Forskriftsendring
Barne- og likestillingsdepartementet
Forskrift om endring i forskrift om særtilskot
LTI/forskrift/2017-12-19-2242·Kunngjort 21. desember 2017·Journalnr. 2017-1439
I kraft fra: 2018-01-01
EndrerForskrift om særtilskot
HjemmelBarnelova – bl § 67
I
I forskrift 15. januar 2003 nr. 121 om særtilskot blir denne endringa gjort:
§ 1 skal lyde:
Foreldra kan påleggjast å yte særtilskot dersom det oppstår særlege utlegg. Det er eit vilkår at utgiftene er rimelege og nødvendige, og ikkje går inn under dei utgiftene som det ordinære fostringstilskotet skal dekkje.
Dersom foreldra ikkje blir samde om å halde ei markering av konfirmasjonen saman, kan begge foreldra påleggjast å yte særtilskot til den andre forelderen si markering.
II
Endringa gjeld frå 1. januar 2018