Forskrift om endring i forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot
I kraft fra: 2018-01-01
I
I forskrift 15. januar 2003 nr. 123 om fastsetjing og endring av fostringstilskot blir desse endringane gjorde:
§ 4 Inntekt femte stykket skal lyde:
Når tilskotsmottakaren mottek kontantstøtte for tilskotsbarnet, utvida barnetrygd eller ekstra småbarnstillegg, skal dette leggjast til i inntekta til tilskotsmottakaren. Det same gjeld den fastsette fordelen av særfrådrag for einsleg forsytar. Skattefordelen skal setjast til gjennomsnittet av trinnskatten trinn 1 og trinn 2. Dersom nokre av ytingane i dette stykket er fordelte mellom foreldra som følgje av avtale om delt bustad o.a., skal ytingane leggjast til i kvar av foreldra si inntekt som tilskotsmottakarar slik dei er fordelte.
§ 6 Tilskotsevne andre stykket skal lyde:
Fastsette midlar til skatt tek omsyn til skatt på allmenn inntekt før frådrag for gjeldsrenter o.a. og trygdeavgift. Som allmenn inntekt reknast i denne samanhengen den inntekta som er fastsett etter denne forskrifta § 4. Frådraga er minstefrådrag og personfrådrag. Minstefrådraget skal reknast ut frå satsane for pensjonsinntekt. Skattebelastninga i tilskotsevnevurderinga skal setjast til 23 prosent og trygdeavgifta til 8,2 prosent. Trinnskatten skal leggjast til grunn.
§ 8 Delt bustad skal lyde:
Når foreldra er samde om at dei har avtalt delt bustad etter barnelova § 36 første stykke for barnet og dokumenterer dette skriftleg, skal det leggjast til grunn at foreldra har dei same utgiftene per dag til barnet den tida barnet bur fast hos kvar av dei og at barnet bur like mykje hos begge. § 1 til § 7 i denne forskrifta skal nyttast tilsvarande. Forskrifta § 10 skal ikkje nyttast.
§ 12 Endring og automatisk justering av tilskot andre stykket skal lyde:
Underhaldskostnaden og samværsfrådraget blir automatisk regulert når barnet går over til ei ny aldersgruppe. Dette gjeld likevel ikkje der tilskotet er fastsett etter § 10 eller § 11 i denne forskrifta, eller der ein av partane bur i utlandet. Justeringa blir gjort samstundes med at grunnlagstala i vedlegget til denne forskrifta blir endra.
Vedlegg. Grunnlagstal for utrekning av fostringstilskot skal lyde:
Grunnlagstala her blir endra kvart år.
Underhaldskostnaden etter § 3 (kroner per månad)
Underhaldskostnaden som skal fordelast mellom foreldra, utgjer kostnader minus barnetrygd. Barnetrygda kjem ikkje til frådrag for barn over 18 år.
Forbruksutgifter og buutgifter Alderen til barnet 0–5 år 6–10 år 11–14 år 15 år og meir Forbruksutgifter 3 539 4 934 5 889 6 744 Buutgifter 2 649 2 649 2 649 2 649
Utgifter til barnetilsyn når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad Heiltidsbarnehage 526 Deltid, park 210
Utgifter til skolefritidsordning når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad SFO inntil 20 timar per veke 542 SFO inntil 10 timar per veke 330
Frådrag
Barnetrygd
Tilskotsevne etter § 6 (kroner per månad)
Midlar til eige underhald og buutgifter Einslege Gifte/sambuande Midlar til eige underhald 8 521 7 215 Buutgifter 9 156 5 609
Midlar til underhald av eigne barn i eigen husstand Barnet har ein bustad Barnet har delt bustad 3 365 1 683
Skattebelastninga i tilskotsevnevurderinga skal setjast til 23 prosent og trygdeavgifta til 8,2 prosent. Trinnskatten skal leggjast til grunn. Minstefrådraget og personfrådraget skal reknast inn.
Samværsfrådrag etter § 9 (kroner per månad) Alderen til barnet 0–5 år 6–10 år 11–14 år 15 år og meir Ikkje samvær/samvær mindre enn samværsklasse 1 0 0 0 0 Samværsklasse 1 (2–3 netter eller 2 eller fleire dagar per månad) 212 306 385 443 Samværsklasse 2 (4–8 netter per månad) 701 1 012 1 275 1 468 Samværsklasse 3 (9–13 netter per månad) 1 998 2 432 2 798 3 067 Samværsklasse 4 (14–15 netter per månad) 2 509 3 053 3 512 3 851
II
Endringane gjeld frå 1. januar 2018.