Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Forskrift om tilskot frå Merkur-programmet (Merkur-forskrifta)

LTI/forskrift/2018-05-23-748·Kunngjort 24. mai 2018·Journalnr. 2018-0425

I kraft fra: 2018-06-01

Kapittel 1 – Felles reglar for tilskotsordningane

§ 1 . Føremål

Føremålet er å sikre innbyggjarar i distrikta tilgang til ein daglegvarebutikk i nærleiken, med god kvalitet og med tilleggstenester som aukar omsetninga, sikrar vidare drift og kjem innbyggjarane og lokalsamfunnet til gode.

§ 2 . Kva forskrifta gjeld

Investeringstilskot til daglegvarebutikkar (kapittel 2) Utviklingstilskot til daglegvarebutikkar (kapittel 3) Servicetilskot (kapittel 4) Investeringstilskot til drivstoffanlegg ved daglegvarebutikkar (kapittel 5) Utviklingstilskot til bokhandlar (kapittel 6).

Det er ikkje mogleg å søkje utviklingstilskot og servicetilskot same år. Ein søkjar kan berre få tilskot til tiltak som ikkje er starta før søknaden er ferdig handsama.

§ 3 . Kven ordningane gjeld for

Merkur-butikkar er ein daglegvarebutikk som deltek i Merkur sitt kompetanseprogram, sjå merkur-programmet.no. Butikkar som forpliktar seg til å delta i Merkur-programmet kan også søkje. Tilskotsordningane gjeld Merkur-butikkar i område med få innbyggjarar, som har eit varetilbod som dekkjer det alminnelege ernæringsbehovet og andre grunnleggjande behov for daglegvarer i eit hushald, og er opne heile året. For kapittel 4 om servicetilskot gjeld eigne opningstider, jf. § 22 bokstav e. Ytterligare krav står under kapitla for dei ulike ordninga.

Merkur-styret kan etter ei særskild vurdering godkjenne butikkar som ikkje oppfyller tildelingsreglane for den enkelte ordninga.

Tilskot kan også bli gitt til bokhandlar i distrikta, sjå kapittel 6, for nærare informasjon om kva krav som gjeld.

§ 4 . Krav til søknad om tilskot

Organisasjonsnummer og namn på ansvarleg prosjekteigar. Talet på husstandar kring butikken, avstand til næraste innkjøpsalternativ, omsetnad og opningstider (sjå tildelingsreglar under kvar ordning). Målgruppe for tiltaket, og ein omtale av tiltaket. Forventa verknad av tiltaket. Ein framdriftsplan for gjennomføringa av aktivitetane i tiltaket. Eit budsjett. Ein finansieringsplan. Ei stadfesting av at søkjaren på søknadstidspunktet ikkje har fått anna bagatellmessig støtte i søknadsåret og dei to føregåande åra, jf. regelverket for offentleg støtte. Øvre beløpsgrense for bagatellmessig støtte er 200 000 euro over eit tidsrom på tre år.

For utviklingsstøtte og støtte til bokhandlarar er det mindre avvik frå desse krava.

§ 5 . Sakshandsaminga

Søkjaren må sende inn søknad gjennom den elektroniske forvaltningsportalen til departementet, regionalforvaltning.no.

Sekretariatet for Merkur-programmet tildeler tilskot.

Søknadar om investeringstilskot, utviklingstilskot og servicetilskot til daglegvarebutikkar og investeringstilskot til drivstoffanlegg blir handsama etter kvart som dei blir sende inn.

Ved akutt behov for nytt utstyr, til dømes i samband med havari, skal søkjaren kontakte Merkur-sekretariatet.

Utviklingstilskot til bokhandlar blir handsama éin gong i året, etter ein frist som blir kunngjord kvart år.

Merkur-styret er klageinstans for klage på vedtaka frå sekretariatet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet er klageinstans for vedtaka frå styret.

§ 6 . Rapporteringsplikt for tilskotsmottakaren

Ein tilskotsmottakar skal rapportere om kva pengane er brukte til, eller kva som er resultata av tiltaket, i regionalforvaltning.no. Tilskotsmottakar skal sette opp rekneskapen slik at det kan samanliknast med budsjettet i søknaden. For utviklingsstøtte finnst eigne rapporteringsregler, jf. § 19.

Tilskotsmottakar skal melde frå dersom det oppstår forhold som fører til endringar i høve til føresetnadane som går fram av søknaden eller tilsegnsvedtaket. Rapporteringsplikta er nærare forklart i dei enkelte ordningane.

Tilskotsmottakaren skal be om godkjenning på førehand frå Merkur-sekretariatet, dersom det er ønskeleg å gjere endringar i prosjektet det er søkt om støtte til. Merkur-sekretariatet skal då vurdere om tilskotet skal reduserast, trekkast tilbake, eller om endringane samsvarar med forskrift og tilskotsbrev.

§ 7 . Tilsyn med tilskota. Høve til å kontrollere at vilkåra for tilskotet er oppfylte

Sekretariatet for Merkur-programmet og Merkur-konsulentane fører tilsyn og kontroll med at krava i forskrift og tilskotsbrev er oppfylte.

Tilskotsmottakar plikter å gi dei opplysningar og den dokumentasjon som er naudsynt for å gjennomføre kontrollen.

§ 8 . Redusert utbetaling

Krev prosjektet mindre kapital enn budsjettet tilskotet byggjer på, kan Merkur-sekretariatet redusere utbetalinga tilsvarande.

§ 9 . Stans av utbetalinga. Tilbakebetaling av tilskot

mottakaren har gitt urette, misvisande eller mangelfulle opplysningar og tildelinga byggjer på slike opplysningar

b) mottakaren utan samtykkje frå Merkur-sekretariatet har endra prosjektet slik at det ikkje oppfyller krava i forskrifta og vedtaket om tilskot

mottakaren søkjer gjeldsforhandlingar, går konkurs eller avviklar verksemda mottakaren ikkje rapporterer før sluttdatoen eller rapporteringsfristen i tildelingsvedtaket går ut.

Kapittel 2 – Investeringsstøtte til daglegvarebutikkar

§ 10 . Føremål

Investeringsstøtta skal bidra til at daglegvarebutikkar blir moderniserte, meir lønnsame og gir innbyggjarane i lokalsamfunnet betre tenester.

§ 11 . Tildelingsreglar

har ein nærmarknad på under 200 hushald har ein avstand på minst 10 kilometer til næraste alternative innkjøpsstad, eller ligg på stader utan fast vegsamband, eller er einaste daglegvarebutikk på ei øy er open heile året har inntil 10 millionar kroner i årsomsetning eksklusiv meirverdiavgift, drivstoff, kraftfôr og gjødsel.

Søknaden må vere på minimum 25 000 kroner for å bli handsama.

Maksimalt støttebeløp er inntil 400 000 kroner eksklusiv meirverdiavgift kvart år.

Merkur-sekretariatet vil prioritere dei søknadar som best støtter opp om måla for ordninga.

§ 12 . Utrekningsreglar

Ein butikk som har inntil 7 millionar kroner i omsetning kan få tilskot med inntil 75 prosent av dei totale kostnadene i prosjektet.

Ein butikk som har mellom 7 og 10 millionar kroner i omsetning kan få tilskot med inntil 50 prosent av dei totale kostnadene i prosjektet.

Inntil 50 prosent av dei totale kostnadene i prosjektet kan støttast.

§ 13 . Rapporteringsplikt

tilskotet som blei tildelt fakturainformasjon med fakturanummer fakturadato leverandør type investering brutto kostnad netto kostnad eventuelle avvik i høve til søknaden.

§ 14 . Utbetaling

Tilskotet blir utbetalt når prosjektet er ferdig, rapportering gjennomført og oppmoding om utbetaling er sendt inn.

For tilsegn under 50 000 kroner held det med prosjektrekneskap i samsvar med budsjett signert av styreleiar eller dagleg leiar.

For tilsegn frå 50 000 til 200 000 kroner må prosjektrekneskapet bli stadfesta av rekneskapsførar. For tilsegn over 200 000 kroner må prosjektrekneskapet bli stadfesta av ein godkjent rekneskapsførar eller med ein revisorattestasjon.

Er tilskotet avgjerande for at prosjektet blir gjennomført og kostnadene blir dokumenterte undervegs, kan delar av tilskotet bli betalt ut tidlegare. Som dokumenterte kostnader reknar ein faktura, betalingskvittering og naudsynt attestasjon.

Dei siste 25 prosentane av tilskotsbeløpet skal først betalast ut etter at prosjektet er gjennomført.

Investeringstilskotet er skattefritt for butikkar som ligg innanfor verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte.

Kapittel 3 – Utviklingsstøtte til daglegvarebutikkar

§ 15 . Føremål

Utviklingsstøtte skal vere med på å byggje opp større kompetanse i daglegvarebutikken, mobilisere bygdefolket til lokal handel, og leggje til rette for tilleggsaktivitetar i butikken som passar best for lokalsamfunnet.

§ 16 . Tildelingsreglar

har ein nærmarknad på under 200 hushald har mellom 3 og 7 millionar kroner i årsomsetning eksklusiv meirverdiavgift, drivstoff og kraftfôr/gjødsel må butikken ha minimum 20 kilometer i avstand til næraste alternative innkjøpsstad eller være lokalisert til ein stad utan fast vegsamband eller være einaste daglegvarebutikk på ei øy.

§ 17 . Bruken av utviklingsstøtta

Utviklingsstøtte skal gå til tidsavgrensa utviklingstiltak, mobiliseringstiltak, kompetansetiltak, lokalsamfunnstiltak, vurdering av og tilrettelegging for tilleggsfunksjonar, og andre utviklingstiltak som ikkje har karakter av investeringar.

§ 18 . Utrekningsreglar

Søknaden må vere på minimum 25 000 kroner for å bli handsama, og maksimalt støttebeløp er avgrensa til 50 000 kroner eksklusiv meirverdiavgift kvart år. Utviklingsstøtta kan dekkje 100 prosent av kostnadane.

§ 19 . Rapporteringsplikt

tiltak eller aktivitetar dato for tiltak eller aktivitetar gjennomføring, deltakarar og resultat kor mange timar det er brukt på tiltaket eller aktivitetane kostnadene ved tiltaket eller aktivitetane.

§ 20 . Utbetaling

Tilskotet blir vanlegvis betalt ut etter at prosjektet eller tiltaket er ferdig, rapporteringsplikta overhaldt og Merkur-konsulenten har stadfesta informasjonen.

Utviklingsstøtta er skattepliktig.

Kapittel 4 – Servicetilskot til dei minste daglegvarebutikkane

§ 21 . Føremål

Servicestøtta skal bidra til å oppretthalde dei aller minste daglegvarebutikkane. Servicetilskotet skal bidra til tilleggsoppgåver til lokalsamfunnet og det lokale næringslivet.

§ 22 . Tildelingsreglar

har ein nærmarknad på under 200 hushald har minst tre tilleggstenester i tillegg til sal av daglegvarer, til dømes post og bank i butikk, tipping, kaffikrok, turistanlegg, kommunalt servicekontor, sal av drivstoff, kafé/pub har under 3 millionar kroner i årsomsetning eksklusiv meirverdiavgift, drivstoff, kraftfôr og gjødsel har minimum 20 kilometer til næraste alternative innkjøpsstad, eller er lokalisert til stader utan fast vegsamband eller er einaste daglegvarebutikk på ei øy vere open heile året, og ha ope minst 3 kvardagar per veke i lågsesongen.

§ 23 . Bruken av servicestøtta

Servicestøtta kan brukast til utviklings- og driftskostnader, og mindre investeringar som bidreg til å nå målet med ordninga.

§ 24 . Utrekningsreglar

Servicestøtta er på inntil 100 000 kroner kvart år.

§ 25 . Rapporteringsplikt og søknad om fornya støtte

Butikken skal før 1. mai året etter tilskotsåret levere ein sluttrapport om kva støtta er brukt til, og korleis servicestøtta har bidrege til å halde butikken og servicefunksjonane oppe. Rapporten skal og innehalde omsetningsrapport (varegruppe og nøkkeltal) frå butikkdatasystemet per 31. desember i tilskotsåret, og ei oversikt over tilleggstenester.

Er vilkåra for tilskot til butikken framleis oppfylte, kan butikken søkje om nytt, årleg tilskot når sluttrapport blir levert.

§ 26 . Utbetaling

75 prosent av støtta blir betalt ut når mottakaren har akseptert vilkåra i tilskotsbrevet, dei resterande 25 prosentane blir betalte ut når rapporten for bruken av midlane er sendt inn og godkjend.

Ei tildeling må vere betalt ut seinast 31. desember året etter at tilskotet blei gitt.

Servicetilskotet er skattepliktig.

Kapittel 5 – Investeringstilskot til drivstoffanlegg i tilknyting til daglegvarebutikkar

§ 27 . Føremål

Investeringsstøtta til drivstoffanlegg skal tryggje drivstofftilgangen i distrikta.

§ 28 . Kven som kan få tilskot

Ordninga gjeld i hovudsak drivstoffanlegg ved Merkur-butikkar. Andre verksemder som driv eller eig drivstoffanlegg, kan i heilt særskilde høve òg bli omfatta av ordninga.

Anlegg som er eigde av oljeselskap, er ikkje omfatta av støtteordninga.

Anlegg som i hovudsak forsyner eigne køyretøy, fartøy og landbruksmaskiner, er heller ikkje omfatta av ordninga.

§ 29 . Reglar for tildeling og utrekning

Anlegget skal vere avgjerande for å sikre lokalbefolkninga tilgang på drivstoff. Salsvolumet kan ikkje overstige 500 000 liter drivstoff kvart år. Anlegg som omset under 300 000 liter blir prioriterte.

ha ein avstand på minimum 20 kilometer til næraste drivstoffanlegg eller vere lokalisert til stader utan fast vegsamband eller vere einaste drivstoffanlegg på ei øy.

Maksimalt støttebeløp er 500 000 kroner eksklusiv meirverdiavgift kvart år. Investeringsstøtta til drivstoffanlegg kan dekkje inntil 50 prosent av investeringsbehovet.

Investeringsstøtta til drivstoffanlegg skal gå til opprusting av eksisterande anlegg. Ordninga kan òg yte støtte til etablering av nye drivstoffanlegg i tilknyting til daglegvarebutikkar. Anlegg som ligg på stadar der avstandane til næraste drivstofftilbod er lange, skal prioriterast. Ein kan søkje om støtte til investeringar i både stasjonære og mobile drivstoffanlegg.

§ 30 . Rapportering

For tilsegn under 50 000 kroner held det med ein eigenerklæring frå dagleg leiar eller styreleiar. For tilsegn frå 50 00 til 200 000 kroner må prosjektrekneskapet bli stadfesta av rekneskapsførar. For tilsegn over 200 000 kroner må prosjektrekneskapet bli stadfesta av ein autorisert revisor.

§ 31 . Utbetaling

Støtta blir vanlegvis betalt ut etter at prosjektet er ferdig.

Er utbetaling av tilskotet avgjerande for at prosjektet blir gjennomført, og kostnadene blir dokumenterte undervegs, kan delar av tilskotet bli betalt ut tidlegare. Krav til dokumentasjon er faktura, betalingskvittering og naudsynt attestasjon.

Ved delutbetalingar blir dei siste 25 prosentane først betalte ut etter at prosjektet er gjennomført.

Investeringstilskotet er skattefritt for butikkar som ligg innanfor verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte.

Kapittel 6 – Utviklingstilskot til bokhandlar

§ 32 . Mål

Utviklingstilskotet skal bidra til å styrkje grunnlaget for lønnsam bokhandeldrift i distrikta.

§ 33 . Tildelingsreglar

er lokaliserte i ein tettstad i distrikta er den einaste bokhandelen i tettstaden eller handelsområdet har ei total omsetning på mindre enn 7 millionar kroner eksklusiv meirverdiavgift.

Merkur-sekretariatet vil prioritere dei søknadane som best støttar opp om måla for ordninga.

§ 34 . Bruken av utviklingsstøtta

Utviklingstilskotet skal nyttast til tidsavgrensa tiltak som skal utvikle bokhandelen som kulturarena og møteplass i lokalsamfunnet. Utviklingsstøtta skal brukast til tiltak for å styrkje og utvikle drifta av butikken, mellom anna til tilrettelegging for tilleggsfunksjonar.

Dette kan omfatte mindre nye investeringar, marknadsføring av ulike samarbeidsprosjekt og gjennomføring av arrangement i bokhandelen.

Generelle kostnader til marknadsføring som er ein del av den ordinære drifta, kjem ikkje inn under denne ordninga.

§ 35 . Utrekningsreglar

Kvar butikk kan søkje om inntil 50 000 kroner kvart år.

§ 36 . Rapportering

Mottakar skal sende inn prosjektrekneskap i samsvar med budsjett, signert av styreleiar eller dagleg leiar, som viser kva tilskotet er brukt til. Rekneskapen skal settast opp slik at budsjetterte utgifter kan samanliknast med utgiftene i prosjektet.

§ 37 . Utbetaling

Støtta blir betalt ut etter at prosjektet er ferdig, og etter at kostnadene til dei innvilga utviklingstiltaka eller aktivitetane er dokumenterte og stadfesta av Merkur-konsulenten.

Utviklingsstøtta er skattepliktig.

Kapittel 7 – Avsluttande reglar

§ 38 . Kontroll og evaluering

Riksrevisjonen, departementet og forvaltar kan kontrollere at vilkåra for å motteke tilskot, er oppfylt av tilskotsmottakaren. Tilskotsmottakar plikter å gi dei opplysningane og den dokumentasjonen som er naudsynt for å gjennomføre kontrollen.

Tilskotsmottakar plikter også å medverke til at den som skal evaluere det enkelte prosjektet får tilgang til dei opplysninga og dokumenta som er naudsynte for å gjere ein forsvarlig evaluering.

§ 39 . Dispensasjon

Departementet kan i særlege høve dispensere frå denne forskrifta.

§ 40 . Overgangsregler

For tilskot gitt før 1. juni 2018 gjeld dei vilkåra som er fastsett i tilsegnsbrevet.

§ 41 . Ikraftsetjing

Forskrifta blir sett i kraft 1. juni 2018.