Forskrift om endring i forskrift 11. desember 2015 nr. 1446 om inndeling i jordskiftesokn og tilordning til lagmannsrettane
I kraft fra: 2018-01-01
I
Forskrift 11. desember 2015 nr. 1446 om inndeling i jordskiftesokn og tilordning til lagmannsrettane romartal I nr. 7, 8 og 24 skal lyde:
7. Nord-Trøndelag jordskifterett lokalisert til Steinkjer:
Følgjande kommunar skal sokne til Nord-Trøndelag jordskifterett: Namsos, Lierne, Røyrvik, Namsskogan, Grong, Høylandet, Overhalla, Fosnes, Flatanger, Vikna, Nærøy, Leka, Osen, Roan, Steinkjer, Verran, Namdalseid, Inderøy, Snåsa, Frosta, Levanger og Verdal.
8. Sør-Trøndelag jordskifterett lokalisert til Trondheim:
Følgjande kommunar skal sokne til Sør-Trøndelag jordskifterett: Ørland, Hitra, Frøya, Bjugn, Åfjord, Indre Fosen, Meråker, Stjørdal, Trondheim, Skaun, Melhus, Klæbu, Malvik, Selbu, Tydal, Hemne, Snillfjord, Agdenes, Oppdal, Rennebu, Meldal, Orkdal, Røros, Holtålen og Midtre Gauldal.
24. Vestfold jordskifterett lokalisert til Tønsberg:
Følgjande kommunar skal sokne til Vestfold jordskifterett: Larvik, Sandefjord, Færder, Tønsberg, Re, Horten, Holmestrand, Sande og Svelvik, dvs. alle kommunane i Vestfold.
II
Endringa gjeld frå 1. januar 2018.
III
Endringa i romartal I nr. 7 og 8 gjeld ikkje saker der behandlinga av saka har teke til i Nord-Trøndelag jordskifterett før ikrafttredinga av endringane. Behandlinga er teken til dersom jordskifteretten har teke stilling til om vilkåra for å behandle saka er til stades jf. jordskiftelova § 6-4.
Meddommarar som er oppnemnde frå tidlegare Leksvik kommune skal frå endringa i romartal I nr. 7 tek til å gjelde gjere teneste i Sør-Trøndelag jordskifterett.