Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova

LTI/forskrift/2015-12-04-1407·Kunngjort 10. desember 2015·Journalnr. 2015-1192

I kraft fra: 2016-08-01

Endrerforskrift/2006-06-23-724
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 9a-10

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endring:

§ 12-1 lyde:

Når skolen er ansvarleg for tryggleiken til elevane, må tilsynet i praksis vere forsvarleg i forhold til risikoen for at skade eller ulykke kan skje. I situasjonar der skolen er ansvarleg for symjing og bading i grunnskolen, skal det alltid vere ein tilsynsansvarleg, vaksen person til stades. Dersom den gruppa skolen har ansvaret for, overstig 15, skal tilsynet aukast med ein vaksen tilsynsperson for kvar påbegynt gruppe på 15. Dei som fører tilsyn, må vere flinke til å symje og dykke, og må kunne livredning. Tilsynet må aukast ytterlegare når omsynet til tryggleik gjer det nødvendig. For vidaregåande skole gjeld her berre det generelle kravet om tryggleik, slik det er formulert i bokstav a. I ordensreglementet for skolen bør det takast inn føresegner som nærmare regulerer trafikktryggleik og andre førebyggjande tiltak. Foreldra avgjer om barna får sykle til skolen eller ikkje. Reglane for grunnskolen gjeld tilsvarande for skolefritidsordninga.

II

Endringa blir sette i kraft 1. august 2016.