Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til privatskolelova

LTI/forskrift/2013-09-26-1147·Kunngjort 1. oktober 2013·Journalnr. 2013-1019

I kraft fra: 2013-10-01

Endrerforskrift/2006-06-23-724forskrift/2006-07-14-932
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 2-3lov/1998-07-17-61 § 3-4lov/1998-07-17-61 § 4a-4Privatskolelova – prskol § 2-3

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgende endringer:

§ 3-29 skal lyde:

Kommunen har ansvaret for gjennomføringa av alle lokalt gitte eksamenar. Faglæraren har plikt til å utarbeide forslag til eksamensoppgåver.

Eleven skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med. Eksamen skal ikkje gjennomførast på måndagar og dagen etter høgtidsdagar og heilagdagar.

Munnleg eksamen skal gjennomførast med førebuingsdel. Førebuingsdelen er ein obligatorisk skoledag dagen før eksamen, der alle hjelpemiddel er tillatne. Når førebuingsdelen tek til, 24 timar før sjølve eksamen, skal eleven få oppgitt eit tema eller liknande, men ikkje eksamensoppgåva. Førebuingsdelen skal ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.

Ramma for eksamen på eksamensdagen skal vere munnleg eksamen på inntil 30 minutt per elev.

Prøvesvara ved lokalt gitt eksamen skal vurderast av to sensorar. Éin av sensorane skal vere ekstern. Den andre sensoren kan vere faglæraren til eleven. Faglæraren har plikt til å delta i vurderinga som sensor. Dersom det er usemje om karakteren, avgjer den eksterne sensoren.

Ved eksamen som krev eksaminator, skal den eine sensoren vere eksaminator. Eksamineringa skal gi kandidatane høve til å syne kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Under eksamen kan elevane prøvast i fleire og relevante delar av læreplanen enn det som kan lesast direkte ut av ein førebuingsdel. I eksamenstida ved munnleg eksamen skal eleven presentere temaet eller liknande som han eller ho har førebudd i førebuingsdelen. Dersom det er usemje om kva eleven skal prøvast i, er det den eksterne sensoren som avgjer.

§ 3-30 skal lyde:

Fylkeskommunen har ansvaret for gjennomføringa av alle lokalt gitte eksamenar. Faglæraren har plikt til å utarbeide forslag til eksamensoppgåver.

Kandidaten skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med. Eksamen skal ikkje gjennomførast på måndagar og dagen etter høgtidsdagar og heilagdagar.

Fylkeskommunen kan fastsetje at skriftleg eksamen, munnleg-praktisk eksamen og praktisk eksamen som er lokalt gitte, skal gjennomførast med førebuingsdel. Ved skriftleg eksamen, munnleg-praktisk eksamen og praktisk eksamen kan førebuingsdelen vere inntil to dagar og skal normalt ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.

Munnleg eksamen skal gjennomførast med førebuingsdel. Fylkeskommunen avgjer sjølv om privatistar skal ha førebuingsdel. Førebuingsdelen er ein obligatorisk skoledag dagen før eksamen, der alle hjelpemiddel er tillatne. Når førebuingsdelen tek til, 24 timar før sjølve eksamen, skal kandidaten få oppgitt eit tema eller liknande, men ikkje eksamensoppgåva. Førebuingsdelen skal ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.

skriftleg eksamen – inntil 5 timar munnleg eksamen – inntil 30 minutt per elev eller privatist munnleg-praktisk eksamen – inntil 45 minutt per elev eller privatist praktisk eksamen – inntil 5 timar.

Prøvesvara ved lokalt gitt eksamen skal vurderast av to sensorar. Den eine sensoren skal vere ekstern. Den andre sensoren kan vere faglæraren til eleven. Faglæraren har plikt til å delta i vurderinga som sensor. Dersom det er usemje om karakteren, avgjer den eksterne sensoren. Som sensor ved lokalt gitt eksamen i programfag i yrkesfaglege utdanningsprogram kan det også nemnast opp ein fagarbeidar med praksis frå arbeidslivet.

Ved eksamen som krev eksaminator, skal den eine sensoren vere eksaminator. Eksamineringa skal gi kandidaten høve til å syne kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Under eksamen kan kandidaten prøvast i fleire og relevante delar av læreplanen enn det som kan lesast direkte ut av ein eventuell førebuingsdel. I eksamenstida ved munnleg eksamen skal kandidaten presentere temaet eller liknande som han eller ho har førebudd i førebuingsdelen. Dersom det er usemje om kva kandidaten skal prøvast i, er det den eksterne sensoren som avgjer.

§ 3-31 skal lyde:

Eksamenen kan organiserast med eller utan hjelpemiddel. Utdanningsdirektoratet fastset kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart fag ved sentralt gitt eksamen.

Ved lokalt gitt eksamen etter § 3-30 femte ledd bokstav a, c og d fastset skoleeigaren kva for hjelpemiddel som skal tillatast. Dei tillatne hjelpemidla må ikkje svekkje grunnlaget for å vurdere kompetansen til eleven eller privatisten.

Ved lokalt gitt munnleg eksamen er notata til eleven eller privatisten frå førebuingsdelen einaste tillatne hjelpemiddel.

§ 4-22 skal lyde:

Kommunen har ansvaret for gjennomføringa av alle lokalt gitte eksamenar. Faglæraren har plikt til å utarbeide forslag til eksamensoppgåver.

Deltakaren skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med. Eksamen skal ikkje gjennomførast på måndagar og dagen etter høgtidsdagar og heilagdagar.

Munnleg eksamen for deltakarar ar skal gjennomførast med førebuingsdel. Kommunen avgjer sjølv om privatistar skal ha førebuingsdel. Førebuingsdelen er ein obligatorisk skoledag dagen før eksamen, der alle hjelpemiddel er tillatne. Når førebuingsdelen tek til, 24 timar før sjølve eksamen, skal kandidaten skal få oppgitt eit tema eller liknande, men ikkje eksamensoppgåva. Førebuingsdelen skal ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.

Ramma for eksamen på eksamensdagen skal vere munnleg eksamen på inntil 30 minutt per deltakar eller privatist.

Prøvesvara ved lokalt gitt eksamen skal vurderast av to sensorar. Éin av sensorane skal vere ekstern. Den andre sensoren kan vere faglæraren til deltakaren. Faglæraren har plikt til å delta i vurderinga som sensor. Dersom det er usemje om karakteren, avgjer den eksterne sensoren.

Ved eksamen som krev eksaminator, skal den eine sensoren vere eksaminator. Eksamineringa skal gi kandidaten høve til å syne kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Under eksamen kan kandidaten prøvast i fleire og relevante delar av læreplanen enn det som kan lesast direkte ut av ein eventuell førebuingsdel. I eksamenstida ved munnleg eksamen skal kandidaten presentere temaet eller liknande som han eller ho har førebudd i førebuingsdelen. Dersom det er usemje om kva kandidaten skal prøvast i, er det den eksterne sensoren som avgjer.

I særlege tilfelle kan fylkesmannen etter søknad frå kommunen, gi kommunen høve til å arrangere lokalt gitt eksamen for privatistar på andre tider av året enn ordinær eksamen. Kommunen har då ansvaret for å utarbeide eksamensoppgåver, den praktiske avviklinga av eksamen og sensuren.

Kommunen har plikt til å arrangere privatisteksamen for vaksne.

§ 4-23 skal lyde:

Fylkeskommunen har ansvaret for gjennomføringa av alle lokalt gitte eksamenar. Faglæraren har plikt til å utarbeide forslag til eksamensoppgåver.

Deltakaren skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med. Eksamen skal ikkje gjennomførast på måndagar og dagen etter høgtidsdagar og heilagdagar.

Fylkeskommunen kan fastsetje at skriftleg eksamen, munnleg-praktisk eksamen og praktisk eksamen som er lokalt gitt, skal gjennomførast med førebuingsdel. Ved skriftleg eksamen, munnleg-praktisk eksamen og praktisk eksamen kan førebuingsdelen vere inntil to dagar og skal normalt ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.

Munnleg eksamen for deltakarar skal gjennomførast med førebuingsdel. Førebuingsdelen er ein obligatorisk skoledag dagen før eksamen, der alle hjelpemiddel er tillatne. Når førebuingsdelen tek til, 24 timar før sjølve eksamen, skal deltakeren skal få oppgitt eit tema eller liknande, men ikkje eksamensoppgåva. Førebuingsdelen skal ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.

skriftleg eksamen – inntil 5 timar munnleg eksamen – inntil 30 minutt per deltakar munnleg-praktisk eksamen – inntil 45 minutt per deltakar praktisk eksamen – inntil 5 timar.

Prøvesvara ved lokalt gitt eksamen skal vurderast av to sensorar. Den eine sensoren skal vere ekstern. Den andre sensoren kan vere faglæraren til deltakaren. Faglæraren har plikt til å delta i vurderinga som sensor. Dersom det er usemje om karakteren, avgjer den eksterne sensoren. Som sensor ved lokalt gitt eksamen i programfag i yrkesfaglege utdanningsprogram kan det også nemnast opp ein fagarbeidar med praksis frå arbeidslivet.

Ved eksamen som krev eksaminator, skal den eine sensoren vere eksaminator. Eksamineringa skal gi kandidaten høve til å syne kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Under eksamen kan kandidaten prøvast i fleire og relevante delar av læreplanen enn det som kan lesast direkte ut av ein eventuell førebuingsdel. I eksamenstida ved munnleg eksamen skal kandidaten presentere temaet eller liknande som han eller ho har førebudd i førebuingsdelen. Dersom det er usemje om kva kandidaten skal prøvast i, er det den eksterne sensoren som avgjer.

§ 4-24 skal lyde:

Eksamenen kan organiserast med eller utan hjelpemiddel. Utdanningsdirektoratet fastset kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart fag ved sentralt gitt eksamen.

Ved lokalt gitt eksamen etter § 4-23 femte ledd bokstav a, c og d fastset skoleeigaren kva for hjelpemiddel som skal tillatast. Dei tillatne hjelpemidla må ikkje svekkje grunnlaget for å vurdere kompetansen til deltakaren eller privatisten.

Ved lokalt gitt munnleg eksamen er notata til deltakaren eller privatisten frå førebuingsdelen einaste tillatne hjelpemiddel.

II

I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskolelova blir det gjort følgende endringer:

§ 3-27 skal lyde:

Vertskommunen har ansvaret for gjennomføringa av alle lokalt gitte eksamenar. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for gjennomføringa av alle lokale eksamenar for grunnskolar i utlandet. Faglæraren har plikt til å utarbeide forslag til eksamensoppgåver.

Eleven skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med. Eksamen skal ikkje gjennomførast på måndagar og dagen etter høgtidsdagar og heilagdagar.

Munnleg eksamen skal gjennomførast med førebuingsdel. Førebuingsdelen er ein obligatorisk skoledag dagen før eksamen, der alle hjelpemiddel er tillatne. Når førebuingsdelen tek til, 24 timar før sjølve eksamen, skal eleven få oppgitt eit tema eller liknande, men ikkje eksamensoppgåva. Førebuingsdelen skal ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.

Ramma for eksamen på eksamensdagen skal vere munnleg eksamen på inntil 30 minutt per elev.

Prøvesvara ved lokalt gitt eksamen skal vurderast av to sensorar. Éin av sensorane skal vere ekstern. Den andre sensoren kan vere faglæraren til eleven. Faglæraren har plikt til å delta i vurderinga som sensor. Dersom det er usemje om karakteren, avgjer den eksterne sensoren.

Ved eksamen som krev eksaminator, skal den eine sensoren vere eksaminator. Eksamineringa skal gi kandidaten høve til å syne kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Under eksamen kan kandidaten prøvast i fleire og relevante delar av læreplanen enn det som kan lesast direkte ut av ein eventuell førebuingsdel. I eksamenstida ved munnleg eksamen skal kandidaten presentere temaet eller liknande som han eller ho har førebudd i førebuingsdelen. Dersom det er usemje om kva kandidaten skal prøvast i, er det den eksterne sensoren som avgjer.

§ 3-28 skal lyde:

Vertfylket har ansvaret for gjennomføringa av alle lokalt gitte eksamenar. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for gjennomføringa av alle lokale eksamenar i utlandet. Faglæraren har plikt til å utarbeide forslag til eksamensoppgåver.

Eleven skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen . Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med. Eksamen skal ikkje gjennomførast på måndagar og dagen etter høgtidsdagar og heilagdagar.

Vertfylket kan fastsetje at skriftleg eksamen, munnleg-praktisk eksamen og praktisk eksamen som er lokalt gitt, skal gjennomførast med førebuingsdel. Ved skriftleg eksamen, munnleg-praktisk eksamen og praktisk eksamen kan førebuingsdelen vere inntil to dagar og skal normalt ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.

Ved munnleg eksamen skal førebuingsdelen vere ein obligatorisk skoledag der alle hjelpemiddel er tillatne. Førebuingsdelen er ein obligatorisk skoledag dagen før eksamen, der alle hjelpemiddel er tillatne. Når førebuingsdelen tek til, 24 timar før sjølve eksamen, skal eleven få oppgitt eit tema eller liknande, men ikkje eksamensoppgåva. Førebuingsdelen skal ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.

skriftleg eksamen – inntil 5 timar munnleg eksamen – inntil 30 minutt per elev munnleg-praktisk eksamen – inntil 45 minutt per elev praktisk eksamen – inntil 5 timar.

Prøvesvara ved lokalt gitt eksamen skal vurderast av to sensorar. Den eine sensoren skal vere ekstern. Den andre sensoren kan vere faglæraren til eleven. Faglæraren har plikt til å delta i vurderinga som sensor. Dersom det er usemje om karakteren, avgjer den eksterne sensoren. Som sensor ved lokalt gitt eksamen i programfag i yrkesfaglege utdanningsprogram kan det også nemnast opp ein fagarbeidar med praksis frå arbeidslivet.

Ved eksamen som krev eksaminator, skal den eine sensoren vere eksaminator. Eksamineringa skal gi kandidatane høve til å syne kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Under eksamen kan kandidaten prøvast i fleire og relevante delar av læreplanen enn det som kan lesast direkte ut av ein eventuell førebuingsdel. I eksamenstida ved munnleg eksamen skal kandidaten presentere temaet eller liknande som han eller ho har førebudd i førebuingsdelen. Dersom det er usemje om kva kandidaten skal prøvast i, er det den eksterne sensoren som avgjer.

§ 3-29 skal lyde:

Eksamenen kan organiserast med eller utan hjelpemiddel. Utdanningsdirektoratet fastset kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart fag ved sentralt gitt eksamen.

Ved lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring etter § 3-28 femte ledd bokstav a, c og d fastset vertfylket kva for hjelpemiddel som skal tillatast. Dei tillatne hjelpemidla må ikkje svekkje grunnlaget for å vurdere kompetansen til eleven.

Ved lokalt gitt munnleg eksamen er notata til eleven frå førebuingsdelen einaste tillatne hjelpemiddel.

III

Endringene i pkt. I og II trer i kraft 1. oktober 2013.