Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av dyr av hestefamilien og forskrift om dyrehelsemessige betingelser for import og eksport av sæd, egg og embryoer fra visse dyrearter

LTI/forskrift/2018-02-15-219·Kunngjort 16. februar 2018·Journalnr. 2018-0124

I kraft fra: 2018-02-15

Endrerforskrift/1998-12-31-1488forskrift/1998-12-31-1477

I

I forskrift 31. desember 1998 nr. 1488 om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av dyr av hestefamilien gjøres følgende endringer:

EØS-henvisningsfeltet skal lyde:

EØS-tilvisingar: EØS-avtalen vedlegg I (avgjerd 92/260/EØF sist endra ved avgjerd (EU) 2018/218), avgjerd 93/195/EØF (sist endra ved avgjerd (EU) 2018/218), avgjerd 93/197/EØF (sist endra ved avgjerd (EU) 2016/1899), avgjerd 2004/211/EF (sist endra ved avgjerd (EU) 2018/218), avgjerd 93/196/EØF (som endra ved avgjerd (EU) 2015/1009), direktiv 2004/68/EF (som endra ved avgjerd 2012/253/EU), avgjerd 2008/698/EF, direktiv 2009/156/EF, avgjerd 2010/57/EU, avgjerd 2010/613/EU, forordning (EU) nr. 519/2013 og avgjerd (EU) 2016/1775).

§ 11 tredje ledd skal lyde:

Tilbakeførsel av registrerte hestar som har delteke i ryttarstevner i LG Global Champions Tour i Shanghai, Kina, Miami, USA, og Mexico City, Mexico, er tillate når dyra oppfyller vilkåra fastsett i eit helsesertifikat etter modellen i vedlegg D.

§ 12 fjerde ledd skal lyde:

Dyra skal dei siste 40 dagane før sending ha vore under veterinær overvaking i besetning i avsendarlandet og/eller medlemsland i Fellesskapet og/eller eit av landa som framgår av vedlegg B eller den regionen i Kina som i vedlegg A har områdekode CN-1. Om dyra er ført frå eit av desse landa eller denne regionen, skal dei vere innførte under minst dei same dyrehelsekrava som om dei blei innførte direkte til Fellesskapet. Dersom det har vore utbrot av vesikulær stomatitt eller viral arteritt i vedkommande område mindre enn 6 månader før sending, må dyra ha testa negativt mindre enn 10 dagar før sending for vesikulær stomatitt og mindre enn 21 dagar før sending for viral arteritt. Dyra skal ha testa negativt mot smittsam anemi (Coggins test) mindre enn 3 månader før sending. Dyra skal ikkje vere vaksinerte mot Venezuelansk equine encephalomyelitt (VEE) dei siste 6 månadene. Dyra skal enten vere vaksinerte med inaktivert vaksine mot Western (WEE) og Eastern equine encephalomyelitt (EEE) eller Japansk B-encephalitt mindre enn 6 månader og minst 30 dagar før utførsel, eller ha testa negativt mot Western og Eastern equine encephalomyelitt to gonger med eit intervall på 21 dagar, den siste gongen mindre enn 10 dagar før sending, eller utan auke i antistoffnivå om dei er vaksinerte meir enn 6 månader før utførsel. Krav om test eller vaksine for WEE og EEE gjeld berre for Canada og USA. Krav om vaksine for Japansk B-encephalitt gjeld for HongKong, Japan, Macau, Malaysia og Singapore. Registrerte hestar frå Kina, India og Thailand skal i tillegg ha testa negativt mot vondarta beskjelarsjuke og snive (komplementbindingstest fortynning 1 til 10 for begge) innan 10 dagar før sending.

Vedlegg A skal lyde:

For å lese vedlegg A sjå her: (pdf)

Vedlegg D skal lyde:

For å lese vedlegg D sjå her: (pdf)

II

I forskrift 31. desember 1998 nr. 1477 om dyrehelsemessige betingelser for import og eksport av sæd, egg og embryoer fra visse dyrearter om gjøres følgende endringer:

I EØS-henvisningsfeltet skal henvisningen til EØS-avtalen vedlegg I kap. I innledende del nr. 7 lyde:

nr. 7 (vedtak 2004/211/EF sist endret ved beslutning (EU) 2018/218)

§ 27 andre, tredje og fjerde ledd oppheves.

Vedlegg F skal lyde:

For å lese vedlegget se her: (pdf)

Vedleggene M, N, O, P og R oppheves.

III

Forskriften trer i kraft straks.