Hopp til innhold
Forskriftsendring
Barne- og likestillingsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot

LTI/forskrift/2016-12-20-1945·Kunngjort 11. mai 2017·Journalnr. 2017-0427

I kraft fra: 2017-01-01

Kunngjeringa av forskrift 20. desember 2016 nr. 1788 om endring i forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot vart byggja på feil versjon og må sjåast bort ifrå. Lovtidend-redaksjonen sin merknad.

I

I forskrift 15. januar 2003 nr. 123 om fastsetjing og endring av fostringstilskot blir desse endringane gjorde:

§ 5 Inntekta til barnet skal lyde:

Der barnet sjølv har ei årleg inntekt på meir enn 30 gonger auka forskott per månad etter forskotteringslova, skal meirinntekta til barnet reknast inn i den proporsjonale fordelinga av underhaldskostnadene. Når barnet er sjølvforsørgt, skal tilskot ikkje fastsetjast. Eit barn skal reknast for sjølvforsørgt når det har ei årleg inntekt på minst 100 gonger auka forskott per månad.

§ 6 Tilskotsevne andre stykket skal lyde:

Fastsette midla til skatt tek omsyn til skatt på allmenn inntekt før frådrag for gjeldsrenter o.a. og trygdeavgift. Som allmenn inntekt reknast i denne samanhengen den inntekta som er fastsett etter denne forskrifta § 4. Frådraga er minstefrådrag og personfrådrag. Minstefrådraget skal reknast ut frå satsane for pensjonsinntekt. Skattebelastninga i tilskotsevnevurderinga skal setjast til 24 prosent, gjennomsnittet av trinnskatten trinn 1 og 2 skal setjast til 1,67 prosent og trygdeavgifta til 8,2 prosent.

Vedlegg. Grunnlagstal for utrekning av fostringstilskot skal lyde:

Grunnlagstala her blir endra kvart år.

Underhaldskostnaden etter § 3 (kroner per månad)

Underhaldskostnaden som skal fordelast mellom foreldra, utgjer kostnader minus barnetrygd. Barnetrygda kjem ikkje til frådrag for barn over 18 år.

Forbruksutgifter og buutgifter Alderen til barnet 0–5 år 6–10 år 11–14 år 15 år og meir Forbruksutgifter 3 489 4 869 5 794 6 644 Buutgifter 2 577 2 577 2 577 2 577

Utgifter til barnetilsyn når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad Heiltidsbarnehage 547 Deltid, park 219

Utgifter til skolefritidsordning når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad SFO inntil 20 timar per veke 522 SFO inntil 10 timar per veke 324

Frådrag

Barnetrygd

Tilskotsevne etter § 6 (kroner per månad)

Midlar til eige underhald og buutgifter Einslege Gifte/sambuande Midlar til eige underhald 8 289 7 018 Buutgifter 8 907 5 456

Midlar til underhald av eigne barn i eigen husstand Barnet har ein bustad Barnet har delt bustad 3 294 1 647

Skattebelastninga i tilskotsevnevurderinga skal setjast til 24 prosent, gjennomsnittet av trinnskatten trinn 1 og 2 skal setjast til 1,67 prosent og trygdeavgifta til 8,2 prosent. Minstefrådraget og personfrådraget skal reknast inn.

Samværsfrådrag etter § 9 (kroner per månad) Alderen til barnet 0–5 år 6–10 år 11–14 år 15 år og meir Ikkje samvær/samvær mindre enn samværsklasse 1 0 0 0 0 Samværsklasse 1 (2–3 netter eller 2 eller fleire dagar per månad) 208 301 378 436 Samværsklasse 2 (4–8 netter per månad) 689 998 1 252 1 444 Samværsklasse 3 (9–13 netter per månad) 1 953 2 385 2 739 3 007 Samværsklasse 4 (14–15 netter per månad) 2 452 2 994 3 438 3 774

II

Endringa gjeld frå 1. januar 2017.