Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om bustøtte

LTI/forskrift/2017-05-21-646·Kunngjort 29. mai 2017·Journalnr. 2017-0495

I kraft fra: 2017-06-01

I

I forskrift 29. november 2012 nr. 1283 om bustøtte gjøres følgende endringer:

driftsutgifter med kr 12 240 per år

For alders-, uføre- og etterlattepensjonistar som ikkje betalar for oppvarming gjennom husleige eller fellesutgifter, inngår i tillegg utgifter til oppvarming med kr 6 120 per år.

§ 3 skal lyde:

kr 64 974 i ein husstand med ein person kr 73 032 i ein husstand med to personar kr 81 090 i ein husstand med tre personar kr 89 148 i ein husstand med fire personar kr 97 206 i ein husstand med fem personar eller fleire.

kr 22 440 høgare i Oslo kr 15 300 høgare i Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger og Bærum kr 10 200 høgare i Kristiansand, Skedsmo, Frogn, Lørenskog, Oppegård, Asker, Nesodden, Sola og Sandnes.

Har husstanden særskilt høge buutgifter fordi nokon i husstanden er funksjonshemma og har behov for ein spesialtilpassa bustad, kan den øvre grensa for buutgiftene aukast med kr 4 590 per år.

§ 4 skal lyde

Eigendelen som blir trekt i frå buutgiftene, jf. § 1, blir bestemt av den omrekna inntekta, jf. § 7.

Minste eigendel er kr 19 937 per år for alle. For husstandar med ei omrekna inntekt over kr 98 296 blir 16,44 prosent av den omrekna inntekta som overstig kr 98 296 lagt til eigendelen.

Eit progressivt ledd blir lagt til eigendelen for omrekna inntekter over kr 173 086. Det er 0,29 prosent av ei omrekna inntekt på kr 173 087. Satsen aukar deretter med 0,29 prosentpoeng for kvar kr 1 068 den omrekna inntekta aukar.

Inntektsgrensa i tredje ledd er kr 215 824 for husstandar som har eit medlem som har varig uføretrygd eller uførepensjon ved yrkesskade, jf. lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 12, og som i tillegg er ung ufør, jf. § 12-13 i loven.

§ 5 syvende ledd skal lyde:

Kvar person i husstanden kan ha ei kapitalinntekt på 5 165 kroner per år utan at inntekta blir teke med i grunnlaget for bustøtte.

§ 6 skal lyde:

Til inntekta blir det lagt 65 prosent av netto formuen til husstanden, med fråtrekk for eit fribeløp. Fribeløpet er kr 258 250 for husstandar i leigde bustadar. For andre husstandar er fribeløpet likningsverdien av eigen bustad inntil kr 542 325.

§ 17 annet ledd skal lyde:

Overgangsordninga etter første ledd gjeld ikkje dersom den omrekna inntekta til husstanden blir høgare enn den høgste av den øvre inntektsgrensa for å få bustøtte i juni 2009 og den til kvar tid gjeldande øvre inntektsgrense for å motta bustøtte. Overgangsordninga gjeld heller ikkje dersom husstanden flyttar eller talet på medlemer i husstanden endrar seg.

II

Forskriften trer i kraft 1. juni 2017.