Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om tilskot til avløysing

LTI/forskrift/2014-06-27-892·Kunngjort 1. juli 2014·Journalnr. 2014-0646

I kraft fra: 2014-07-01, 2015-01-01

Endrerforskrift/2006-11-08-1227

I

I forskrift 8. november 2006 nr. 1227 om tilskot til avløysing gjøres følgende endringer:

§ 3 skal lyde:

Tilskot etter denne forskrifta kan gjevast føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar, dersom verksemda er registrert i Einingsregisteret.

Tilskot etter denne forskrifta kan berre gjevast der avløysaren er minst 15 år, og ikkje har næringsinntekt frå føretaket eller er ektemake eller sambuar til ein som har næringsinntekt frå føretaket.

§ 4 skal lyde:

har sams eigarinteresser og som søkjer tilskot til same produksjon, samarbeider i ein slik grad at dei må reknast for å ha sams økonomiske interesser i produksjonen (driftsfellesskap) og som søkjer tilskot til same produksjon, eller heilt eller delvis vert eigd av aksjeselskap eller samvirkeføretak.

Sams eigarinteresser vil liggje føre der føretaket som søkjer om tilskot etter denne forskrifta heilt eller delvis vert eigd av nokon som har eigarinteresser i andre føretak som søkjer om tilskot til same produksjon. Det same vil gjelde der føretaket heilt eller delvis vert eigd av andre føretak som sjølve søkjer om tilskot til same produksjon.

Sams økonomiske interesser i produksjonen (driftsfellesskap) vil liggje føre der føretak samarbeider om produksjonen i ein slik grad at det vert oppnådd stordriftsfordelar. Om det ligg føre sams økonomiske interesser i produksjonen vil kome an på graden av sams økonomi, maskinpark, driftsopplegg eller arbeidsinnsats mv.

Med tilskot til same produksjon meinest tilskot til husdyr, slik dette er definert i eller i medhald av jordbruksoppgjeret.

Eit føretak reknast for å vere ramma av avgrensingane i fyrste ledd dersom føretaket etter påbod frå kommunen, fylkesmannen eller Landbruksdirektoratet ikkje kan godtgjere at det ikkje ligg føre slike tilhøve.

Tilskot etter denne forskrifta kan ikkje gjevast til skular og andre offentlege og private institusjonar.

§ 5 skal lyde:

Tilskot til avløysing ved ferie og fritid kan gjevast føretak med husdyrhald. Tilskotet vert fastsett ut frå totalt tal husdyr som blir disponert av føretaket på det tidspunkt eller i den perioden som er fastsett i eller i medhald av jordbruksoppgjeret.

For alle føretak gjevast slikt tilskot til dekking av dokumenterte lønsutgifter til avløysar, utgifter til landbruksvikar, eller utgifter til kjøp av avløysartenester frå eit avløysarlag eller ein avløysarring.

Ved overdraging av verksemd i løpet av året, blir tilskotet fordelt mellom føretaka etter den månaden overdraginga skjer. Føretaket må melde frå om endringa til kommunen. Maksimalt tilskot vert gjort gjeldande som grunnlag for tilskot frå og med månaden etter overdraginga av verksemda. Føretak som går inn i samdrift i mjølkeproduksjon i løpet av året, får behalde tilskotet som vart fastsett pr. 1. januar ut året. Føretak som går ut av slik samdrift i løpet av året får fastsett nytt avløysartilskot etter søknad pr. 1. januar året etter.

§ 12 1. ledd skal lyde:

Søknad skal sendast på søknadsskjema fastsett av Landbruksdirektoratet. Søknadsfristen for tilskot til avløysing ved ferie og fritid er 20. januar. Søknadsfristen for tilskot til avløysing ved sjukdom mv. er 3 månader etter siste dag som gjev rett til tilskot.

§ 12 4. ledd skal lyde:

Innvilga tilskot vert utbetalt til søkjaren.

§ 13 skal lyde:

Vedtak om tilskot etter denne forskrifta gjerast av kommunen. Fylkesmannen kan i særskilte høve dispensera frå reglane i denne forskrifta.

Vedtak som er gjort av kommunen kan klagast til fylkesmannen. Vedtak som er gjort av fylkesmannen kan klagast til Landbruksdirektoratet.

Landbruksdirektoratet kan gje nærare føresegner til denne forskrifta, herunder nærare krav til dokumentasjon og rapportering.

§ 14 skal lyde:

Føretak som vert gjeve tilskot etter denne forskrifta er pliktig til å gje alle dei naudsynte opplysningar som kommunen, fylkesmannen eller Landbruksdirektoratet gjer krav på.

Kommunen, fylkesmannen og Landbruksdirektoratet fører tilsyn med at utbetaling av tilskot etter denne forskrifta er rett, og kan under dette føreta stadleg kontroll hos føretak som mottek tilskot. Føretaket er pliktig til å yte bistand ved kontroll.

II

Endringene trer i kraft fra og med 1. juli 2014, med unntak av endringene i § 5 og § 12 4. ledd som trer i kraft fra og med 1. januar 2015.