Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av dyr av hestefamilien

LTI/forskrift/2017-05-23-639·Kunngjort 24. mai 2017·Journalnr. 2017-0485

I kraft fra: 2017-05-23

I

I forskrift 31. desember 1998 nr. 1488 om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av dyr av hestefamilien gjøres følgende endringer:

EØS-henvisningsfeltet skal lyde:

EØS-tilvisingar: EØS-avtalen vedlegg I (avgjerd 92/260/EØF (sist endra ved avgjerd (EU) 2016/1899), avgjerd 93/195/EØF (sist endra ved avgjerd (EU) 2017/862), avgjerd 93/197/EØF (sist endra ved avgjerd (EU) 2016/1899), avgjerd 2004/211/EF (sist endra ved avgjerd (EU) 2017/862), avgjerd 93/196/EØF (som endra ved avgjerd (EU) 2015/1009), direktiv 2004/68/EF (som endra ved avgjerd 2012/253/EU), avgjerd 2008/698/EF, direktiv 2009/156/EF, avgjerd 2010/57/EU, avgjerd 2010/613/EU, forordning (EU) nr. 519/2013 og avgjerd (EU) 2016/1775).

§ 11 skal lyde:

Registrerte hestar som har vore i eit godkjent tredjeland i samband med konkurransar eller andre kulturelle tilstellingar i mindre enn 30 dagar, kan førast tilbake dersom området dei har vore i tilfredsstiller krava i § 10. Dei skal ha vore under veterinær overvaking og ha hatt opphald i åtskilde stallar utan å komma i kontakt med hestar med lågare helsestatus anna enn under konkurransar eller kulturelle tilstellingar. Med dyra skal det følgje eit helsesertifikat i samsvar med den modellen som er fastsatt i vedlegg C.

Tilbakeførsel av registrerte hestar som har delteke i internasjonale gruppeløp i Australia, Canada, Dei amerikanske Sambandsstatane, Hongkong, Japan, Singapore, Dei sameinte arabiske emirata eller Qatar er tillate når dyra oppfyller vilkåra fastsett i eit helsesertifikat etter modellen i vedlegg E.

Tilbakeførsel av registrerte hestar som har delteke i ryttarstevner i LG Global Champions Tour i Miami, USA, og Mexico City, Mexico, er tillate når dyra oppfyller vilkåra fastsett i eit helsesertifikat etter modellen i vedlegg D.

Tilbakeførsel av registrerte konkurransehestar etter mellombels eksport til den delen av Turkmenistan som er regionalisert for deltaking i dei asiatiske innandørs- og kampsportleikane i Ashgabat i 2017 er tillate når det med dyra følgjer eit helsesertifikat etter modellen i vedlegg VII til avgjerd 93/195/EØF som er skrive ut i løpet av perioden angitt i vedlegg A.

Vedlegg A skal lyde:

For å lese vedlegg A se her: (pdf)

II

Forskriften trer i kraft straks.