Delegering av mynde til fylkesmennene etter inndelingslova
I kraft fra: 2017-03-10
Fylkesmannen kan fastsetje at endring av grensene til eit område skal behandlast som ei grensejustering dersom området har mindre enn ti prosent av innbyggjarane i ein kommune som skal leggjast til ein annan kommune etter andre ledd bokstav b, jf. inndelingslova § 3 tredje ledd. Fylkesmannen treff vedtak i mindre saker om justering av kommunegrenser når det er semje om ei løysing, jf. inndelingslova § 6. Dersom kommunegrensa som saka gjeld er del av ei fylkesgrense, skal saka likevel avgjerast av departementet. Fylkesmannen fastset kommunegrenser (på land og i sjø), jf. inndelingslova § 7. Dersom kommunegrensa som saka gjeld er del av ei fylkesgrense, skal saka likevel avgjerast av departementet. I dei sakstypane fylkesmannen har fått delegert mynde til å fatte vedtak etter inndelingslova § 6 og § 7, avgjer fylkesmannen, jf. inndelingslova § 9, om det skal setjast i gang utgreiing på grunnlag av initiativ etter inndelingslova § 8. Fylkesmannen kan avvise søknad frå ein som ikkje har initiativrett, jf. inndelingslova § 9, andre ledd. I dei sakstypane fylkesmannen har fått delegert mynde til å fatte vedtak etter § 6 og § 7, avgjer fylkesmannen om utgiftene ved utgreiinga skal berast av ein eller fleire av dei interesserte kommunane, jf. inndelingslova § 11. Fylkesmannen kan bestemme at den nye kommunen skal følgje krava til godkjenning og kontroll i kommuneloven § 60 nr. 1 og 2 dersom kommunen ikkje kan ventast å dekkje inn meirforbruket frå før samanslåinga innan to år, jf. inndelingslova § 16a. Fylkesmannen kan gjere unntak frå kravet om felles kommunestyremøte etter inndelingslova § 25 i dei tilfella det allereie ligg føre tilstrekkelege lokale vedtak i kvart kommunestyre. Fylkesmannen er mottakar av fråsegn frå fellesnemnda om årsbudsjetta og økonomiplanar for kommunane, jf. inndelingslova § 26, tredje ledd. Fylkesmannen kan gjennomføre lovlegkontroll med budsjettvedtak etter at utgreiing om samanslåing er sett i gang, jf. inndelingslova § 28. Vedtak 19. april 2007 nr. 422 om delegering av mynde til fylkesmennene etter inndelingslova blir oppheva.