Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om bustøtte

LTI/forskrift/2016-12-19-1738·Kunngjort 23. desember 2016·Journalnr. 2016-1418

I kraft fra: 2017-01-01

I

I forskrift 29. november 2012 nr. 1283 om bustøtte skal desse endringane gjerast:

§ 4 skal lyde:

Eigendelen som blir trekt i frå buutgiftene, jf. § 1, blir bestemt av den omrekna inntekta, jf. § 7.

Minste eigendel er kr 19 300 per år for alle. For husstandar med ei omrekna inntekt over kr 95 156 blir 16,44 prosent av den omrekna inntekta som overstig kr 95 156 lagt til eigendelen.

Eit progressivt ledd blir lagt til eigendelen for omrekna inntekter over kr 167 557. Det er 0,29 prosent av ei omrekna inntekt på kr 167 558. Satsen aukar deretter med 0,29 prosentpoeng for kvar kr 1 034 den omrekna inntekta aukar.

Inntektsgrensa i tredje ledd er kr 208 929 for husstandar som har eit medlem som har varig uføretrygd eller uførepensjon ved yrkesskade, jf. lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 12, og som i tillegg er ung ufør, jf. § 12-13 i loven.

§ 5 skal lyde:

Inntekta og formuen til alle i husstanden med unnatak av barn under 18 år blir lagt til grunn ved fastsetting av den omrekna inntekta som er grunnlaget for utrekninga av eigendelen, jf. § 4.

Inntekta som blir nytta for utrekning av bustøtte blir henta inn frå Skatteetaten kvar månad på bakgrunn av tal frå a-ordninga, jf. lov 22. juni 2012 nr. 43 om arbeidsgivers innrapportering av ansettelses- og inntektsforhold m.m.

I tillegg må søkjaren gje opplysningar om skattbar inntekt og formue som ikkje blir henta inn frå a-ordninga, som til dømes næringsinntekter, kapitalinntekter og formue for heile året. Om ikkje søkjar gjev slike opplysningar, kan Husbanken stipulere tal på grunnlag av siste fastsetting av formues- og inntektsskatt (eventuelt etter korrigering frå skattekontoret, jf. lov 27. mai 2016 nr. 14 om skatteforvaltning (skatteforvaltningsloven) kapittel 12). Slike inntekter skal reknast som likt fordelt gjennom heile året, med mindre særlege omstende gjev grunnlag for unnatak.

Husbanken kan sjå bort i frå opplysningar etter a-ordninga, dersom dei openbert ikkje er korrekte.

Skattefrie leigeinntekter skal reknast som inntekt.

All inntekt og formue i eller frå utlandet blir rekna med brutto beløp i norske kroner.

Kvar person i husstanden kan ha ei kapitalinntekt på 5 000 kroner per år utan at inntekta blir teke med i grunnlaget for bustøtte.

Dersom søkjaren kan dokumentere at det er teke refusjon i etterbetaling frå NAV skal refusjonen ikkje reknast med i grunnlaget for bustøtte.

Gjeldande § 8 vert oppheva.

Gjeldande § 8a blir ny § 8 og skal lyde:

Personar som var del av ein husstand som fekk utbetalt bustøtte for desember 2014, og som då fekk ytingar etter folketrygdlova kapittel 12, skal ha eit frådrag i inntekta så lenge dei får slike ytingar. Det blir først fastsett eit årsbeløp som svarer til dei ytingane vedkomande hadde per 1. desember 2014 og som gjekk inn i grunnlaget for uføretrygd etter forskrift 3. juli 2014 nr. 947 om omrekning av uførepensjon til uføretrygd. Deretter blir det rekna ut eit årsbeløp som svarer til uføretrygda per 1. januar 2015. Frådraget i inntekta skal svare til differansen mellom dei to beløpa med eit tillegg på 3,43 prosent av denne differansen.

§ 9 skal lyde:

Ein søknad om bustøtte skal setjast fram på søknadsskjema og innan fristen Husbanken har fastsett. Ufullstendige søknader blir rekna som om dei ikkje er komne innan søknadsfristen. Blir søknaden retta innan éin månad etter søknadsfristen, blir han likevel rekna som komen innan fristen.

Blir søknaden om bustøtte avslått som følgje av behovsprøvinga, skal søknaden prøvast på nytt to månader utan at søkjaren må levere inn ny søknad. Søknader som blir innvilga, skal overførast til ny vurdering månaden etter.

§ 13 skal lyde:

Bustøtte blir utbetalt på etterskot den 20. kvar månad. Minste utbetaling er 30 prosent av rettsgebyret, jf. lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr, per månad.

Husbanken betaler bustøtte direkte til søkjaren. Utbetalinga skal skje direkte til kommunen dersom søkjaren og kommunen har inngått avtale om det jf. lov om bustøtte § 9.

§ 14 skal lyde:

Dersom korrigerte opplysningar frå a-ordninga eller etterkontroll syner at mottakaren har fått utbetalt for lite eller for mykje bustøtte etter forskrifta her, skal det gjennomførast eit etteroppgjer.

Husbanken hentar inn oppdaterte opplysningar frå a-ordninga fram til fastsetting av formue og inntektsskatt for det same året.

Dersom det er utbetalt for høg bustøtte fordi mottakaren hadde høgare inntekt og formue enn det som er lagt til grunn da støtta vart vedteken, skal for mykje utbetalt bustøtte motreknast mot seinare bustøtte eller krevjast tilbake med mindre anna følgjer av siste ledd.

Dersom det er utbetalt for låg bustøtte fordi mottakaren hadde lågare inntekt og formue enn det som er lagt til grunn da støtta vart vedteken, skal for lite utbetalt bustøtte betalast ut til mottakaren med mindre anna følgjer av siste ledd.

For lite utbetalt bustøtte skal ikkje etterbetalast dersom summen er lågare enn 30 prosent av rettsgebyret, jf. lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr. For mykje utbetalt bustøtte skal ikkje betalast tilbake dersom summen er lågare enn eitt rettsgebyr.

II

Forskrifta tek til å gjelde 1. januar 2017.