Forskrift om endring i forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot
I kraft fra: 2016-07-01
I
I forskrift 15. januar 2003 nr. 123 om fastsetjing og endring av fostringstilskot blir desse endringane gjorde:
§ 3 fjerde stykket skal lyde:
Utgifter til barnetilsyn skal fastsetjast ut frå om tilskotsmottakaren mottek 64 prosent stønad til barnetilsyn etter folketrygdlova § 15-10. Det skal setjast ulike beløp for heiltids- og deltidstilsyn. Tilsynsordningar på 33 eller fleire timar per veke skal reknast som heiltidstilsyn. Kostnadene skal reknast ut frå SSB sine foreldrebetalingsundersøkingar medrekna stønad til barnetilsyn og foreldrefrådrag i inntekt. Utgifter til skolefritidsordning skal setjast som ein eigen sats, inndelt i heiltids- eller deltidsordning. Skolefritidsordning inntil 25 timer per veke skal reknast som heiltidstilsyn, og skolefritidsordning inntil 10 timer per veke skal reknast som deltidstilsyn. Kostnadene skal reknast ut frå SSB si oversikt over gjennomsnittlege foreldrebetalingssatsar for skolefritidsordning. Når tilskotsmottakaren ikkje mottek stønad til barnetilsyn etter første punktum, skal det reknast faktiske utgifter opp til ein fastlagd sats redusert for mellom anna fordelen av foreldrefrådrag i inntekt. Ved fastsetjinga av denne satsen gjeld maksimalsatsane for barnetilsyn etter folketrygdlova § 15-10. Når tilskotsmottakaren mottek tilleggsstønad etter folketrygdlova § 15-11, skal dei fastsette dagsatsane komme til frådrag i dei faktiske utgiftene. Utgifter til barnetilsyn utover fjerde skoleår skal berre takast med når tilskotsmottakaren mottek stønad til tilsynet etter folketrygdlova § 15-10 og § 15-11.
Vedlegg «Grunnlagstal for utrekning av fostringstilskot» skal lyde:
Grunnlagstala her blir endra kvart år.
Underhaldskostnaden etter § 3 (kroner per månad)
Underhaldskostnaden som skal fordelast mellom foreldra, utgjer kostnader minus barnetrygd. Barnetrygda kjem ikkje til frådrag for barn over 18 år.
Forbruksutgifter og buutgifter Alderen til barnet 0–5 år 6–10 år 11–14 år 15 år og meir Forbruksutgifter 3 489 4 869 5 794 6 644 Buutgifter 2 577 2 577 2 577 2 577
Utgifter til barnetilsyn når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad Heiltidsbarnehage 547 Deltid, park 219
Utgifter til skolefritidsordning når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad SFO inntil 20 timar per veke 522 SFO inntil 10 timar per veke 324
Frådrag
Barnetrygd
Tilskotsevne etter § 6 (kroner per månad)
Midlar til eige underhald og buutgifter Einslege Gifte/sambuande Midlar til eige underhald 8 289 7 018 Buutgifter 8 907 5 456
Midlar til underhald av eigne barn i eigen husstand Barnet har ein bustad Barnet har delt bustad 3 294 1 647
Skattebelastninga i tilskotsevnevurderinga skal setjast til 25 prosent, gjennomsnittet av trinnskatten trinn 1 og 2 skal setjast til 1,07 prosent og trygdeavgifta til 8,2 prosent. Minstefrådraget og personfrådraget skal reknast inn.
Samværsfrådrag etter § 9 (kroner per månad) Alderen til barnet 0–5 år 6–10 år 11–14 år 15 år og meir Ikkje samvær/samvær mindre enn samværsklasse 1 0 0 0 0 Samværsklasse 1 (2–3 netter eller 2 eller fleire dagar per månad) 208 301 378 436 Samværsklasse 2 (4–8 netter per månad) 689 998 1 252 1 444 Samværsklasse 3 (9–13 netter per månad) 1 953 2 385 2 739 3 007 Samværsklasse 4 (14–15 netter per månad) 2 452 2 994 3 438 3 774
II
Endringane gjeld frå 1. juli 2016.