Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kulturdepartementet

Delegering av ansvar etter målbruksforskrifta § 8 til Språkrådet

LTI/forskrift/2016-06-03-1951·Kunngjort 30. juni 2017·Journalnr. 2017-0781

I kraft fra: 2016-06-03

HjemmelForskrift om målbruk i offentleg teneste § 8lov/1980-04-11-5 § 4lov/1980-04-11-5 § 11

Vedtak i kommunestyre eller fylkesting etter § 5, første leddet, i lov om målbruk i offentleg teneste skal meldast til Kultur- og vitskapsdepartementet. Ajourførte lister over slike målvedtak blir tekne inn i Norsk Lovtidend og Norsk lysingsblad to gonger for året. Nye målvedtak får ikkje rettslege verknader for statsorgan før dei er kunngjorde på denne måten. Kultur- og vitskapsdepartementet kan fastsetje nærmare reglar om kunngjeringsmåten.

Målvedtaka er i dag kunngjorde ved at KUD har fastsett ei slik liste i forskrifts form som forskrift 1. april 2007 nr. 378 om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Denne forskrifta er elektronisk tilgjengeleg hos Lovdata.

Delegeringa av desse oppgåvene inneber at Språkrådet får fullmakt til å endre og oppheva den gjeldande forskrifta og til å fastsetja ny forskrift, om ein finn det tenleg. Språkrådet har ansvar for at slike endringar blir melde til Lovdata og kunngjorde i Norsk Lovtidend. Språkrådet vil få eit ansvar for å henta inn opplysningar om målvedtak i samband med endringane i kommune- og fylkesstruktur som kjem dei komande åra.

Departementet meiner denne oppgåva heng naturleg saman med dei tilsyns- og informasjonsoppgåvene etter mållova som frå før er delegerte til Språkrådet.

Departementet legg til grunn at Språkrådet utfører oppgåva innanfor gjeldande økonomiske og administrative rammer.