Hopp til innhold
Forskriftsendring
Barne- og likestillingsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot

LTI/forskrift/2013-12-17-1571·Kunngjort 20. desember 2013·Journalnr. 2013-1389

I kraft fra: 2014-01-01

I

I forskrift 15. januar 2003 nr. 123 om fastsetjing og endring av fostringstilskot blir desse endringane gjorde:

§ 6 andre stykke skal lyde:

Fastsette midla til skatt tek omsyn til skatt på allmenn inntekt før frådrag for gjeldsrenter o.a. og trygdeavgift. Som allmenn inntekt reknast i denne samanhengen den inntekta som er fastsett etter denne forskrifta § 4. Frådraga er minstefrådrag og personfrådrag. Minstefrådraget skal reknast ut frå satsane for pensjonsinntekt. Skattebelastninga i tilskotsevnevurderinga skal setjast til 27 prosent og trygdeavgifta til 8,2 prosent.

«Vedlegg. Grunnlagstal for utrekning av fostringstilskot» skal lyde:

Grunnlagstala her blir endra kvart år.

Underhaldskostnaden etter § 3 (kroner per månad)

Underhaldskostnaden som skal fordelast mellom foreldra, utgjer kostnader minus barnetrygd. Barnetrygda kjem ikkje til frådrag for barn over 18 år.

Forbruksutgifter og buutgifter Alderen til barnet 0–5 år 6–10 år 11–14 år 15 år og meir Forbruksutgifter 3 279 4 540 5 256 6 106 Buutgifter 2 232 2 232 2 232 2 232

Utgifter til barnetilsyn når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad Heiltidsbarnehage 506 Deltid, park 203

Utgifter til skolefritidsordning når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad SFO inntil 20 timar per veke 463 SFO inntil 10 timar per veke 281

Frådrag

Barnetrygd

Tilskotsevne etter § 6 (kroner per månad)

Midlar til eige underhald og buutgifter Einslege Gifte/sambuande Midlar til eige underhald 7 713 6 530 Buutgifter 7 390 4 862

Midlar til underhald av eigne barn i eigen husstand Barnet har ein bustad Barnet har delt bustad 2 943 1 471

Skattebelastninga i tilskotsevnevurderinga skal setjast til 27 prosent og trygdeavgifta til 8,2 prosent. Minstefrådraget og personfrådraget skal reknast inn.

Samværsfrådrag etter § 9 (kroner per månad) Alderen til barnet 0–5 år 6–10 år 11–14 år 15 år og meir Ikkje samvær/samvær mindre enn samværsklasse 1 0 0 0 0 Samværsklasse 1 (2–3 netter eller 2 eller fleire dagar per månad) 198 285 344 403 Samværsklasse 2 (4–8 netter per månad) 655 943 1 139 1 336 Samværsklasse 3 (9–13 netter per månad) 1 773 2 174 2 448 2 723 Samværsklasse 4 (14–15 netter per månad) 2 226 2 729 3 073 3 419

II

Endringane gjeld frå 1. januar 2014.