Forskrift om endring i forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot
I kraft fra: 2014-07-01
I
I forskrift 15. januar 2003 nr. 123 om fastsetjing og endring av fostringstilskot blir desse endringane gjorde:
«Vedlegg. Grunnlagstal for utrekning av fostringstilskot» skal lyde:
Grunnlagstala her blir endra kvart år.
Underhaldskostnaden etter § 3 (kroner per månad)
Underhaldskostnaden som skal fordelast mellom foreldra, utgjer kostnader minus barnetrygd. Barnetrygda kjem ikkje til frådrag for barn over 18 år.
Forbruksutgifter og buutgifter Alderen til barnet 0–5 år 6–10 år 11–14 år 15 år og meir Forbruksutgifter 3 314 4 617 5 346 6 221 Buutgifter 2 456 2 456 2 456 2 456
Utgifter til barnetilsyn når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad Heiltidsbarnehage 508 Deltid, park 203
Utgifter til skolefritidsordning når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad SFO inntil 20 timar per veke 484 SFO inntil 10 timar per veke 296
Frådrag
Barnetrygd
Tilskotsevne etter § 6 (kroner per månad)
Midlar til eige underhald og buutgifter Einslege Gifte/sambuande Midlar til eige underhald 7 890 6 680 Buutgifter 7 560 4 974
Midlar til underhald av eigne barn i eigen husstand Barnet har ein bustad Barnet har delt bustad 3 091 1 546
Skattebelastninga i tilskotsevnevurderinga skal setjast til 27 prosent og trygdeavgifta til 8,2 prosent. Minstefrådraget og personfrådraget skal reknast inn.
Samværsfrådrag etter § 9 (kroner per månad) Alderen til barnet 0–5 år 6–10 år 11–14 år 15 år og meir Ikkje samvær/samvær mindre enn samværsklasse 1 0 0 0 0 Samværsklasse 1 (2–3 netter eller 2 eller fleire dagar per månad) 200 291 350 412 Samværsklasse 2 (4–8 netter per månad) 664 962 1 161 1 365 Samværsklasse 3 (9–13 netter per månad) 1 872 2 288 2 564 2 849 Samværsklasse 4 (14–15 netter per månad) 2 350 2 872 3 219 3 577
II
Endringa gjeld frå 1. juli 2014.