Forskrift om endring i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
I kraft fra: 2016-04-28
I
I forskrift 4. desember 2014 nr. 1697 om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda vert følgande endring gjort:
§ 5-9 skal lyde:
(1) Ein student som har vore oppe til eksamen, kan ikkje unndra seg sensur etter at eksamenssvaret er levert.
(2) Ved eksamen med tilsyn kan eksamenssvar som er leverte, ikkje leverast ut igjen, endrast eller supplerast.
(3) Ved eksamen utan tilsyn kan ein student erstatte eit eksamenssvar som allereie er levert, med eit nytt eksamenssvar fram til avtala innleveringsfrist.
(4) Ved eksamen utan tilsyn kan ein student eller grupper av studentar kallast inn til tilleggseksamen. Studiedirektøren avgjer om slik eksamen skal arrangerast.
(5) Ved gruppeeksamen kan ein student som meiner at gruppa sitt eksamenssvar ikkje reflekterer eige kunnskapsnivå, søkje om å få ein individuell tilleggseksamen. Slik søknad må vere fremja innan to timar etter innleveringsfristen eller eksamen er gjennomført. Resultatet av tilleggseksamenen gjeld berre denne studenten og tel som eit eksamensforsøk.
(6) Ein student som får karakteren F eller ikkje stått på ei mastergradsoppgåve, bachelorgradsoppgåve, semesteroppgåve eller liknande, kan bruke den same problemstillinga ved eit nytt eksamensforsøk. Dersom studenten får karakteren F eller ikkje stått også på andre forsøk, må det leverast heilt nytt eksamenssvar med ny problemstilling ved tredje forsøk.
II
Endringa trer i kraft straks.