Forskrift om endring i forskrift om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar
I kraft fra: 2016-11-11
I
I forskrift 20. desember 2013 nr. 1665 om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar blir det gjort følgjande endring:
Forskriftens § 2 4. ledd skal lyde:
Forbodet mot utførsel i andre ledd er ikkje til hinder for utførsel av viltlevande marine ressursar hausta av fartøy som fører flagg tilhøyrande ein medlemsstat i Den europeiske union. Dette gjeld fram til og med 31. august 2023 og er avgrensa til fangst bringa til land på nærare oppgjevne stader og på dei verksemder som Fiskeridirektoratet har godkjent for dette formålet, jf. forskrift 21. april 2006 nr. 433 om transitt av fisk fanget av og brakt i land fra EU-fartøy. Det er eit vilkår at dei viltlevande marine ressursane ikkje er fortolla i Noreg, og at dei vert utførde i samsvar med lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel.
II
Endringa trer i kraft straks.