Forskrift om endring i forskrift om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar 2016
I kraft fra: 2016-10-06
I
I forskrift 16. desember 2015 nr. 1774 om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar 2016 blir det gjort følgjande endring:
§ 2-2 andre og tredje ledd skal lyde:
Utgangspunktet for å fastsetje rente på lån i Lånekassen er ei basisrente berekna av Finanstilsynet på grunnlag av gjennomsnittet av dei beste tilboda om bustadlån i marknaden. Vilkåra for uttrekk av lånetilbod og utrekning av gjennomsnittet er fastsette i forskrift 19. november 1999 nr. 1158 til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14 § 5-12-5. Med grunnlag i desse vilkåra fastset Finanstilsynet basisrentene for flytande og fast rente. Frå basisrenta blir det trekt 0,50 prosenteiningar for å komme fram til ei årleg effektiv rente både for fast og flytande rente. Ved utrekning av renter som skal gjelde frå 1. januar 2017, blir det trekt 0,15 prosenteiningar frå basisrenta for å komme fram til den årlege effektive renta. For låntakarar som søker om fast rente 6. oktober 2016 eller seinare, skal fastrentetilbodet frå 1. januar 2017 vere basert på at det blir trekt 0,15 prosenteiningar frå basisrenta.
r n = årleg nominell rente i prosent r e = årleg effektiv rente i prosent før gebyr n = talet på betalingsterminar per år
II
Forskrifta gjeld frå 6. oktober 2016.