Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til privatskolelova
I kraft fra: 2015-08-01
I
I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgende endringer:
§ 1-8 skal lyde:
Elevane på ungdomstrinnet i grunnskolen skal i tillegg til opplæring i engelsk ha opplæring i eit framandspråk til, språkleg fordjuping i engelsk, norsk eller samisk eller opplæring i arbeidslivsfaget.
Skoleeigaren skal tilby opplæring i framandspråk i minst eitt av dei fire språka tysk, fransk, spansk eller russisk etter læreplanen i framandspråk på nivå I ved kvar skole. I tillegg kan det vere tilbod om andre språk, også ikkje-europeiske, etter same læreplanen. Skoleeigaren bestemmer kva for framandspråk elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast.
Skoleeigaren skal tilby opplæring i språkleg fordjuping i minst eitt av faga norsk, engelsk eller samisk ved kvar skole. Skoleeigaren bestemmer kva for språkleg fordjuping elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast. Skoleeigarar kan i tillegg tilby arbeidslivsfaget.
Elevar som har hatt opplæring i framandspråk, språkleg fordjuping eller arbeidslivsfaget, har ikkje rett til å halde fram med opplæring i det faget dei har begynt på, dersom dei skifter skole. Skoleeigaren bør likevel, så langt det er mogleg, leggje til rette for at elevane kan halde fram med opplæring i det språket eller faget dei har begynt på.
Når ein elev har valt anten framandspråk, språkleg fordjuping eller arbeidslivsfag, skal eleven ha faget på heile ungdomstrinnet. Elevane kan i det første halvåret likevel gjere omval i samråd med skolen. Når det ligg føre særlege grunnar, kan skoleeigaren godkjenne overgang på eit seinare tidspunkt.
Skoleeigarar kan tilby fordjuping i matematikk til elevar som begynner på 8. trinn i skoleåret 2015/2016, som eit alternativ til eitt framandspråk til, til språkleg fordjuping i engelsk, norsk eller samisk eller arbeidslivsfaget. Skoleeigarar som vel å tilby fordjuping i matematikk for elevar på 8. trinn i skoleåret 2015/2016, må tilby faget for desse elevane gjennom alle dei tre åra på ungdomstrinnet. For fordjuping i matematikk gjeld fjerde og femte ledd tilsvarande. Føresegna får ein tilsvarande bruk for elevar som er omfatta av § 1-9 første ledd i forskrifta.
§ 1-9 skal lyde:
Elevar som får opplæring i samisk som første- eller andrespråk, er unnatekne frå kravet om opplæring etter § 1-8. Desse elevane har likevel rett til opplæring i framandspråk eller språkleg fordjuping dersom dei ønskjer det, eventuelt også arbeidslivsfaget dersom skoleeigar tilbyr dette faget.
Elevar som får opplæring i finsk som andrespråk etter opplæringslova § 2-7, norsk teiknspråk etter opplæringlova § 2-6 eller særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8, kan etter søknad bli fritekne frå kravet om opplæring i framandspråk eller språkleg fordjuping.
Elevar som er unnatekne frå kravet om opplæring i framandspråk eller språkleg fordjuping, skal få forsterka opplæring i engelsk, norsk, samisk, finsk eller eit anna språk som eleven alt har eit grunnlag i.
II
I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskolelova blir det gjort følgende endring:
§ 2A-6 skal lyde:
Elevane på ungdomstrinnet i grunnskolen skal i tillegg til opplæring i engelsk ha opplæring i eit framandspråk til, språkleg fordjuping i engelsk, norsk eller samisk eller opplæring i arbeidslivsfaget.
Skolen skal tilby opplæring i framandspråk i minst eitt av dei fire språka tysk, fransk, spansk eller russisk etter læreplanen i framandspråk på nivå I. I tillegg kan det vere tilbod om andre språk, også ikkje-europeiske, etter same læreplanen. Skolen bestemmer kva for framandspråk elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast.
Skolen skal tilby opplæring i språkleg fordjuping i minst eitt av faga norsk, engelsk eller samisk ved kvar skole. Skolen bestemmer kva for språkleg fordjuping elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast. Skolen kan i tillegg tilby arbeidslivsfaget.
Elevar som har hatt opplæring i framandspråk, språkleg fordjuping eller arbeidslivsfaget, har ikkje rett til å halde fram med opplæring i det faget dei har begynt på, dersom dei skifter skole. Skolen bør likevel, så langt det er mogleg, leggje til rette for at elevane kan halde fram med opplæring i det språket eller faget dei har begynt på.
Når ein elev har valt anten framandspråk, språkleg fordjuping eller arbeidslivsfag, skal eleven ha faget på heile ungdomstrinnet. Elevane kan i det første halvåret likevel gjere omval i samråd med skolen. Når det ligg føre særlege grunnar, kan skolen godkjenne overgang på eit seinare tidspunkt.
Skolen kan tilby fordjuping i matematikk til elevar som begynner på 8. trinn i skoleåret 2015/2016, som eit alternativ til eit framandspråk til, til språkleg fordjuping i engelsk, norsk eller samisk eller arbeidslivsfaget. Skolen som vel å tilby fordjuping i matematikk for elevar på 8. trinn i skoleåret 2015/2016, må tilby faget for desse elevane gjennom alle dei tre åra på ungdomstrinnet. For fordjuping i matematikk gjeld fjerde og femte ledd tilsvarande.
III
Endringene i pkt. I og II trer i kraft 1. august 2015.