Forskrift om endring i forskrift om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for skolar med rett til statstilskot etter friskolelova (økonomiforskrift til friskolelova)
I kraft fra: 2016-08-29
I
I forskrift 19. desember 2006 nr. 1503 om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for skolar med rett til statstilskot etter friskolelova (økonomiforskrift til friskolelova) blir det gjort følgjande endring:
§ 15 skal lyde:
Grunnskolar skal rapportere det faktiske elevtalet per 1. oktober kvart skoleår til Utdanningsdirektoratet. Vidaregåande skolar skal rapportere det faktiske elevtalet per 1. oktober og 1. april kvart skoleår til Utdanningsdirektoratet. Det er eit vilkår at elevane har følgt den godkjende opplæringa, jf. friskolelova § 2-3, og at dette kan dokumenterast, jf. § 13. Rapportering av elevtalet skal gjerast på skjema utarbeida av Utdanningsdirektoratet og underskrivast av dagleg leiar.
Dersom ein elev ved ein vidaregåande skole per 1. oktober eller 1. april har fråvær utover 20 skoledagar, jf. § 13A, skal eleven ikkje reknast for å ha følgt opplæringa.
Dersom ein vidaregåande skole har programområde/kurs som ikkje vert gitt på nokre av teljetidspunkta, fastset Utdanningsdirektoratet i det einskilde tilfellet korleis skolen skal rapportere det dokumenterte elevtalet.
II
Endringa blir sette i gang straks.