Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova

LTI/forskrift/2017-06-22-1051·Kunngjort 30. juni 2017·Journalnr. 2017-0778

I kraft fra: 2017-08-01

Endrerforskrift/2006-06-23-724
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 13-1

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endring:

For barn som er i opplæringspliktig alder, og som barnevernstenesta eller fylkesnemnda plasserer utanfor kommunen, i fosterheim eller i institusjonar som ikkje er nemnde under punkt c og d, gjeld dette: Den kommunen som etter lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester har det økonomiske ansvaret for desse barna, ber også det økonomiske ansvaret for grunnskoleopplæringa og spesialundervisninga, jf. lov om barneverntjenester § 9-1. Om ikkje anna blir avtalt, skal den kommunen som ber det økonomiske ansvaret, betale for vanleg undervisning det som ein elev i den kommunen der eleven har opphald, kostar i gjennomsnitt. For spesialundervisning fastset bustadkommunen omfanget etter ei sakkunnig tilråding frå vertskommunen. Det økonomiske ansvaret følgjer av det fastsette omfanget.

II

Endringa blir sette i kraft 1. august 2017.