søknadsskjema som søkjarar må nytte.

I søknaden må søkjaren opplyse om ho eller han ønskjer opplæring i bedrift som lærling eller lærekandidat.

Søkjarar skal som hovudregel sende søknaden til fylkeskommunen i det fylket han eller ho er folkeregistert på tidspunktet for søknaden. Dette gjeld også for han eller ho som søkjer om inntak til ein knutepunktskole i eit anna fylke.

Søkjarar som planlegg å flytte og kan dokumentere dette, sender søknaden til tilflyttingsfylket.

Ungdom og vaksne kan søkje om læreplass i eit lærefag som byggjer på utdanningsprogrammet eller programområdet, jf. opplæringsordninga som er fastsett for faget i læreplanverket. Elevar og vaksne som er tekne inn til utdanningsprogram som avvik frå hovudmodellen, søkjer om formidling til læreplass på det tidspunktet som følgjer av læreplanverket.

Fylkeskommunen pliktar å formidle søkjarane med ungdomsrett til lærebedrifter det er inngått avtaler om læreplass med. Lærebedrifta avgjer kven ho inngår lærekontrakt med. Fylkeskommunen kan tilby læreplass i eige fylket eller i eit anna fylke.

Bedrifta kan stille krav til lærlingen eller lærekandidaten på grunn av verksemda i bedrifta, mellom anna på grunn av produksjon, utstyr, kundebehandling og liknande. Krava skal ikkje vere diskriminerande.

Det skal teiknast lærekontrakt mellom lærlingen og bedrifta eller opplæringskontrakt mellom lærekandidaten og bedrifta, jf. opplæringslova § 4-5.

Lærebedrifta tek ansvar for ein større del av opplæringa i faget enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Skolen i samarbeid med lærebedrifta tek ansvar for ein større del av opplæringa enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Opplæringa i skole og bedrift skjer i ei anna rekkjefølgje enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Opplæringa skal leie fram til både yrkeskompetanse og studiekompetanse.

Det skal gå fram av lærekontrakten og opplæringskontrakten kva opplæringsansvar bedrifta har for lærlingen eller lærekandidaten. Det skal vere samsvar mellom opplæringsansvaret og den tida bedrifta har ansvaret for lærlingen eller lærekandidaten.

Dersom opplæringa i skole og bedrift skal skje i ei anna rekkjefølgje enn det som følgjer av faget i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, skal organiseringa gå klart fram av kontrakten.

Lærlingar eller lærekandidatar som har teikna lærekontrakt eller opplæringskontrakt etter opplæringslova § 3-3 fjerde ledd, kan få godskrive eventuell tidlegare vidaregåande opplæring eller praksis etter § 11-8 til § 11-15.

Fylkeskommunen kan samtykkje i at det blir fastsett unntak frå dei vanlege kontraktsvilkåra for personar som har avgrensa arbeidsevne på grunn av nedsett fysisk og/eller psykisk funksjonsevne. For lærlingar kan det ikkje fastsetjast unntak frå reglane i Læreplanverket for Kunnskapsløftet.

Lærlingar eller lærekandidatar som har teikna lærekontrakt eller opplæringskontrakt etter reglane i første ledd, kan få godskrive eventuell tidlegare vidaregåande opplæring eller praksis etter § 11-8 flg.

Søkjarar som har lovfesta rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1, men ikkje får tilbod om læreplass, har rett til inntak i eit programområde på Vg3 som byggjer på det programområdet på Vg2, som søkjaren har gjennomført. Fylkeskommunen skal tilby søkjaren opplæring i skole dersom søkjaren ønskjer det, og dersom dei ikkje kan skaffe læreplass innan 1. september. Tilsvarande plikt til å tilby opplæring i skole gjeld der læreplanverket fastset eit anna opplæringsløp.

Fylkeskommunen kan òg formidle vaksne med rett til vidaregåande opplæring. Opplæringa i bedrift for vaksne blir da regulert av opplæringslova kapittel 4.

Vaksne som inngår lærekontrakt eller opplæringskontrakt som fastset ei anna opplæringsordning for faget enn den ordninga som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet, jf. § 6A-6, skal normalt få den delen av opplæringa som ikkje skjer i bedrift, som opplæring organisert for vaksne etter opplæringslova kapittel 4A.

Nytt fjerde ledd i § 1-15 skal lyde:

Vaksne i grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 4A-1 kan òg ta fag i vidaregåande opplæring etter denne føresegna.

§ 3-27 tredje ledd andre punktum skal lyde:

Den som er teken inn som fulltidselev til vidaregåande opplæring, kan ikkje melde seg til eksamen utan at fylkeskommunen innvilgar at eleven kan bli deltidselev, jf. § 6-5 tredje ledd.

§ 4-13 sjette ledd skal lyde:

Bruk av realkompetansevurdering til å avklare kva slags opplæring den vaksne har behov for er regulert i opplæringslova § 4A-3 og forskrift til opplæringslova § 6-46 og § 6-47.

§ 5-15 skal lyde:

Ved klage på realkompetansevurdering, jf. § 4-13 og § 6-46, gjeld klagereglane i forvaltningslova bortsett frå det som følgjer om klageinstansen sin kompetanse i § 5-3 første ledd.

§ 11-7 oppheves i sin helhet.

II

Endringene i pkt. I trer i kraft 3. september 2013.