Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kulturdepartementet

Forskrift om fordeling av herrelaus arv til frivillig verksemd til fordel for barn og unge

LTI/forskrift/2016-12-16-1587·Kunngjort 16. desember 2016·Journalnr. 2016-1298

I kraft fra: 2016-12-16

Hjemmellov/1972-03-03-5 § 46

§ 1 . Formål

Formålet med forskrifta er å gi nærare føresegner om fordeling av herrelaus arv til frivillig verksemd til fordel for barn og unge. Frivillig verksemd retta mot barn og unge med nedsett funksjonsevne skal bli prioritert.

§ 2 . Definisjon

Med herrelaus arv meiner ein midlar som omtala i arvelova § 46 første setning.

§ 3 . Mottakarar av midlane

Nasjonale og regionale organisasjonar som driv frivillig verksemd for barn og unge kan søkje om midlar.

Organisasjonane skal vere registrert i Frivillighetsregisteret.

§ 4 . Fordeling

Midlane skal fordelast av Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) etter retningsliner fastsett av LNU og godkjende av departementet.

§ 5 . Ikrafttreden

Forskrifta trer i kraft straks.