Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kommunal- og regionaldepartementet

Forskrift om endring i forskrift om bustøtte

LTI/forskrift/2013-12-12-1495·Kunngjort 18. desember 2013·Journalnr. 2013-1310

I kraft fra: 2014-01-01

I

I forskrift 29. november 2012 nr. 1283 om bustøtte blir det gjort følgjande endringar:

§ 3 første ledd skal lyde:

kr 61 800 i ein husstand med ein person kr 67 700 i ein husstand med to personar kr 73 600 i ein husstand med tre personar kr 79 500 i ein husstand med fire personar kr 85 400 i ein husstand med fem personar eller fleire.

§ 6 skal lyde:

Til inntekta blir det lagt 16 prosent av netto formuen til husstanden, med fråtrekk for eit fribeløp. Fribeløpet er kr 250 000 for husstandar i leigde bustadar. For andre husstandar er fribeløpet likningsverdien av eigen bustad inntil kr 525 000.

§ 14 første ledd skal lyde:

Dersom etterkontroll syner at husstanden har hatt ei omrekna inntekt i kalenderåret, som er kr 50 000 over den øvre inntektsgrensa som gjev rett til bustøtte, kan støtta for heile året krevjast tilbake utan omsyn til skuld. Krav under kr 10 000 skal likevel ikkje betalast tilbake.

§ 17 skal lyde:

Mottakarar som fekk bustøtte i juni 2009 skal ikkje få mindre utbetalt som følgje av endra bustøttereglar frå 1. juli 2009.

Overgangsordninga etter første ledd gjeld ikkje dersom den omrekna inntekta til husstanden blir høgare enn den høgste av den øvre inntektsgrensa for å få bustøtte i juni 2009 og inntektsgrensa for tilbakebetaling av bustøtte i § 14 første ledd. Overgangsordninga gjeld heller ikkje dersom husstanden flyttar eller talet på medlemer i husstanden endrar seg.

For andre enn unge uføre, jf. § 4 siste ledd, blir overgangsordninga trappa ned med 20 prosentpoeng kvart år over fem år frå og med 1. juli 2010.

§ 13 om minste utbetaling gjeld òg for overgangsordningane.

II

Denne forskrifta blir satt i kraft frå 1. januar 2014.