Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova

LTI/forskrift/2016-10-03-1165·Kunngjort 7. oktober 2016·Journalnr. 2016-0973

I kraft fra: 2016-10-03

Endrerforskrift/2006-06-23-724
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 3-4

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova gjøres følgende endringer:

§ 3-42 tredje ledd siste punktum skal lyde slik:

Viss ein privatist ikkje tidlegare har fått ein standpunktkarakter i vidaregåande opplæring, eller sist fekk standpunktkarakter i eit fag i ein skole godkjend etter friskolelova, skal den fylkeskommunen der vedkommande er busett, skrive ut vitnemålet.

For barn som ikkje er særskilt nemnde under punkt b, c og d, og som får grunnskoleopplæring og spesialundervisning utanfor kommunen, betaler bustadkommunen etter avtale. Bustadkommunen fastset omfanget av spesialundervisninga etter sakkunnig tilråding frå vertskommunen. Bustadkommunen er den kommunen der foreldra, eller den av foreldra som har omsorga for barnet, bur. For barn som er i og under opplæringspliktig alder, og som barnevernstenesta eller fylkesnemnda plasserer utanfor kommunen, i fosterheim eller i institusjonar som ikkje er nemnde under punkt c og d, gjeld dette: Den kommunen som etter lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester har det økonomiske ansvaret for desse barna, ber også det økonomiske ansvaret for grunnskoleopplæringa og spesialundervisninga, jf. lov om barneverntjenester § 9-1. Om ikkje anna blir avtalt, skal den kommunen som ber det økonomiske ansvaret, betale for vanleg undervisning det som ein elev i den kommunen der eleven har opphald, kostar i gjennomsnitt. For spesialundervisning fastset bustadkommunen omfanget etter ei sakkunnig tilråding frå vertskommunen. Det økonomiske ansvaret følgjer av det fastsette omfanget.

II

Endringene i pkt. I trer i kraft straks.