Forskriftsendring
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Delegering av mynde etter lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova)
LTI/forskrift/2016-03-18-266·Kunngjort 18. mars 2016·Journalnr. 2016-0244
I kraft fra: 2016-03-18
Endrerforskrift/2007-01-18-47
HjemmelInndelingslova § 17
Kongens mynde etter inndelingslova § 6 og § 7 blir delegert til departementet.
Kongens mynde etter inndelingslova § 17 til å fastsetje nærmare reglar for gjennomføring av grenseendring etter § 4, § 5 eller § 6, medrekna det å gjere unntak frå gjeldande reglar i lov eller forskrift, blir delegert til departementet. Fullmakta etter føregåande punktum kan ikkje delegerast vidare.
Vedtak 18. januar 2007 nr. 47 om delegering av mynde etter lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser, blir oppheva.