Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til privatskolelova
I kraft fra: 2013-11-01
I
I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova gjøres følgende endring:
§ 2-4 skal lyde slik:
Elevar skal delta i prøver, utvalsprøver og andre undersøkingar fastsette av departementet. Skoleeigaren skal sørgje for at dette blir gjennomført.
For elevar som får spesialundervisning etter kapittel 5 i opplæringslova, og når det dessutan er klart at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven, kan skolen gjere vedtak om å frita eleven frå å delta i prøvene. Det same gjeld elevar som har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 eller § 3-12. Eleven sjølv eller foreldra kan likevel bestemme at eleven skal ta prøvene.
Internasjonale skolar og utanlandske skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak dersom det verkar openbert urimeleg at elevane skal delta i prøvene.
Departementet fastsett nærmare retningslinjer for gjennomføringa av prøvene.
II
I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskolelova gjøres følgende endring:
§ 2-4 skal lyde slik:
Elevar skal delta i prøver, utvalsprøver og andre undersøkingar fastsette av departementet. Skolen sitt styre skal sørgje for at dette blir gjennomført.
For elevar som får spesialundervisning, jf. privatskolelova § 3-6, og når det dessutan er klart at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven, kan skolen gjere vedtak om å frita eleven frå å delta i prøvene. Det same gjeld elevar som har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter privatskolelova § 3-5. Eleven sjølv eller foreldra kan likevel bestemme at eleven skal ta prøvene.
Skolar som er godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, skal kunne søkje om å leggje prøvene til eit anna trinn enn det som er fastsett, eller søkje fritak frå å delta i prøvene. Slike søknader må grunngivast ut frå læreplanane til skolen. Søknaden skal sendast til Utdanningsdirektoratet.
Internasjonale skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak dersom det verkar openbert urimeleg at elevane skal delta i prøvene.
Departementet fastsett nærmare retningslinjer for gjennomføringa av prøvene.
III
Endringene i pkt. I og II trer i kraft 1. november 2013.