Hopp til innhold
Forskriftsendring
Samferdselsdepartementet

Forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit

LTI/forskrift/2017-03-20-386·Kunngjort 28. mars 2017·Journalnr. 2017-0285

I kraft fra: 2017-03-20, Dep. bestemmer

Endrerforskrift/2005-02-21-168
Hjemmellov/2003-07-04-83 § 10-8lov/2003-07-04-83 § 11-6lov/2003-07-04-83 § 12-1Postloven § 53lov/2001-06-15-81 § 24Deleg myndighet til AAD og SDforskrift/2001-06-15-611 § 12

§ 1 . Formål

Formålet med forskrifta er å finansiere Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sine oppgåver gjennom gebyr og sektoravgifter slik at dei er sjølvfinansierte. Midlane skal nyttast best mogleg for å nå målsettingane med ekomloven, postloven og lov om elektroniske tillitstjenester (se § 26).

§ 2 . Fordelinga mellom sektoravgifter og gebyr

Sektoravgifta blir berekna etter anslått ressursbruk for kvart forvaltningsområde Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har.

Gebyrinntekta for kvart forvaltningsområde blir trekt frå berekna sektoravgift for området og reduserer sektoravgifta som kan krevjast inn frå området.

§ 3 . Fordelinga mellom forvaltningsområde

48 % frå tilbydarar av elektronisk kommunikasjonsnett og elektronisk kommunikasjonsteneste, registreringspliktige etter lov om elektroniske tillitstjenester (se § 26), innehavarar av løyve til å bruke nummer-, namn- og adresseressursar og verksemder som deler ut domenenamn under norske landtoppdomene 41 % frå innehavarar av frekvensløyve 8 % frå registrerte importørar, produsentar og radioforhandlarar, autoriserte installatørar, innehavarar av løyve for aeromobilt utstyr, nødpeilesendar og anna radioutstyr og for nasjonale godkjenningar av radio- og terminalutstyr 3 % frå tilbydarar av posttenester.

§ 4 . Periode for sektoravgift og gebyr

Sektoravgift skal betalast kvart år for heile kalenderåret når løyvet, registreringa eller autorisasjonen er gyldig 1. januar.

Det skal betalast sektoravgift for heile kalenderåret for registreringar, løyve og autorisasjonar gitt mellom 1. januar og 1. juli. Blir det gitt registreringar, løyve eller autorisasjonar etter 1. juli, skal det betalast halv sektoravgift.

Løyve, registrering eller autorisasjon som er sagd opp før 1. januar, skal det ikkje betalast sektoravgift for det følgjande året.

Gebyr er eingongsgebyr.

§ 5 . Regulering av beløp og satsar

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit kan justere ei årleg sektoravgift og eit gebyr i samsvar med den prosentvise endringa i myndigheita si løyving, eller tilsvarande utvikling i konsumprisindeksen.

§ 6 . Sektoravgift og gebyr for løyve til bruk av nummer, namn og adresser

for 8- og 12-sifra nummer kr 10 000, eller der dette gir høgare avgift for 8-sifra nummer i 8xx-serien kr 0,15 for kvart nummer for nummer i seriane 2, 3, 5, 6, og 7 kr 0,03 for kvart nummer for 8-sifra nummer i seriane 4 og 9 kr 0,10 for kvart nummer for 4-sifra nummer i serien 18xx kr 3 000 for kvart nummer for 5-sifra nummer kr 2 000 for kvart nummer for 6-sifra EØS-harmoniserte nummer kr 2 000 for kvart nummer for kvart prefiks for val av tilbydar av elektronisk kommunikasjonsnett som blir brukt til offentleg tilgjengeleg elektronisk kommunikasjonsteneste kr 3  000.

for X.121 DNIC kr 3 000 for X.121 PNIC (DNIC + 2 eller 3 siffer) kr 3 000 for E.118 kortutgivarkode (IIN) kr 3 000 for E.167 ISDN-nettkode for lukka brukargrupper kr 3 000 for E.212 mobil nettkode (MNC) kr 3 000 for E.214 nettkode (NC) for landmobile nett kr 3 000 for Q.704 punktkodar for nasjonal signalering (NI=3) uavhengig av kor mange punktkodar som blir disponerte kr 3 000 for Q.708 punktkodar for internasjonal signalering (NI=0) uavhengig av kor mange punktkodar som blir disponerte kr 3 000 for T.35 leverandørkode kr 3 000 for tilbydarkode for tilbydarportabilitet kr 3 000.

for registrering av ADMD domenenamn for X.400 elektronisk post for registrering av PRMD domenenamn for X.400 elektronisk post for løyve til å bruke EDI-identifikator for bruk i EDIFACT for løyve til å bruke ISO-DCC nettadresse (NSAP-adresse) for løyve til å bruke objektidentifikator.

§ 7 . Sektoravgift for tillitstenester

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit kan i enkeltvedtak fastsetje ei sektoravgift for tilbydar av tillitstenester som er registreringspliktig, i tillegg til sektoravgift for frivillige sertifiserings-, godkjennings- eller sjølvdeklarasjonsordningar etter lov om elektroniske tillitstjenester (se § 26).

§ 8 . Sektoravgift for verksemd som deler ut domenenamn

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit kan i enkeltvedtak fastsetje ei sektoravgift for verksemd som deler ut domenenamn under norske landkodetoppdomene i samsvar med ekomloven § 7-1 og domeneforskriften.

§ 9 . Sektoravgift for tilbydar av elektronisk kommunikasjonsnett og elektronisk kommunikasjonsteneste

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit kan i enkeltvedtak fastsetje ei sektoravgift for tilbydar av elektronisk kommunikasjonsnett og elektronisk kommunikasjonsteneste. Sektoravgifta som skal fordelast mellom tilbydarar av elektronisk kommunikasjonsnett og elektronisk kommunikasjonsteneste er samla sektoravgift etter § 3 første ledd bokstav a etter frådrag for sektoravgifter og gebyr etter § 6, § 7 og § 8, fordelt mellom tilbydarane på eit overordna nivå.

Beløpet etter første ledd skal fordelast forholdsmessig mellom tilbydarar med relevant omsetning. Kvar tilbydar skal betale ein del av dette beløpet som svarar til tilbydaren sin del av den samla relevante omsetninga. Relevant omsetning er omsetning i marknaden for elektronisk kommunikasjonsnett og elektronisk kommunikasjonsteneste knytt til eksternt sal i konsern eller selskap og geografisk avgrensa til Noreg. Det gis eit botnfrådrag på 35 millionar kroner for konsern eller selskap, slik at sektoravgifta blir berekna av omsetning som overstig 35 millionar kroner i siste rekneskapsåret før sektoravgiftsperioden.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit kan fordele sektoravgifta etter andre kriterier enn omsetning, for å oppnå ei betre forholdsmessig fordeling av sektoravgifta. Kriteria kan mellom anna vere brøkdel av talet på abonnentar eller brøkdel av trafikkvolum på sluttbrukarnivået. Blir eit anna kriterium nytta, skal det gjelde for heile marknadar eller delar av enkeltmarknadar så langt det går. Sektoravgifta skal også etter slike kriterier fordelast etter prinsippet for omsetninga. Det same gjeld vurderinga av samla aktivitet, talet på abonnentar, trafikkvolumet i konsern eller andre grunnlag for fordelinga. Botnfrådraget i andre ledd gjeld tilsvarande.

§ 10 . Sektoravgift for tilbydar av postteneste

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit kan i enkeltvedtak fastsetje ei sektoravgift for tilbydar av postteneste i samsvar med postloven § 53. Ei sektoravgift skal følgje krava i § 3 første ledd bokstav d.

§ 11 . Gebyr for radioamatørløyve

Innehavar av eit radioamatørløyve skal betale kr 2 000 i gebyr ved tildelinga av løyvet.

Innehavaren skal betale kr 1 000 i gebyr ved endringar i kallesignal, tildeling av eigne kallesignal til enkeltståande arrangement og tildeling av eigne kallesignal til grupper, klubbar og foreiningar.

§ 12 . Sektoravgift og gebyr for sendarløyve for Profesjonell Mobil Radio og lågeffektsystem

Sektoravgift for sendarløyve for Profesjonell Mobil Radio er kr 620 for kvar basestasjon og kr 210 for kvar mobile stasjon.

Gebyret for kvar ekstra ein-frekvenskanal til gjeldande løyve er kr 420.

Sektoravgift for eit sendarløyve for lågeffektsystem er kr 620.

§ 13 . Sektoravgift for sendarløyve i frekvensband planlagt for kringkastingstenester

Innehavaren av eit sendarløyve for riksdekkjande kringkastingsnett, skal betale ei sektoravgift på kr 500 000 for kvart nett, i tillegg til ei sektoravgift for kvar sendar etter tredje ledd.

Innehavar av sendarløyve for andre kringkastingsnett, skal betale ei sektoravgift på kr 2 000 for kvart nett, i tillegg til ei sektoravgift for kvar sendar etter tredje ledd.

For kvar sendar skal innehavar av sendarløyve betale sektoravgift som går fram av tabellen under. Frekvensband Type nett Sendareffekt <50 W skal betale i kr Sendareffekt 50–1000 W skal betale i kr Sendareffekt >1000 W skal betale i kr Sendar i frekvensband < 30 MHz riksdekkjande kringkastingsnett 11 790 19 655 39 305 Sendar i frekvensband < 30 MHz andre kringkastingsnett 23 585 39 305 78 610 Sendar i frekvensband ≥ 30 MHz riksdekkjande kringkastingsnett 235 395 785 Sendar i frekvensband ≥ 30 MHz andre kringkastingsnett 470 785 1 570

§ 14 . Sektoravgift for andre sendarløyve

Sektoravgift for sendarløyve som ikkje fell inn under § 12 og § 13, blir fastsett etter denne paragrafen.

Innehavar av jordstasjonar for satellitt skal betale ei sektoravgift for kvart frekvensband det blir sendt i. For jordstasjonar på Svalbard og i Antarktis skal innehavar i tillegg betale ei sektoravgift for kvart frekvensband han tek i mot signal i. Sektoravgifta er kr 6 000 per frekvensband per jordstasjon.

Innehavar av stasjon i radiotelemetrisystem, punkt til punkt og punkt til multipunkt, skal betale sektoravgift avhengig av utstrålt effekt (e.r.p.). Avgifta skal være kr 210 for kvar sendar for stasjonar med effekt under eller lik 0,5 W og kr 620 for kvar sendar for stasjonar med effekt høgare enn 0,5 W.

Dersom sendaren ikkje bruker MIMO-teknologi og innehavaren ikkje allereie betalar sektoravgift for dei same frekvensane, polarisasjonen og bandbreidda skal innehavaren betale følgjande sektoravgift for følgjande sendarar i følgjande frekvensband: Frekvensband sendarane bruker Bandbreidde Pris per sendar i kr Frekvensband lågare enn 1 GHz Til og med 25 kHz 620 Frekvensband lågare enn 1 GHz Frå 25 kHz til og med 150 kHz 830 Frekvensband lågare enn 1 GHz Over 150 kHz 2500 Frekvensband frå og med 1 GHz til 5,15 GHz Til og med 2 MHz 830 Frekvensband frå og med 1 GHz til 5,15 GHz Over 2 MHz 1 390 Frekvensband frå og med 5,15 GHz til 8,5 GHz Til og med 25 MHz 830 Frekvensband frå og med 5,15 GHz til 8,5 GHz Frå 25 MHz til 55 MHz 1 390 Frekvensband frå og med 5,15 GHz til 8,5 GHz Frå og med 55 MHz 2 500 Frekvensband frå og med 8,5 GHz til 20 GHz Til og med 25 MHz 620 Frekvensband frå og med 8,5 GHz til 20 GHz Frå 25 MHz til 55 MHz 830 Frekvensband frå og med 8,5 GHz til 20 GHz Frå og med 55 MHz 1 390 Frekvensband frå og med 20 til 57 GHz Til og med 25 MHz 280 Frekvensband frå og med 20 til 57 GHz Frå 25 MHz til 55 MHz 410 Frekvensband frå og med 20 til 57 GHz Frå og med 55 MHz 830 Frekvensband frå og med 57 GHz 140

For sendarar som nyttar MIMO-teknologi skal det ikkje betalast sektoravgift dersom innehavaren allereie betalar sektoravgift til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit for same stasjonar med same frekvens, polarisasjon og bandbreidde.

§ 15 . Sektoravgift for spektrumsløyve

Innehavarar av spektrumsløyve skal betale sektoravgift. Sektoravgifta innehavarane av spektrumløyve skal betale er samla sektoravgift etter § 3 andre ledd b etter frådrag for sektoravgift og gebyr etter § 11 til § 14, § 16.

20 % av sektoravgifta etter første ledd skal fordelast mellom innehavarar av spektrumsløyve med ein lik del for kvar samanhengande frekvensblokk dei disponerer.

Beløpet etter første ledd, der summen av andre ledd første punktum er trekt frå, skal fordelast mellom dei med spektrumsløyve i høve til bandbreidda som spektrumsløyvet omfattar. Bandbreidda blir tilordna ei vekt lik 1/f, der f er senterfrekvensen i det frekvensbandet frekvensblokka ligg i. Bandbreidda blir òg tilordna ei vekt som i tabellen under. For regionale løyve blir vekta multiplisert med brøkdelen av befolkninga i Noreg som er busett i dekningsområdet for løyvet. For Svalbard blir vekta multiplisert med 1/100. For området offshore blir vekta multiplisert med 1/5. Sektoravgifta som blir rekna ut på grunnlag av disponert bandbreidde, er lik den vekta bandbreidda som spektrumsløyvet omfattar, delt på den samla vekta bandbreidda multiplisert med beløpet etter tredje ledd første punktum. Frekvensband Vekt 0–30 MHz 47–68 MHz 0,025 0,1 137–174 MHz 4,0 174–240 MHz 380–400 MHz 7,0 3,0 400–470 MHz 6,0 470–790 MHz 791–821/832–862 MHz 3,0 8,0 870–880/915–925 MHz 4,0 880–915/925–960 MHz 1710–1785/1805–1880 MHz 9,0 17,0 1900–1980–2110–2170 MHz 20,0

§ 16 . Andre frekvensgebyr og sektoravgifter

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit kan ved enkeltvedtak fastsetje ei sektoravgift for internasjonal koordinering av satellittverksemd, tildeling av løyve og tilsyn med jordstasjonar for satellitt på Svalbard og i Antarktis, frekvensløyve til Forsvaret, frekvensløyve for maritim radioverksemd og for frekvensløyve til luftfartsverksemd.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit kan ved enkeltvedtak fastsetje gebyr eller ei sektoravgift for frekvensløyve som ikkje er omfatta av første ledd eller § 11 til § 15.

§ 17 . Gebyr og sektoravgift for løyve for aeromobilt radioutstyr

for fullt utstyrt luftfartøy over 9 000 kg, kr 1 450 for fullt utstyrt luftfartøy under 9 000 kg, kr 1 050 for luftfartøy som ikkje er fullt utstyrt, kr 600.

Sektoravgifta for løyve for aeromobilt radiokommunikasjonsutstyr, radionavigasjonsutstyr, pulsutstyr og nødpeilesendar (ELT) om bord i luftfartøy, er kr 550.

Sektoravgifta for løyve for terminalutstyr om bord i luftfartøy er kr 1 400.

Sektoravgift for løyve for radioutstyr som kan overføre data eller tale på landmobile, maritime eller private kanalar om bord i luftfartøy, er kr 950.

§ 18 . Sektoravgift for løyve for personleg nødpeilesendar

Sektoravgifta for løyve for ein personleg nødpeilesendar er kr 400.

§ 19 . Sektoravgift for registrert leverandør eller radioforhandlar

Sektoravgifta for ein registrert leverandør av radio- og terminalutstyr er kr 7 000.

Sektoravgifta for ein registrert radioforhandlar er kr 1 500.

§ 20 . Sektoravgift for autorisert verksemd

Sektoravgifta for ei autorisert verksemd er kr 4 200, jf. autorisasjonsforskriften.

§ 21 . Andre sektoravgift eller gebyr

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit kan ved enkeltvedtak fastsetje sektoravgifter og gebyr for nasjonal godkjenning av radio- og terminalutstyr og for løyve for radioutstyr som ikkje er omfatta av reglane i § 17 til § 20.

§ 22 . Unntak

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit kan i særlege høve dispensere frå reglane i forskriften.

Stor variasjon i sektoravgifta og gebyr frå eit år til det neste kan reknast som særleg høve etter fyrste ledd.

§ 23 . Klageinstans

Samferdselsdepartementet avgjer klage på enkeltvedtak etter forskrifta.

§ 24 . Sanksjonar

Blir ikkje sektoravgifter eller gebyr betalt, kan Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit trekkje tilbake løyve, nekte bruk og nekte å utferde nye løyve.

Bruk av sanksjonar endrar ikkje plikta til å betale fastsett sektoravgift eller gebyr.

§ 25 . Iverksetjing

Forskrifta tek til å gjelde 20. mars 2017 med unntak av § 7 om sektoravgift for tillitstenester som tek til å gjelde frå den tid departementet fastset.

Frå same tid blir forskrift 21. februar 2005 nr. 168 om gebyr til Post- og teletilsynet oppheva med unntak av § 5 første ledd.

§ 26 . Overgangsføresegner

Inntil postloven § 53 blir endra kan Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit ved enkeltvedtak fastsetje årleg gebyr for tilbydar av postteneste i samsvar med postloven § 53. Det skal krevjast inn eit beløp som er i samsvar med § 3 første ledd bokstav d.

Inntil lov om elektroniske tillitstjenester trer i kraft kan Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit ved enkeltvedtak i tråd med forskrift om gebyr til Post- og teletilsynet § 5 fyrste ledd fastsetje årleg gebyr for sertifikatutferdar som er registreringspliktig i samsvar med lov 15. juni 2001 nr. 81 om elektronisk signatur. Det skal krevjast inn eit beløp som er i samsvar med § 3 første ledd bokstav a.