Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova

LTI/forskrift/2017-05-28-2443·Kunngjort 25. januar 2018·Journalnr. 2018-0057

I kraft fra: 2018-02-01

Endrerforskrift/2006-06-23-724
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 7-2Privatskolelova – prskol § 3-7

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endring:

§ 10-2 andre ledd skal lyde:

Ved bruk av privat bil blir skysskostnadene dekte med 2,50 kr per kilometer. Eit tillegg på 0,45 kr per kilometer skal givast for kvar ekstra passasjer, dersom passasjeren er ein annan elev med rett til skyss, eller det er nødvendig følgje. I tillegg skal eleven få godtgjersle for alle naudsynte faste og variable kostnader knytte til bruk av bil dersom desse utgiftene er større enn det den faste satsen dekkjer. I tillegg til utgifter til drivstoff skal skyssgodtgjersle kunne dekkje utgifter til bompengar, ferjeturar, piggdekkavgift og parkering, og til andre særlege kostnader som ikkje blir dekte etter satsane i sjuketransportforskrifta. Tapt arbeidsinntekt for den som køyrer eleven, blir ikkje rekna med i grunnlaget for skyssgodtgjersle. Eleven dokumenterer utgiftene som ikkje blir dekte av minstesatsen, ved å syne fram kvitteringar for utgiftene.

II

Endringa blir sette i kraft 1. februar 2018.