Hopp til innhold
Forskriftsendring
Helse- og omsorgsdepartementet

Forskrift om obduksjon og avgjeving av lik til undervisning og forsking (obduksjons- og likavgjevingsforskrifta)

LTI/forskrift/2015-12-18-1747·Kunngjort 29. desember 2015·Journalnr. 2015-1436

I kraft fra: 2016-01-01

Kapittel 1. Formål og verkeområde

§ 1 . Formål

Formålet med forskrifta er å bidra til at medisinske obduksjonar og bruk av lik som er avgjevne til bruk i undervisning og forsking, blir utført på ein verdig måte og med respekt for den døde og dei pårørande til avdøde.

§ 2 . Verkeområde

medisinske obduksjonar, jf. obduksjonslova § 3 bokstavane a og b og bruk av lik som er avgjevne til undervisning og forsking i anatomi og andre medisinske fag.

Kapittel 2. Obduksjon

§ 3 . Opplysingar som skal gå fram av krav om obduksjon

dei næraste pårørande er informerte om at det er ønskeleg med obduksjon, utteke materiale kan bli brukt til undervisning og forsking, dei har rett til å nekte obduksjon, dei har rett til å nekte bruk av uttatt materiale til undervisning og forsking. dei pårørande har opplyst om dei kjenner til forhold som gir grunn til å tru at avdøde ville ha motsett seg obduksjon eller uttak av biologisk materiale til bruk i undervisning eller forsking.

§ 4 . Behandling av liket og biologisk materiale frå den døde

Utsjånaden til den døde skal, så godt det lar seg gjere, gjenopprettast etter obduksjonen.

Utteke biologisk materiale skal behandlast etisk og fagleg forsvarleg og med respekt for den materialet stammar frå og dei pårørande.

Kapittel 3. Avgjeving av lik til bruk i undervisning og forsking

§ 5 . Kven som kan få utlevert lik til bruk i undervisning og forsking

Til bruk i undervisning og forsking i anatomi og andre medisinske fag, kan universiteta i Oslo, Bergen, Tromsø og Trondheim krevje å få utlevert lik som er avgjevne etter obduksjonslova § 9.

§ 6 . Avskjedsseremoni og andre ønske frå avdøde

Liket kan ikkje overførast til universitetet før avskjedsseremoni i tråd med ønska til avdøde og dei pårørande er gjennomført.

Universitetet skal undersøke om den avdøde ga uttrykk for andre særskilte ønske saman med samtykket etter obduksjonslova § 9.

§ 7 . Oversikt over utleverte lik

Universitetet som har fått utlevert liket, skal sørgje for at liket, og delar av det, blir gitt nummer eller merke slik at det lett kan identifiserast.

lik dei har fått utlevert til bruk i undervisning og forsking, korleis det utleverte liket er brukt i undervisning og forsking og når liket er overført til gravferd.

§ 8 . Bruk av avgjevne lik

Universitetet som har fått utlevert liket, avgjer kven som kan bruke liket, eller delar av liket til undervisning og forsking. Universitetet kan setje vilkår for bruken av liket.

Den som brukar eit lik, eller noko av det, i undervisning eller forsking eller på annan måte har med det å gjere, skal halde seg strengt til føremålet med bruken og i arbeidet vise respekt for den døde.

Namnet og anna om livshøvet til den døde skal ikkje vere tilgjengeleg for andre enn dei som har behov for å kjenne til dette. Det kan likevel opplysast om alder, sjukdommar og anna som er ønskeleg eller nødvendig i undervisninga eller forskinga, men som ikkje bidreg til å finne ut kven den døde var.

Kapittel 4. Sluttføresegner

§ 9 . Endringar i andre forskrifter

Forskrift 19. mars 2004 nr. 542 om obduksjon m.m. og forskrift 11. januar 1985 nr. 19 om avgjeving av lik til bruk for undervisning og forsking i anatomi og andre medisinske fag ved universiteta og andre lærestadar vert oppheva.

§ 10 . Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2016.