Hopp til innhold
Forskriftsendring
Nærings- og fiskeridepartementet

Forskrift om endring i forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn

LTI/forskrift/2014-06-17-769·Kunngjort 19. juni 2014·Journalnr. 2014-0499

I kraft fra: 2014-06-17

I

I forskrift 18. desember 2008 nr. 1436 om manntal for fiskarar og fangstmenn vert det gjort følgjande endringar:

§ 2a (ny) skal lyde:

Med særleg verkeområde skal ein i denne forskrifta forstå Finnmark, kommunane Karlsøy, Kåfjord, Nordreisa, Kvænangen, Lyngen, Skjervøy, Storfjord, Balsfjord, Sørreisa, Salangen, Gratangen, Lavangen, Skånland, Narvik, Hamarøy, Tysfjord og Evenes, og grunnkretsane Jøvik, Olderbakken, Lakselvbukt, Lakselvdalen, Sjøvassbotn, Stordal, Sjursnes, Reiervik, Breivika og Ullsfjordmoane i Tromsø kommune.

Vedkomande er ikkje sysselsett i full verksemd i anna yrke eller næring enn fiske og fangst og anna hausting av viltlevande marine ressursar. Det er å rekne som full verksemd dersom ein har ei arbeidstid på 2/3 eller meir av det som er vanleg i vedkomande yrke eller næring. Det er også å rekne som full verksemd dersom inntekta på årsbasis overstig 400 000 kroner. Dersom vedkomande er busett i det særlege verkeområdet nemnd i § 2a, er inntektsgrensa 500 000 kroner. Som inntekt i anna yrke eller næring er å rekne summen av brutto lønnsinntekt, netto næringsinntekt påplussa eventuelle fondsavsetningar og kapitalinntekter. Pensjonsinntekt skal reknast med med mindre det dreier seg om fiskarpensjon eller om alderspensjon for personar under 75 år som har vore registrert i manntalet samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra.

§ 4 (endra) skal lyde:

Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 3 nr. 4–nr. 6 for personar som tek imot alderspensjon eller uførepensjon etter ein uføregrad på 60 % eller høgre, anten dersom dei har hatt fiske eller fangst i havet av fisk, krepsdyr, blautdyr eller småkval som hovudyrke i fem av dei siste 20 åra før overgang til pensjon, eller dersom særlege høve tilseier det når dei i det vesentlege av sitt yrkesaktive liv har oppfylt vilkåra for opptak på blad B. Det er eit vilkår at vedkomande tidlegare har vore registrert i fiskarmanntalet, og at vedkomande ikkje har inntekt frå anna yrke eller næring som overstig 300 000 kroner. Dersom vedkomande er busett i det særlege verkeområdet nemnd i § 2a, er inntektsgrensa 400 000 kroner.

Vedkomande er ikkje sysselsett i full eller avgrensa verksemd i anna yrke eller næring enn fiske og fangst og anna hausting av viltlevande marine ressursar. Det er å rekne som full eller avgrensa verksemd dersom ein har ei arbeidstid på 2/3 eller meir av det som er vanleg i vedkomande yrke eller næring, eller om ein er sjølvstendig næringsdrivande og har arbeidstakarar i verksemda si utanom hausting av viltlevande marine ressursar. Det er også å rekne som full eller avgrensa verksemd dersom inntekta på årsbasis overstig 300 000 kroner. Dersom vedkomande er busett i det særlege verkeområdet nemnd i § 2a, er inntektsgrensa 400 000 kroner. Som inntekt i anna yrke eller næring er å rekne summen av brutto lønnsinntekt, netto næringsinntekt påplussa eventuelle fondsavsetningar og kapitalinntekter. Pensjonsinntekt skal reknast med med mindre det dreier seg om fiskarpensjon eller om alderspensjon for personar under 75 år som har vore registrert på blad B samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra.

§ 9 tredje ledd (endra) skal lyde:

Registreringa kan tidlegast gjerast gjeldande frå søknadsdato. Med mindre det ligg føre opplysningar som tilseiar kortare varigheit, skal registreringa gjelde ut kalenderåret, eventuelt ut komande kalenderår dersom registrering skjer i perioden 1. november–31. desember.

II

Denne forskrifta trer i kraft straks.