Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova
I kraft fra: 2017-10-20
I
I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:
§ 3-54 tredje ledd skal lyde:
I lærefag som kjem inn under § 3-52, skal eksamen prøve i kva grad lærlingen har nådd kompetansemåla som er fastsette i programfaga for Vg1 og Vg2. Lærlingar i desse faga som allereie har bestått programfaga på Vg1 og Vg2 og tverrfagleg eksamen, treng ikkje ta eksamen.
§ 3-55 tredje og fjerde ledd skal lyde:
Eksamen skal prøve i kva grad den einskilte praksiskandidaten har nådd kompetansemåla som er fastsette i den læreplanen for opplæring i bedrift som praksiskandidaten tek sikte på å ta fag- eller sveineprøve i. Praksiskandidatar som har fullført og bestått all opplæring i skole og bedrift etter læreplanverket, treng ikkje ta eksamen.
I lærefag som kjem inn under § 3-52, skal eksamen prøve i kva grad praksiskandidaten har nådd kompetansemåla som er fastsette i programfaga for Vg1 og Vg2. Praksiskandidatar i desse faga som allereie har bestått programfaga på Vg1 og Vg2 og tverrfagleg eksamen, treng ikkje ta eksamen.
II
Endringane blir sette i kraft straks.