Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova

LTI/forskrift/2018-02-20-261·Kunngjort 22. februar 2018·Journalnr. 2018-0146

I kraft fra: 2018-03-01

Endrerforskrift/2006-06-23-724
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 10-1

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova skal følgende endringer gjøres:

§ 14-6 skal lyde:

Personar med utdanning og praksis frå andre land må ha Utdanningsdirektoratet si godkjenning av yrkeskvalifikasjonane før dei kan bli tilsette som lærarar i grunnopplæringa. Dei som har rettar etter yrkeskvalifikasjonslova, blir godkjende etter yrkeskvalifikasjonslova og denne paragrafen. Andre kan godkjennast etter denne paragrafen og § 14-7 i denne forskrifta.

Søknad på eige formular skal sendast til Utdanningsdirektoratet. Med søknaden til Utdanningsdirektoratet skal det følgje bevis for at søkjaren ikkje er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep frå tida før søkjaren kom til Noreg. Beviset skal utferdast av kompetent styresmakt i vedkommande land. Beviset må ikkje vere eldre enn tre månader. Dersom vedkommande land ikkje utferdar slike bevis, eller andre forhold gjer det umogleg å skaffe bevis frå styresmaktene i landet, skal det leggjast fram ei eigenerklæring på ære og samvit gjeven til den aktuelle styresmakta i vedkommande land.

I tillegg til godkjenning frå Utdanningsdirektoratet skal arbeidsgivaren før tilsetjinga stille krav om kunnskapar, dugleik og innsikt i norsk språk, i norske samfunnsforhold og i skoleforhold som er nødvendige for stillinga . Arbeidsgivaren skal også før tilsetjinga stille krav om at vedkommande legg fram attest frå politiet i samsvar med reglane i opplæringslova § 10-9 med tilhøyrande forskrifter.

§ 14-7 skal lyde:

Godkjenninga skal ta utgangspunkt i om kvalifikasjonane for å utøve læraryrket kan seiast å vere likeverdige med krava i § 14-1 til § 14-5. Statsborgarar frå EØS og Sveits har rett til godkjenning, dersom dei har kvalifikasjonar som er likeverdige med krava i § 14-1 til § 14-5.

tilfredsstillande kopi av dokumentasjon for kvalifikasjonar bevis for nasjonalitet.

Innan ein månad etter at søknad er motteken, skal Utdanningsdirektoratet stadfeste at søknaden er motteken, eller be søkjaren om manglande dokumentasjon. Avgjerd i ei sak skal gjerast seinast innan fire månader etter at all nødvendig dokumentasjon er lagd fram. Vedtak eller mangel på vedtak frå Utdanningsdirektoratet kan klagast på etter reglane i forvaltningslova.

§ 14-8 blir opphevet.

II

Endringene skal tre i kraft 1. mars 2018.