Forskrift om endringar i forskrift av 11. desember 2015 nr. 1446 om inndeling i jordskiftesokn og tilordning til lagmannsrettane
I kraft fra: 2016-02-19
I
I forskrift 11. desember 2015 nr. 1446 om inndeling i jordskiftesokn og tilordning til lagmannsrettane blir det gjort følgjande endringar:
Romartal I nummer 13 skal lyde:
13. Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett lokalisert i Førde:
Følgjande kommunar skal sokne til Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett: Jølster, Førde, Naustdal, Flora, Bremanger, Gaular, Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Solund, Gulen og Høyanger.
Romartal II nummer 5 skal lyde:
5. Eidsivating lagmannsrett:
Følgjande jordskifterettar skal sokne til Eidsivating lagmannsrett: Vestoppland og Sør-Gudbrandsdal jordskifterett, Valdres jordskifterett, Nord-Gudbrandsdal jordskifterett, Hedemarken og Sør-Østerdal jordskifterett, Glåmdal jordskifterett, Nord-Østerdal jordskifterett. Det same gjeld saker som kjem frå Akershus og Oslo jordskifterett i første instans med unntak for saker frå kommunane Oslo, Bærum, Asker, Nesodden, Oppegård, Ski, Frogn, Ås, Vestby og Enebakk.
II
Endringane trer i kraft straks.