Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til friskolelova
I kraft fra: 2017-08-14
I
I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:
§ 1-17 skal lyde:
Eleven har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-12. Eleven har på tidspunktet for eksamen kortare enn 6 års butid i Noreg i opplæringspliktig alder.
Elevar som er innvilga utvida opplæringstid etter opplæringslova § 3-1 femte ledd, og som ville ha oppfylt vilkåret om kortare enn 6 års butid i Noreg på eksamenstidspunktet utan utvida opplæringstid, treng berre enkeltvedtak etter § 3-12 for å kunne følgje læreplanen.
Den vaksne har eit anna morsmål enn norsk og samisk. Den vaksne har enkeltvedtak om at den vidaregåande opplæringa inneheld særskild språkopplæring.
Privatisten har eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk og dansk. Privatisten har på eksamenstidspunktet kortare enn 6 års butid i Noreg når han eller ho første gong gjennomfører eksamen etter læreplanen. Privatisten har ikkje tidlegare fått sluttvurdering etter ordinær læreplan i norsk som er frå skoleåret 2020/2021 eller seinare.
Overskrifta til § 1-11 skal lyde:
§ 1-11 . Opplæring og eksamen i skriftleg sidemål
§ 1-11 nytt andre ledd skal lyde:
Vaksne som får opplæring etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg, jf. § 1-17, er fritekne frå kravet om opplæring i skriftleg sidemål. Privatistar omfatta av § 1-17 er fritekne frå kravet om eksamen i skriftleg sidemål.
Gjeldande andre ledd blir nytt tredje ledd, og gjeldande tredje ledd blir nytt fjerde ledd.
II
I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til friskolelova blir det gjort følgjande endring:
§ 2A-12 skal lyde:
Eleven har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter friskolelova § 3-5. Eleven har på tidspunktet for eksamen kortare enn 6 års butid i Noreg i opplæringspliktig alder. Skolen følgjer læreplanar i norsk i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, eller har godkjenning for å kunne tilby opplæring etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg.
Elevar som er innvilga utvida opplæringstid etter opplæringslova § 3-1 femte ledd jf. friskolelova § 3-3, og som ville ha oppfylt vilkåret om kortare enn 6 års butid i Noreg på eksamenstidspunktet utan utvida opplæringstid, treng berre enkeltvedtak etter § 3-5 for å kunne følgje denne læreplanen på ein skole som tilbyr opplæring etter han.
II
Endringane blir sette i kraft 14. august 2017.