Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i økonomiforskrift til friskolelova

LTI/forskrift/2015-09-22-1093·Kunngjort 29. september 2015·Journalnr. 2015-0930

I kraft fra: 2015-09-25

I

I forskrift 19. desember 2006 nr. 1503 om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for skolar med rett til statstilskot etter privatskolelova (økonomiforskrift til privatskolelova) er det gjort en rekke endringer. Forskriften skal etter endringene lyde:

Forskrift om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for skolar med rett til statstilskot etter friskolelova (økonomiforskrift til friskolelova)

Heimel: Fastsett av Kunnskapsdepartementet 19. desember 2006 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova) § 6-1 femte ledd og § 7-1.

Denne forskrifta gjeld skolar som søkjer om godkjenning etter friskolelova og skolar som driv verksemd etter friskolelova.

Forskrifta skal vere med på å sikre at grunnlaget for statstilskot til den enkelte skolen er korrekt, og at skolane brukar det offentlege tilskotet og skolepengane i samsvar med friskolelova og føresetnadene for godkjenninga.

Ein søknad om godkjenning etter friskolelova skal følgjast av eit realistisk budsjett. Budsjettet skal vise korleis drifta skal finansierast og kva for kostnader som vil kome på det året skolen startar opp, første heile driftsår og ved fullt utbygd skole. Budsjettet skal m.a. vise kostnader til lønn, under dette arbeidsgjevaravgift og pensjonskostnader, materiell, inventar, husleige og finanskostnader. I tilknyting til budsjettet skal det leggjast fram ein prognose for elevtal, ei oversikt over korleis statstilskotet og storleiken på skolepengane er rekna ut, og ei utgreiing om planlagde investeringar. Budsjettet skal følgje Norsk Standard 4102.

Dersom skolen skal drive skolefritidsordning, internat, utleige av tenestebustader ved internatet og/eller tilrettelegging i samband med godkjende samarbeidsprosjekt med utanlandske skolar som er knytte til den enkelte skolen, jf. friskolelova § 2-2 første ledd andre punktum, må ein søknad om godkjenning etter friskolelova òg følgjast av eit realistisk budsjett for denne drifta. Skolen skal utarbeide eige budsjett for skoleverksemda, skolefritidsordninga, internatet, utleiga av tenestebustader ved internatet og/eller tilrettelegginga i samband med godkjende samarbeidsprosjekt med utanlandske skolar.

Ved søknad om unntak etter friskolelova § 2-2 første ledd tredje punktum for anna verksemd som er nært knytt til skoleverksemda, gjeld andre ledd tilsvarande.

Ved søknad om driftsendringar etter friskolelova, skal skolen sende inn nytt budsjett og rekneskap frå det siste året til Utdanningsdirektoratet.

Alle skolar som driv verksemd etter friskolelova, skal føre rekneskap. Rekneskapsføringa skal følgje rekneskapsloven og bokføringsloven. Kontoplanen skal byggje på Norsk Standard 4102 med eigne konti for skolepengar og statstilskot.

Alle transaksjonar som gjeld skoledrifta etter friskolelova, skal førast i rekneskapen. Rekneskapen skal ikkje innehalde transaksjonar som ikkje vedkjem skoledrifta, jf. friskolelova § 2-2 første ledd første punktum. Rekneskapen kan likevel innehalde kostnader og inntekter knytte til skolefritidsordning, internat, utleige av tenestebustader ved internatet, tilrettelegging i samband med godkjende samarbeidsprosjekt med utanlandske skolar og anna særskild godkjent verksemd, jf. friskolelova § 2-2 første ledd andre og tredje punktum. Skoledrifta etter friskolelova skal førast på eiga avdeling. Ein rekneskap som blir ført med bruk av fleire avdelingar, skal vise interne transaksjonar. Desse transaksjonane skal vere tilfredsstillande dokumentert.

Årsrekneskap, årsberetning, jf. rekneskapsloven § 3-1, og revisjonsberetning skal sendast utan oppmoding til Utdanningsdirektoratet innan 1. juni året etter rekneskapsåret. Driv skolen anna verksemd etter friskolelova § 2-2 første ledd andre og tredje punktum, skal skolen også sende inn avdelingsrekneskap.

For norske skolar i utlandet som har plikt til å føre rekneskap etter lovgivinga i vertslandet, kan Utdanningsdirektoratet etter søknad gi dispensasjon frå tidsfristen i tredje ledd.

Spesifisering av offentlege finansieringskjelder. Spesifiseringa må vise kven som har ytt midlane og formålet med ytinga. Skolepengesatsane. Kva formål investeringsfondet, jf. kapittel 5, skal nyttast til, og korleis grunnlaget for fondsavsetning er rekna ut. Dersom skolen har brukt av fondsmidlane, skal det stå kva midlane er brukte til i note til rekneskapen. Dersom skolen vil bruke fondsmidlane til eit anna investeringsformål knytt til skoledrifta enn det som opphavleg var vedteke, skal dette omtalast i note.

Driv skolen anna verksemd etter friskolelova § 2-2 første ledd andre og tredje punktum, skal det ved note til årsrekneskapen givast særskilt opplysning om avdelingsvis fordeling av fellesutgifter.

Statstilskot og skolepengar frå elevane skal nyttast til å gi opplæring i samsvar med godkjenninga etter friskolelova. Statstilskotet og skolepengane skal brukast det året tilskotet blir gjeve eller skolepengane kravd inn. Statstilskotet kan likevel disponerast etter reglane i kapittel 4 og 5.

Statstilskot og skolepengar kan ikkje lånast ut. Dette gjeld òg statstilskot som er disponert etter kapittel 4 og 5.

Statstilskot blir utbetalt på grunnlag av prognose fram til rapportering av faktisk elevtal ligg føre, jf. § 15 første ledd. Dersom faktisk elevtal er lågare enn prognosen, skal for mykje utbetalt statstilskot betalast attende til Utdanningsdirektoratet.

Dersom det blir teke avgjerd om nedlegging av skoledrifta, skal skolen omgåande og utan oppmoding gi melding til Utdanningsdirektoratet. For mykje utbetalt statstilskot skal utan oppmoding betalast attende til direktoratet.

Statstilskot til nye skolar blir ikkje utbetalt før skoleanlegga er godkjende av fylkesmannen, jf. friskolelova § 2-4, skolen er registrert i Einingsregistret eller i tilsvarande register, jf. friskolelova § 2-2 andre ledd, og skolen har oppfylt eventuelle andre krav Utdanningsdirektoratet har stilt i vedtaket om godkjenning av skolen. Dersom desse krava ikkje blir oppfylt innan 15. juni det skoleåret skolen skal starte opp, vil tilskot bli utrekna og utbetalt frå den 1. i månaden etter at krava vert oppfylt. For vidaregåande skolar som har skolestart i januar månad, kan Utdanningsdirektoratet etter søknad gjere unntak frå krava i andre punktum.

Dersom rekneskapen eit år viser overskot og elevane har fått opplæring i samsvar med gjeldande reglar og føresetnadene for godkjenninga, kan styret gjere vedtak om å føre over inntil 10 % av det mottekne statstilskotet frå eit rekneskapsår til det neste. Statstilskot som er overført, må brukast til å dekkje driftsutgifter i det komande rekneskapsåret, og tilskotet må kome elevane til gode, jf. friskolelova § 6-3.

Dersom rekneskapen eit år viser overskot og elevane har fått opplæring i samsvar med gjeldande reglar og føresetnadene for godkjenninga, kan styret gjere vedtak om å setja av inntil 15 % av det mottekne statstilskotet til investeringsfond. Investeringsfondet skal nyttast til dekking av kostnader knytte til framtidige investeringar i driftsmidlar som har ei levetid på minst 3 år, og som kjem elevane til gode. Samstundes skal styret gjere vedtak om kva formål investeringsfondet skal nyttast til og når investeringa skal vere gjennomført.

Fondsavsetjinga skal setjast på ein eigen konto i ein bank underlagd lovgivinga i eit EØS-land. Dersom norske skolar utanfor EØS-området ønskjer å nytte ein annan bank, trengst det godkjenning frå Utdanningsdirektoratet.

Styret avgjer når investeringsfondet kan nyttast, jf. § 8. Investeringsfondet skal nyttast til det føremålet fondet vart skipa for. Styret kan i særlege tilfelle gjere vedtak om at fondet kan nyttast til andre investeringar i driftsmidlar som kjem elevane til gode.

Dersom investeringsfondet ikkje er nytta slik styret har vedtatt, jf. § 8 og § 10, skal dei avsette midlane inklusiv rente førast attende til Utdanningsdirektoratet. Direktoratet kan i slike tilfelle etter søknad godkjenne at skolen får behalde fondsmidlane. Direktoratet kan også i særskilte tilfelle godkjenne at skolen avviklar fondet og nyttar midlane til skoledrift etter friskolelova.

Blir investeringsfondet nedlagt fordi skoledrifta blir avskipa, skal dei avsette fondsmidlane inklusiv rente, og aktiva som er finansiert ved slike fondsmidlar, førast attende til Utdanningsdirektoratet, jf. friskolelova § 7-2 andre ledd. Utdanningsdirektoratet kan i slike tilfelle etter søknad godkjenne at fondsmidlane blir førde over til ei anna skoleverksemd etter friskolelova. Ved overføring til ei anna skoleverksemd er bruk av fondsmidlane avgrensa til investeringar.

Det er eit vilkår at elevane i heile levetida til investeringsfondet får opplæring i samsvar med gjeldande reglar og føresetnadene for godkjenninga, og at fondsmidlane kjem elevane til gode.

Avgjerdsretten til styret etter kapittel 5 kan ikkje delegerast. Reglane om avgjerdsretten til styret står tilbake dersom lov eller vedtekter legg avgjerdsretten til eit organ som er overordna styret, men fritar ikkje styret for ansvaret for at reglane i desse forskriftene blir haldne.

Utdanningsdirektoratet avgjer i samsvar med friskolelova § 7-2 første ledd om eit vedtak om skiping av investeringsfond, oppbygging av investeringsfond, bruk av fondsmidlar og nedlegging av investeringsfond er i strid med lov, forskrift eller føresetnadene for godkjenninga.

Grunnlaget for å rekne ut statstilskotet er talet på heilårselevar som faktisk har følgt opplæringa, jf. § 15 første ledd.

I grunnskolar kan det berre givast tilskot til heilårselevar. Heilårselevar i grunnskolar er elevar som minst har eit årstimetal som svarar til det årstimetalet som gjeld for offentlege grunnskolar.

Heilårselevar i vidaregåande skolar som er godkjende etter friskolelova § 2-1, er elevar som minst har eit årstimetal som svarer til det årstimetalet som gjeld for tilsvarande offentlege vidaregåande programområde.

For deltidselevar må det gjerast ei omrekning til heilårselevar i høve til årstimetalet til programområdet/kurset. For deltidskurs må det gjerast ei omrekning til heilårselevar i høve til kor mange årstimar kurset har.

Omrekning av deltidselevar til heiltidselevar skal vere dokumentert av den enkelte skolen. Dokumentasjonen skal vise omrekninga for kvar enkelt elev.

I vidaregåande skolar kan fråvær utover 20 skoledagar i løpet av eit skoleår ikkje godtakast, jf. § 15 andre ledd. Fråvær frå enkelttimar må omreknast til heile dagar. Etter søknad kan departementet i særlege tilfelle dispensere frå føresegna i dette leddet.

I vidaregåande skolar blir fråvær som skuldast sjukdom som er attestert av lege, ikkje rekna som fråvær etter denne føresegna. Det same gjeld organisert eller sjølvstendig studiearbeid, deriblant skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglærar eller dagleg leiar. Avgrensa til i alt 14 skoledagar i skoleåret skal følgjande ikkje reknast som fråvær i desse skolane: arbeid som tillitsvald, politisk arbeid, hjelpearbeid, lovpålagde oppmøte, fråvær av helse- og velferdsgrunnar og fråvær ved religiøse høgtider for elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja.

Styret skal syte for at skolen har eit tilfredsstillande administrativt system for registrering av frammøte og fråvær, at registreringa er à jour og at dokumentasjonen er tilgjengeleg for revisor og Utdanningsdirektoratet. Fråvær skal registrerast i dagar og enkelttimar. For deltidselevar skal fråvær registrerast berre i timar. Frammøte og fråvær skal attesterast av ansvarleg undervisningspersonale (faglærar).

Dokumentasjon som blir kravd etter denne paragrafen, skal skolen ta vare på i minst 10 år etter utgangen av det skoleåret det gjeld.

Grunnskolar skal rapportere det faktiske elevtalet per 1. oktober kvart skoleår til Utdanningsdirektoratet. Vidaregåande skolar skal rapportere det faktiske elevtalet per 1. oktober og 1. april kvart skoleår til Utdanningsdirektoratet. Det er eit vilkår at elevane har følgt den godkjende opplæringa, jf. friskolelova § 2-3, og at dette kan dokumenterast, jf. § 13. Rapportering av elevtalet skal gjerast på skjema utarbeida av Utdanningsdirektoratet og underskrivast av dagleg leiar.

Dersom ein elev ved ein vidaregåande skole per 1. oktober eller 1. april har fråvær utover 20 skoledagar, jf. § 13 sjette og sjuande ledd, skal eleven ikkje reknast for å ha følgt opplæringa.

Dersom ein vidaregåande skole har programområde/kurs som ikkje vert gitt på nokre av teljetidspunkta, fastset Utdanningsdirektoratet i det einskilde tilfellet korleis skolen skal rapportere det dokumenterte elevtalet.

Revisjonen skal utførast av ein statsautorisert eller registrert revisor i samsvar med revisorloven.

Revisor skal i tillegg til rekneskapsrevisjonen stadfeste elevtalet på skolen, under dette kontrollere om elevtalet er gitt i samsvar med den dokumentasjonen som blir kravd etter § 13, § 14 og § 15.

Revisor skal òg kontrollere og stadfeste om eventuelle investeringsfond er vedtekne, oppbygt, brukt og eventuelt nedlagt i samsvar med reglane i denne forskrifta.

Stadfestingane skal gjevast med standardtekst som Utdanningsdirektoratet fastset.

Utdanningsdirektoratet kan også krevje andre stadfestingar eller opplysningar av revisor enn dei som er nemnde i denne føresegna.

Styret pliktar å gjere revisor kjend med friskolelova, forskrifter gitt med heimel i lova, føresetnadene for godkjenninga og det årlege tilskotsbrevet frå Utdanningsdirektoratet.

Styret er ansvarleg for at skolen har tilstrekkeleg dokumentasjon for at friskolelova, forskrifter gitt med heimel i lova og føresetnadene for godkjenninga er følgde.

Departementet, Utdanningsdirektoratet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at skulane har oppgitt korrekt grunnlag for å rekne ut tilskot, og at skulane brukar tilskotet i samsvar med gjeldande reglar og føresetnadene for godkjenninga. Departementet, Utdanningsdirektoratet og Riksrevisjonen kan krevje å få utlevert originale rekneskapsvedlegg og annan dokumentasjon som underbyggjer årsrekneskapen og grunnlaget for tildeling av tilskot, mellom anna enkeltvedtak om inntak, frammøte- og fråværeprotokollar, eksamensprotokollar, dokumentasjon/vitnemål og reskontro over betalte skolepengar.

Denne forskrifta tek til å gjelde frå 1. januar 2007, med unntak av § 13 sjette og sjuande ledd og § 15 første og andre ledd, som tek til å gjelde frå 1. juli 2007. Forskrift 25. september 2003 nr. 1182 om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for friskolar som får statstilskot etter lov om frittståande skolar (friskolelova), med unntak av § 7 første og andre ledd, blir oppheva frå 1. januar 2007. § 7 første og andre ledd i forskrift 25. september 2003 nr. 1182 blir oppheva frå 1. juli 2007.

II

Endringene i pkt. I trer i kraft 25. september 2015.