Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om endring av forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.

LTI/forskrift/2015-06-30-821·Kunngjort 7. juli 2015·Journalnr. 2015-0704

I kraft fra: 2015-06-30

I

I forskrift 19. desember 2014 nr. 1821 om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. gjerast følgande endringar:

§ 4 skal lyde:

Det kan gjevast tilskot ved sjukdom dersom den personen som det vert søkt tilskot for avløysing av er yngre enn 70 år og sjukemeldt frå arbeid i føretaket.

Tilskot etter første ledd stansar når det er utbetalt tilskot for personen i til saman 365 dagar i løpet av dei tre siste åra. Teljinga av dagar tek til på nytt kvar gong det er gått 26 samanhengande veker sidan den siste dagen i den føregåande perioden det har vore utbetalt tilskot for.

§ 5 tredje ledd første punktum skal lyde

I samband med fødsel kan det gjevast tilskot for avløysing av faren i inntil 14 samanhengande dagar dersom han bur saman med mora til barnet og føretaket ikkje tek i mot tilskot for avløysing av mor i desse dagane.

§ 8 andre ledd skal lyde:

Søknadsfristen er 3 månader etter siste dag i perioden avløysinga fann stad. Dersom heile perioden er lenger enn to månader, kan det søkast om delutbetalingar.

II

Endringane trer i kraft straks.

Rettelser

Publisert: I 2015 hefte 9 (Rettelse)

Det som er rettet er satt i kursiv.

§ 5 tredje ledd første punktum skal lyde:

I samband med fødsel kan det gjevast tilskot for avløysing av faren i inntil 14 dagar dersom han bur saman med mora til barnet og føretaket ikkje tek i mot tilskot for avløysing av mor i desse dagane.