Forskrift om endring i forskrift om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar 2016
I kraft fra: 2016-01-15
I
I forskrift 16. desember 2015 nr. 1774 om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar 2016 blir desse endringane gjorde:
§ 2-2 skal lyde:
Lån i Lånekassen har flytande rente så sant låntakaren ikkje inngår avtale om å binde renta.
Utgangspunktet for å fastsetje rente på lån i Lånekassen er ei basisrente berekna av Finansdepartementet på grunnlag av gjennomsnittet av dei beste tilboda om bustadlån i marknaden. Vilkåra for uttrekk av lånetilbod og utrekning av gjennomsnittet er fastsette i forskrift 18. desember 2015 nr. 1768 om endring i forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14. Med grunnlag i desse vilkåra fastset Finansdepartementet basisrentene for flytande og fast rente. Frå basisrenta blir det trekt 0,50 prosenteiningar for å komme fram til ei årleg effektiv rente både for fast og flytande rente.
r n = årleg nominell rente i prosent r e = årleg effektiv rente i prosent før gebyr, medrekna fratrekket på 0,50 prosenteiningar n = talet på betalingsterminar per år
Ved utrekninga av dei nominelle rentene skal det liggje til grunn at det er tolv terminar per år. Rentene blir oppgitte med tre desimalar. Det er Lånekassen som fastset dei nominelle rentene. Når effektiv rente på lånet til kunden skal reknast ut, kjem i tillegg gebyr med heimel i utdanningsstøtteloven § 8 og tilhøyrande forskrifter.
Hovudstolen og kapitaliserte renter blir rentebelasta på etterskott, med ei nominell perioderente som tilsvarer den årlege nominelle renta dividert på 365 eller 366 dagar. Nye påløpte renter som ikkje er betalte før kvart terminforfall, blir kapitaliserte etter forfallet.
Utgangspunktet for å fastsetje flytande rente er observasjonar i løpet av to månader av tilbod om bustadlån med flytande rente. Observasjonsperiodane startar ved årsskiftet, og ny rente trer i kraft to månader etter avslutta observasjonsperiode.
Lånekassen tilbyr fast rente annankvar månad for periodar på tre, fem eller ti år. Utgangspunktet for å fastsetje dei faste rentene er observasjonar i løpet av éin månad av tilbod om bustadlån med den same rentebindingstida. Observasjonsperiodane startar ved årsskiftet, og ny rente trer i kraft éin månad etter avslutta observasjonsperiode. Til dømes er den faste renta frå 1. mars fastsett ut frå observasjonar i januar. Ved avtale om binding av renta gjeld den aktuelle fastrenta frå éin månad etter avslutta observasjonsperiode.
Det blir rekna renter etter forsinkelsesrenteloven av det forfalne beløpet frå dagen etter forfallsdato, og av heile lånet frå den datoen lånet er sagt opp på grunn av misleghald.
§ 2-3 skal lyde:
Renta kan bindast for ein periode på tre, fem eller ti år.
Søknad om å binde renta må vere kommen inn til Lånekassen seinast 17 dagar etter avslutta observasjonsperiode.
Ein låntakar som har inngått avtale om å binde renta, skal betale i samsvar med avtalen.
Det er ikkje høve til å binde renta på berre ein del av lånet.
§ 2-4 skal lyde:
Dersom det ikkje er inngått ny avtale om å binde renta når avtaleperioden er ute, blir lånet forrenta etter reglane for flytande rente, sjå § 2-1 og § 2-2.
Ved ekstra innbetaling på lån med fast rente blir det rekna over- og underkurs etter reglane i forskrift 7. mai 2010 nr. 654 om kredittavtaler mv. § 9. Utgangspunktet er årlege effektive renter, avrunda til éin desimal før gebyr, utrekna av Finansdepartementet og publiserte på nettsidene til Lånekassen. Dei årlege effektive rentene før gebyr vil gå fram av låneavtalen til kunden.
Ved utrekning av det vekta gjennomsnittet av renta for to tilsvarande lån med ei kortare og lengre bindingstid (interpolering) som ligg nærmast resten av bindingstida for det lånet som blir tilbakebetalt, skal dei rentetilboda som gjeld på tilbakebetalingstidspunktet brukast. Dersom det ikkje finst noko tilbod om rentebinding på det aktuelle tidspunktet, bruker Lånekassen det siste tilbodet om fastrente. Når det er mindre enn tre år igjen av løpetida for det aktuelle fastrentelånet, bruker Lånekassen den flytande renta på tilbakebetalingstidspunktet og tre års fastrentetilbod til å rekne ut gjennomsnittleg rente.
Dersom låntakaren avsluttar fastrenteavtalen i avtaleperioden, bruker Lånekassen dei reglane for utrekning av over- og underkurs som er oppgitte i forskrift 7. mai 2010 nr. 654 om kredittavtaler mv. § 9. Overgang frå fast til flytande rente vil skje på den første dagen i månaden etter at søknaden er levert inn, innanfor dei tidsfristane som gjeld. Ved utrekning av den interpolerte renta mellom to lån med ei kortare og lengre bindingstid som ligg nærmast resten av bindingstida for det lånet som går frå fast til flytande rente, bruker Lånekassen dei tilboda for fast rente som på søknadstidspunktet vil vere gjeldande renter frå første dag i neste månad. Når det er mindre enn tre år igjen av løpetida for det aktuelle fastrentelånet, bruker Lånekassen den flytande renta som gjeld i den månaden søknaden er levert inn og det tre års fastrentetilbodet som på søknadstidspunktet vil vere gjeldande rente frå første dag i månaden etter at søknaden er levert inn.
Dersom låntakaren avsluttar fastrenteavtalen i avtaleperioden, oppstår ein sperrefrist på to månader der lånet har flytande rente, før lånet eventuelt kan bindast på nytt, sjå § 2-5 bokstav g.
Ein søknad om å avslutte fastrenteavtalen må vere kommen inn til Lånekassen seinast 17 dagar etter at observasjonsperioden er avslutta.
Avtalen om rentebinding blir også oppheva dersom låntakaren begynner i fulltids- eller deltidsutdanning i avtaleperioden og får lån og/eller stipend frå Lånekassen. Overgangen frå fast til flytande rente vil skje på den første dagen i månaden etter at avtalen blir rekna som oppsagd. Det blir rekna over- eller underkurs i samsvar med reglane i andre og tredje ledd.
II
Endringane trer i kraft straks.