Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen

LTI/forskrift/2018-02-15-241·Kunngjort 20. februar 2018·Journalnr. 2018-0138

I kraft fra: 2018-02-15

Hjemmellov/2005-04-01-15 § 3-7Forskrift om opptak til høgare utdanning § 1-1forskrift/2015-12-21-1771

§ 1 . Generelt

(1) Forskrifta gjeld for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning heiltid (PPU) og praktisk-pedagogisk utdanning deltid (PPU deltid). I tillegg til forskrifta, er det fastsett nærare retningslinjer for opptak til PPU, som er å finne på UiB sine nettsider.

(2) Opptak til PPU og PPU deltid krev studiekompetanse i samsvar med forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgre utdanning.

(3) For opptak til PPU og PPU deltid, er det krav om å legge fram politiattest, jf. kap. 6 i forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgre utdanning.

(4) Det blir berre tatt opp studentar med fag som UiB tilbyr fagdidaktikk i og som det er mogleg å skaffe praksisplassar til i skolen. For enkelte fag og fagkombinasjonar vil talet på studieplassar vere avgrensa.

(5) Det kan opprettast spesialkvote for kortare eller lengre tidsperiodar for å oppfylle utdanningspolitiske mål fastsett av UiBs sentrale organ.

(6) UiB fastset for kvart studieår kor mange studentar som skal takast opp til programma, og kor mange som skal takast opp innanfor dei ulike fagområda.

(7) Søknaden om opptak gjeld for heile studiet. Unntaket er søkarar som tidlegare har fullført det første semesteret på PPU eller eitt eller fleire semester på PPU deltid. Desse kan søke seg inn igjen direkte på det påfølgande semesteret, under føresetnad av at studieplanen for PPU eller PPU deltid framleis er kompatibel.

(8) Søknad skjer gjennom Søknadsweb innan den fristen som UiB har fastsett.

(9) Søkar må stadfeste at han/ho tar imot tildelt studieplass innan fristen og møte opp til orienteringsmøtet, for å behalde studieplassen.

§ 2 . Språkkrav

For opptak til PPU og PPU deltid, gjeld språkkrav i norsk i samsvar med § 2-2 i forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgre utdanning.

§ 3 . Opptakskrav

(1) Søkar må ha fullført minst 180 studiepoeng frå universitet eller høgskole. Frå og med opptaket til studieåret 2019/2020 vil dette kravet bli erstatta av krav om mastergrad, jf. § 6 og § 7 i forskrift 21. desember 2015 nr. 1771 om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning.

(2) Søkar må ha minimum 60 studiepoeng i eitt fag (eittfagsmodellen) eller to fag (tofagsmodellen) som gir grunnlag for tilsetjing på trinn 5–13 i den norske skole og som UiB tilbyr fagdidaktikk i. For skolefaget naturfag er minimumskravet 90 studiepoeng.

(3) Søkar må tilfredsstille fagkrava som blir stilte i det enkelte faget som utgjer opptaksgrunnlaget. Fagkrava blir fastsette av styringsgruppa for lektorutdanninga.

(4) Søkar må ha eit karaktersnitt på minst C i undervisningsfaget/(a) som utgjer opptaksgrunnlaget. Det er ordinære avrundingsreglar som blir brukt ved utrekning av snittet.

(5) Søkar må takke ja til begge faga, dersom han/ho får tilbod på tofagsmodellen av PPU. Søkarar med to fag skal fortrinnsvis følgje tofagsmodellen, men får tilbod om plass på eittfagsmodellen, dersom kapasitet på eit fag eller uvanleg fagkombinasjon hindrar opptak til tofagsmodellen. Moglege fagkombinasjonar på tofagsmodellen blir fastsette og gjort kjente innan 1. mars kvart år.

§ 4 . Rangering i prioritert rekkefølge

Søkarar som er kvalifiserte i to fag som UiB tilbyr fagdidaktikk i, går framfor søkarar med eitt fag. Fullført grad frå universitet eller høgskole, der høgare grad går framfor lågare grad. Dette gjeld fram til opptaket i 2019. Karaktersnitt på opptaksgrunnlaget.

Søkar kan få tildelt tilleggspoeng i tråd med retningslinjer for opptak til PPU.

§ 5 . Klage

Jf. § 28 i forvaltningsloven, kan vedtaket klagast på innan tre veker etter at brev frå UiB er mottatt. Ei ev. klage skal stilast til opptaksinstansen. Dersom klagar ikkje får medhald, blir klaga sendt vidare til den sentrale klagenemnda for endeleg avgjersle.

§ 6 . Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 15. februar 2018. Frå same dato blir reglement om opptak for ettårig praktiskpedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen oppheva.