Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om saksbehandling i saker om odelsfrigjering etter odelslova § 30 til § 32

LTI/forskrift/2013-12-12-1496·Kunngjort 18. desember 2013·Journalnr. 2013-1311

I kraft fra: 2014-01-01

I

I forskrift 11. februar 2011 nr. 138 om saksbehandling i saker om odelsfrigjering etter odelslova § 30 til § 32 blir det gjort følgjande endringar:

Tittelen skal lyde:

Forskrift om saksbehandling i saker om odelsfrigjering etter odelslova § 30 og § 32

§ 1 skal lyde:

Denne forskrifta har til formål å sikre effektiv og forsvarleg saksbehandling i saker om odelsfrigjering etter lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten (heretter kalla odl.) § 30 og § 32.

odelsfrigjerar: den som har søkt om odelsfrigjering etter odl. § 30 eller § 32.

§ 3 første ledd skal lyde:

Skriftleg søknad om odelsfrigjering etter odl. § 30 og § 32 skal sendast til kommunen der odelseigedomen ligg. Kopi av odelsfrigjeraren sitt ervervsdokument med løyver og forkynt stemning i odelsløysingssaka skal leggjast ved søknaden. Søknaden skal innehalde opplysningar om kva som er formålet med odelsfrigjeringa.

§ 4 blir oppheva.

§ 5 skal lyde:

Søknad om odelsfrigjering etter odl. § 30 og § 32 må setjast fram innan to månader etter at stemning i løysingssak blei forkynt for eigaren. Kommunen kan gi oppfrisking for oversitting av fristen.

§ 9 andre ledd skal lyde:

I alle saker etter odl. § 30 og § 32 skal kommunen kontrollere om søknad om odelsfrigjering er sett fram av eigaren innan 2 månader rekna frå stemning i løysingssaka blei forkynt for han.

§ 9 fjerde ledd blir oppheva. Nåverande femte, sjette og sjuande ledd blir fjerde, femte og sjette ledd.

§ 14 skal lyde:

I tilfelle der nokon som har ein aktuell odelsløysingsrett når forskrifta her tek til å gjelde, går til løysingssak, gjeld likevel dei tidlegare reglane.

II

Endringane trer i kraft 1. januar 2014.