Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet
Forskrift om endring i forskrift om opptak til høgre utdanning
LTI/forskrift/2017-06-29-1065·Kunngjort 30. juni 2017·Journalnr. 2017-0783
I kraft fra: 2017-07-01
Hjemmellov/2005-04-01-15 § 3-6lov/2005-04-01-15 § 3-7lov/2005-04-01-15 § 4-9
I
I forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgre utdanning er det gjort følgjande endring:
§ 7-13 Rangering på grunnlag av særskild vurdering
Tredje ledd skal lyde:
(3) Forhold som dei som er nemnde ovanfor, gir ikkje i seg sjølve rett til studieplass. For å få tilbod om opptak må søkjaren ha likeverdige ferdigheiter og kunnskapar med søkjarar som får tilbod om opptak etter § 7-1 til § 7-12 og § 7-14. Søkjaren må sannsynleggjere at dei særskilde forholda har hatt innverknad på resultata frå vidaregåande opplæring. Utdanning og andre forhold utover vidaregåande opplæring skal ikkje leggast vekt på.
II
Forskrifta skal tre i kraft frå 1. juli 2017.