Forskriftsendring
Nærings- og fiskeridepartementet
Forskrift om utviding av det stadlege verkeområde til lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova)
LTI/forskrift/2016-01-08-9·Kunngjort 8. januar 2016·Journalnr. 2016-0012
I kraft fra: 2016-01-08
HjemmelHavressurslova § 4
I
Det stadlege verkeområde til lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova) vert utvida til også å gjelde på norsk landterritorium på Svalbard. På norsk landterritorium på Svalbard gjeld forskrifter etter havressurslova likevel berre når det er fastsett i forskriftene.
II
Endringane trer i kraft straks.