Forskrift om endring i forskrift til friskolelova
I kraft fra: 2015-08-01
I
I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til friskolelova blir det gjort følgjande endringar:
§ 3-3 første ledd skal lyde:
Grunnlaget for vurdering i fag er kompetansemåla i læreplanane for fag slik dei er fastsette i den læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3.
§ 3-11 fjerde og femte ledd skal lyde:
Læraren skal i undervegsvurderinga vurdere om eleven har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. friskolelova § 3-6 og opplæringslova § 5-1 og § 5-4.
Elevar med individuell opplæringsplan skal både ha undervegsvurdering og rettleiing i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. friskolelova § 3-6 og opplæringslova § 5-5 første ledd.
§ 3-13 første ledd skal lyde:
Halvårsvurdering i fag er ein del av undervegsvurderinga og skal syne kompetansen til eleven opp mot kompetansemåla i den læreplanen skolen har fått godkjend i faget etter friskolelova § 2-3. Ho skal også gi rettleiing om korleis eleven kan auke kompetansen sin i faget.
§ 3-13 fjerde og femte ledd skal lyde:
Halvårsvurderinga skal frå 8. årstrinnet gjennomførast midt i opplæringsperioden på kvart årstrinn, og ved slutten av opplæringsåret for fag som ikkje blir avslutta, jf. læreplanen skolen har fått godkjend etter friskolelova § 2-3.
Dagleg leiar har ansvaret for at faglæraren gjennomfører halvårsvurdering med og utan karakter. Dersom dagleg leiar er i tvil om reglane for halvårsvurdering er følgde, kan dagleg leiar be om ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette.
§ 3-17 første ledd skal lyde:
Standpunktkarakterar er karakterar som blir gitt ved avslutninga av opplæringa i fag, og som skal førast på vitnemålet.
§ 3-17 sjuende ledd skal lyde:
For elevar i grunnskolen som er fritekne for opplæringsplikt etter friskolelova § 3-3 andre ledd, gjeld den siste halvårsvurderinga med karakter som standpunktkarakter, jf. § 3-39 og § 5-1.
§ 3-18 første ledd skal lyde:
Elevar skal ha standpunktkarakterar i orden og i åtferd etter 10. årstrinnet. I vidaregåande opplæring skal elevar ha standpunktkarakter når dei avsluttar opplæringa i skole.
§ 3-20 andre og tredje ledd skal lyde:
Elevar i grunnskolen som har eit enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter friskolelova § 3-5, der det er fastsett at eleven skal få heile eller delar av opplæringa i eit innføringstilbod, kan fritakast frå vurdering med karakter i heile den perioden han eller ho er i innføringstilbodet. Eleven kan fritakast frå både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering.
Elevar i vidaregåande opplæring som har eit enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter friskolelova § 3-5, der det er fastsett at eleven skal få heile eller delar av opplæringa i eit innføringstilbod, kan fritakast frå vurdering med karakter i halvårsvurderinga i heile den perioden han eller ho er i innføringstilbodet. Eleven kan ikkje fritakast frå krava til standpunktvurdering.
§ 3-42 fjerde ledd andre punktum skal lyde:
Dette gjeld dersom eleven har fått innvilga søknad om omval etter forskrift til friskolelova § 3-3 fjerde ledd og opplæringslova § 3-1 fjerde ledd, eller har fått rett til ekstra opplæringstid etter opplæringslova § 3-1 femte ledd.
§ 3-45 fjerde ledd skal lyde:
For elevar i vidaregåande opplæring som har fått sluttvurdering i eit fag som elev meir enn éin gong, jf. § 3-16a andre og tredje ledd, skal den siste karakteren som er 2 eller betre, førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.
II
Endringane blir sette i kraft 1. august 2015.