Forskrift om endring i forskrift om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for skolar med rett til statstilskot etter friskolelova (økonomiforskrift til friskolelova)
I kraft fra: 2016-08-01
I
I forskrift 19. desember 2006 nr. 1503 om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for skolar med rett til statstilskot etter friskolelova (økonomiforskrift til friskolelova) blir det gjort følgjande endringar:
Ny § 13A skal lyde
Heiltidselevar som per 1. april har fråvær ut over 20 skoledagar, skal ikkje teljast med i grunnlaget for tilskot, jf. § 13. For deltidselevar skal fråværsgrensa reduserast prosentvis i forhold til elevens timetal. Fråvær frå enkelttimar skal reknast om til heile dagar med utgangspunkt i elevens utdanningsprogram.
fråvær som kjem av sjukdom som er beskrive og attestert av lege organisert eller sjølvstendig studiearbeid, mellom anna skoleadministrative gjeremål etter førehandsbestemt avtale med faglærar eller dagleg leiar arbeid som tillitsvald, politisk arbeid, hjelpearbeid, lovpålagt oppmøte, fråvær av helse- og velferdsgrunnar og fråvær ved religiøse høgtider for elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkje, avgrensa til i alt 14 skoledagar når dette kan dokumenterast representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå, avgrensa til i alt 10 skoledagar når dette kan dokumenterast.
Fråvær som etter elevteljinga er dokumentert, jf. andre ledd, kan meldast til Utdanningsdirektoratet for etterbetaling av tilskot.
Ny § 13B skal lyde
I særlege tilfelle kan Utdanningsdirektoratet gjere unntak frå § 13A første ledd.
I søknaden om unntak må skolen føre opp elevens namn, utdanningsprogram, prosent for eventuell deltid, og talet på dagar eleven ikkje har gyldig dokumentert fråvær.
Skolen må òg beskrive årsaka til at fråværet ikkje er gyldig dokumentert, og kva som gjer at det ligg føre eit særleg tilfelle.
II
Endringane blir sette i kraft 1. august 2016.